Pakkeforløp i psykisk helsevern
Medikamentfri behandling (samvalg)
Om Klinikk for psykisk helsevern og rus
Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester innan barne-og ungdomspsykiatri, voksenpsykiatri og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Som hovudregel får våre pasientar behandling ved eit lokalt distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved ein lokal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod.
Telefonnummer til forløpskoordinator pakkeforløp finn du på sida til den enkelte seksjon.
Våre avdelinger
Avdeling for spesialisert behandling, Valen
Avdeling for spesialisert behandling, Haugesund
Folgefonn distriktpsykiatrisk senter (DPS)
Haugaland distriktpsykiatrisk senter (DPS), Haugesund
Haugaland distriktpsykiatrisk senter (DPS), Kopervik
Stord distriktpsykiatrisk senter (DPS)
Barne- og ungdomspsykiatri, Haugesund (BUP)
Barne- og ungdomspsykiatri, Stord (BUP)
Andre tilbod
Lærings- og mestringssenteret (LMS)
Kart over Helse Fonna-området
Helse Fonna dekker 19 kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland.
Pasientrettar
Sjå kva rettar du har som pasient i Helse Fonna
Pårørande
Sjukdom rammer ofte heile familien. Felles for alle psykiske lidingar er at dei påvirkar tankar, følelser, atferd, veremåte og omgang med andre. Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men kan også ha behov for støtte og hjelp til å meistre sin eigen livssituasjon.
Klinikk for psykisk helsevern og rus skal leggja til rette for at dei pårørande skal kjenna seg ivaretekne. Det kan vera aktuelt med samtalar mellom behandlingspersonalet og dei pårørande der pasienten er i behandling.
I Klinikk for psykisk helsevern og rus oppmodar vi difor pasientar til å halde kontakt med familie og anna nettverk, da pårørande kan vere ein viktig ressurs i behandlinga. Pasientar over 16 år må sjølv samtykke til dette, at pårørande blir involvert, i kva grad og kva informasjon dei skal få.
Sjølv om helsepersonell har teieplikt, er det mange tilfelle der pårørande også har rett på informasjon. Alle pårørande har rett til generell rettleiing, og det er ikkje brot på teieplikta å lytte.
I tillegg har pårørande rett til informasjon når
- Opplysningane allereie er kjent
- Pasienten eller brukaren samtykker til det
- Forholda tilseier informasjonsdeling, for eksempel i ein nødsituasjon eller om pasienten er ute av stand til å gi samtykke
- Pasienten ikkje er i stand til å ivareta sine interessar
Foreldre har også rett til informasjon om sine barn inntil dei fyller 16 år, og inntil dei fyller 18 år om opplysningane er nødvendige for å ivareta foreldreansvaret.
Det er næraste pårørande som har rett til informasjon. Pasienten eller brukaren har rett til å peike ut sin næraste pårørande. Om han / ho ikkje er i stand til å peike ut næraste pårørande, skal det vere den som i størst utstrekking har varig og løpande kontakt med pasienten.
Barn og søsken som pårørande
Mange foreldre/ føresette som har ei psykisk liding eller eit rusproblem er bekymra for borna sine. Dei kan synast det er vanskeleg å gje gode forklaringar om livssituasjonen. Mange born går med tankar og bekymringar for foreldra sine. Likevel let dei vere å stille spørsmål, og kan kjenne seg einsame. Klinikk for psykisk helsevern og rus ynskjer at barna skal oppleva att dei vert sett og tekne vare på, og at pasientar med born skal oppleva at dei får hjelp til betre meistring av foreldrerolla.
Alle vaksne pasientar skal difor gjennomgå barnekartlegging og det gis tilbod om familiesamtale – om og med born. Alle seksjonar i Klinikk for psykisk helsevern og rus har utpekte barneansvarlege ved sine avdelingar.
Mindreårige søsken til barn og unge som er i behandling, har også rett på informasjon om pasienten si helsehjelp viss det blir vurdert behov for det.
Helsepersonell skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn
kan ha som følgje av at søsken er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.
Når det er nødvendig for å ivareta behov til pasientens mindreårig søsken, skal helsepersonell blant anna tilby informasjon og rettleiing. Dette skal gjerast i samråd med pasient og foreldre eller andre som har omsorga for søsken.
