Pasientjournal

All pasientbehandling skal dokumenterast i ein pasientjournal. Pasienten har rett til å få kopi av eigen journal.

Elektronisk tilgang til sjukehusjournal

Du som er pasient ved eit av sjukehusa i Helse Fonna kan lese journalen din på nett.

Logg på for å sjå din pasientjournal på helsenorge.no eller vestlandspasienten.no.​​​​

Dette finn du på nett

Pasientane har hatt rett til innsyn i eigen journal sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får enklare og raskare tilgang til journalen, utan å måtte kontakte sjukehuset først.

Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 1. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. 

Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år. Vi gjer oppmerksam på at det tar tre dagar før elektronisk mottatte tilvisingar og godkjente journaldokument for barn blir synlege på nett.


Kopi av pasientjournal på papir

Dersom du ønsker kopi av eigen pasientjournal kan du logge inn på helsenorge.no og fylle ut skjema for innsyn i journal. Skjema sendast elektronisk til sjukehuset.  

Om du er forelder eller har foreldreansvar, kan du be om innsyn i journal til barn på same måte. Det gjeld og om du er pårørande