Dei same reglane for teieplikt og innhenting av samtykke (informasjon avtalt med pasient og foreldre) gjeld og her, at det kan gis informasjon om pasienten sin sykdomstilstand, behandling og behov. Informasjonen skal gis i ein form som er tilpassa mindreårig søsken sin alder og modning.
Meir informasjon finn du på:
Helsenorge.no
Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse
Mental helse
Mental helse ungdom
Barns beste
Snakketøyet
Les meir om barn som pårørande
Brukarråd og brukarmedverknad
Klinikk for psykisk helsevern og rus har eit brukarråd på overordna nivå, i tillegg har dei fleste seksjonar eigne brukarråd. Brukarrådet er eit rådgivande organ for leiinga i saker som angår tilbodet til pasientane, slik at pasientars og pårørande sine rettigheter og plikter i saker som angår tilbodet til pasientane, blir ivaretatt. Brukarrådet skal ikkje behandle enkeltsaker.
Vi ønskjer å skape eit godt samarbeid mellom brukarar og tenesteapparat basert på likeverd mellom fagkompetanse og brukarerfaring.
Klinikken sitt brukarråd:
- Skal være eit rådgivende organ for Klinikk for psykisk helsevern og rus si leiing
Skal sikra kontakten mellom klinikken sitt brukarråd og seksjonane sine brukarråd
Skal medvirke i arbeidet med klinikken sin strategi -og handlingsplan, utviklingstiltak, større omstillingar og budsjettprosess
- Skal påse at erfaringar, behovsvurderingar, prioriteringar og synspunkt, som vert innhenta frå pasientar og pårørande og deira organisasjonar, vert gitt ein sentral plass i planlegginga og i drifta av verksemda
Mandat for brukarrådet
Brukartilsettingar (handbok)
Kva slags rolle skal ein erfaringskonsulent ha? Korleis lys vi ut stillinga? Brukartilsetting er relativt nytt innan rus og psykisk helsevern. Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innan psykisk helse har utarbeida ei handbok for organisasjonar som ønskjer å tilsette personar med eigenerfaring innan feltet psykisk helse og rus. (Erfaringskompetanse.no)
Handbok for erfaringskonsulentar (PDF)
Lærings- og meistringssenteret (LMS)
LMS sine læringstilbod skal planleggast, gjennomførast og evaluerast i likeverdig samarbeid mellom erfarne brukarar og fagpersonar. Helsepersonell har fagkompetanse, medan erfarne brukarar – pasientar og pårørande, har viktige kunnskapar om korleis det er å meistre sjukdommen i kvardagen.
Ved LMS-kurs blir det lagt til rette for at erfaringskunnskapen frå dei som har møtt psykiske vanskar og sjukdom sjølve eller som pårørande, er med og påverkar utforminga av læringstilboda.
Finn kurs og meir informasjon
Barn og unges si helseteneste - samhandlingsløp på tvers av kommunar og spesialisthelseteneste
Med samhandlingsforløpa skal barn og unge med psykiske helseplager få bedre og mer sammenhengende helsetenester på tvers av kommune og spesialisthelsetjeneste.
Samhandlingsforløpa beskriv korleis ulike tenester i både kommune og spesialisthelseteneste arbeider med tilstandsbildet.
Dei inneheld konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid med andre tenester
Gå til Barn og unges helseteneste
Forsking innnan psykisk helse
Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene til sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.
Aktive forskingsmiljø bidreg til å styrkje kvaliteten på behandlingstilbodet. Forsking er difor tett integrert med den kliniske delen av verksemda og eit viktig satsingsområde for Helse Fonna HF.
Klinikk for psykisk helsevern og rus har fleire medarbeidare med doktorgrad (PhD). Du kan lese meir under om kva dei har forska på og korleis Klinikk for psykisk helsevern og rus tar kunnskapen i bruk ved pasientbehandling.
Demens
Ved overlege Arvid Rongve, psykologspesialist Monica Breitve og overlege Luiza Chwiszczuk, alle Seksjon for spesialisert behandling Haugesund sjukehus
https://helse-fonna.no/nyheiter/disputerer-om-demens-hvilke-faktorer-gir-raskere-forverring
https://helse-fonna.no/nyheiter/hapar-ny-studie-vil-fore-oss-nerare-ein-kur-mot-demens
https://helse-fonna.no/nyheiter/doktorgrad-rem-sovn-adferdsforstyrrelse-gir-ikke-raskere-kognitiv-svikt
Det rolege rommet og lysterapi
Ved overlege Tone Henriksen, Seksjon for spesialisert behandling Valen sjukehus
https://helse-fonna.no/nyheiter/lysro-pa-valen-eit-rom-det-sannsynlegvis-ikkje-finst-make-til
Blålys Blokkerende briller ved mani
Ved overlege Tone Henriksen, Seksjon for spesialisert behandling Valen sjukehus
https://helse-fonna.no/avdelinger/forsking-og-innovasjon/oransje-briller-gir-betring-til-maniske-pasientarhttps://www.nrk.no/viten/oransje-briller-kan-vaere-losningen-for-bipolare-1.12809872
ADHD og neurofeedback
Ved overlege Nezla Sehovic Duric, BUP Haugesund
https://tidsskriftet.no/2015/02/legelivet/selvregulering-av-hjernefunksjonen-ved-adhd-hos-barn-og-ungdom
https://www.dagensmedisin.no/artikler/2014/09/01/hjernetrening-kan-vare-like-bra-som-adhd-medisin/
Psykiske lidingar hos vaksne med psykisk utviklingshemming
Ved psykologspesialist Oddbjørn Hove, Seksjon for spesialisert behandling Haugesund sjukehus
https://tidsskriftet.no/profil/oddbjorn-hove
https://helse-fonna.no/nyheiter/nytt-forskingsregister-kan-bety-betre-behandling-til-psykisk-utviklingshemma
https://naku.no/kunnskapsbanken/psykisk-utviklingshemming-og-mobbing
Nedsatt evnenivå i rusbehandling
Ved psykologspesialist Kirsten Braatveit, Klinikk for psykisk helsevern og rus
https://helse-fonna.no/nyheiter/kirsten-si-forsking-kan-endre-behandlinga-av-rusmiddelavhengige
Les meir om forsking
Forsking og innovasjon i Helse FonnaPsykNettVestB4DT, Klinikk for 4 dagers behandling
Forklaring ord og uttrykk
Du vil finne mange ord og uttrykk innan spesialisthelsetenesta som kan vere vanskeleg å forstå. Vi vil her forklare nokre av dei som du kanskje lurer på kva betyr.
Aktivitør:
Fagarbeidar som motiverer og legg til rette for at personar skal vere aktive, aleine eller saman med andre.
Les meir her:
Aktivitør | utdanning.no
Angst:
Irrasjonell, uforklarleg eller fornuftsstridig frykt.
Les meir her:
Angst | helsenorge.no
Avhengighet:
Samlebegrep for ulik avhengighetsproblematikk – til dømes rusmidler, pengespill og gaming.
Bipolar liding:
Humøret svingar meir enn det som er vanleg. Bipolar betyr "to polar" og desse polane står for mani og depresjon.
Les meir her:
Bipolar lidelse | helsenorge.no
BUP:
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Tilbyr psykiatrisk behandling i eit geografisk definert område. BUP har og døgnbehandling. Samarbeid med den kommunale helsetenesta står sentralt. Via fastlegen kan ein bli tilvist til BUP for utredning, behandling og evt. innlegging.
Depresjon:
Nedstemtheit. Hovudsymptoma er at ein er ulukkeleg mesteparten av tida, har mist interessa for ting ein vanlegvis likar og at ein føler seg veldig trøytt.
Les meir her:
Depresjon | helsenorge.no
DPS:
Distriktpsykiatrisk senter for vaksne. Tilbyr psykiatrisk behandling i eit geografisk definert område. Det er eit desentralisert tilbod som består av sengepostar, polikliniske tenester og oppsøkande team. Samarbeid med den kommunale helsetenesta står sentralt. Via fastlegen kan ein bli tilvist til DPS for utredning, behandling og evt. innlegging.
ECT:
Elektrokonvulsiv behandling inneber bruk av elektrisk stimulering for å framkalle eit kortvarig og kontrollert epileptisk anfall. Dette har dokumentert effekt på alvorleg depresjon.
Emosjonsfokusert terapi:
Ein går djupare inn i kjenslene for å forstå og lindre smerte, og hjelpe pasienten til å nytte sine kjensler som ressursar til å ta betre vare på seg sjølv og dei rundt seg.
Spiseforstyrring:
Tankar, kjensler og atferdig knytt til mat, kropp og vekt overskygger det meste i kvardagen, og reduserer livskvaliteten.
Les meir her:
Spiseforstyrrelser | helsenorge.no
Intervensjon:
Å gripe inn, eller innblanding. Intervensjon innan helse handlar om å avbryte, setje i gang eller endre helseatferd/behandlingsmåte.
Kognitiv atferdsterapi:
Ein jobbar med innhaldet i tankar og kjensler og korleis dei påverkar oss, og lærer alteranative måtar å tenke, føle og handle på.
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR):
Personar som er avhengige av opioidar (morfin, heroin m.fl.) kan få behandling med medisinar som inneheld opioid, t.d. metadon.
Les meir her:
LAR | helsenorge.no
Lege i spesialisering (LIS):
Etter 6 års medisinutdanning og 1,5 års turnusteneste, kan legen ta spesialisering i eit fagfelt. Spesialistutdanninga føregår over fleire år, med praksis, rettleiing og teori, i denne perioden har legen tittelen Lege i spesialisering.
Mani:
Oppspilt sinnsstemning med sterk sjølvkjensle og verketrong.
Mentalisering:
Å tolke og forstå kva som ligg bak eigne og andre sine handlingar og reaksjonar. I terapien øver ein på å ha ei opa, undrande, nysgjerrig haldning til kva som føregår i eige og andre sitt sinn.
Metakognitiv terapi:
I staden for å jobbe med innhaldet i ein deprimert person sine tankar, siktar metakognitiv terapi mot å redusere sjølve grubleprosessen. Behandlaren gir pasientane ulike øvingar og heimeoppgåver for å trene dei opp til å betrakte tankar utan å engasjere seg i dei.
Miljøpersonale:
Sjukepleiarar, hjelpepleiarar og andre yrkesgrupper som jobbar i turnus og har dagleg kontakt med pasienten.
Psykiater:
Lege som har spesialisert seg i psykiatri (læra om sinnslidingar), dvs. 6 års utdanning som lege først, så 5 års spesialisering etterpå.
Les meir her:
Psykiater | utdanning.no
Psykiatrisk sjukepleiar:
Sjukepleiar med spesialisering innan psykisk helsearbeid.
Les meir her:
Psykiatrisk sykepleier | utdanning.no
Psykodynamisk terapi:
Ein jobbar med å oppdage, forstå og behandle kjensler, fantasiar og opplevingar frå tidlegare og noverande relasjonar i livet.
Psykolog:
Har 6 års utdanning frå universitet som rettar seg mot forståing, utgreiing og behandling av mentale tilstandar.
Les meir her:
Psykolog | utdanning.no
Psykologspesialist:
Psykolog som har spesialisert seg innan eit fagområde, t.d. barnepsykologi, vaksenpsykologi eller rusfeltet. Spesialiseringa tek 5 år.
Psykose:
Forvirringstilstand.
Les meir her:
Psykose | helsenorge.no
Psykoterapi:
Gresk.: sjelesorg. Samlenemning for ulike typar terapi som skal gje pasienten auka sjølvinnsikt og meistring.
ROP- lidingar:
Samlenemning for samtidig rusliding og psykisk liding.
Les meir om ROP
Schizofreni:
Å ha schizofreni betyr at du i periodar har vrangførestillingar eller hallusinerer. Du kan miste kontakta med den verkelege verda.
Les meir her:
Schizofreni | helsenorge.no
Traume:
Hendingar som medfører psykologiske traumer kan t.d. vere vald, krigsopplevingar, overgrep, naturkatastrofer og ulukker. Behandlinga kan vere ulike typar terapi, men målet er uansett at pasienten skal få meir informasjon om traumereaksjonar og lære seg teknikkar for å handtere stress og symptom.
Les meir om traumer på nkvts.no
Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB):
Rusbehandling utført av personell med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kopetanse, som fyller krav til helsetenester på spesialistnivå.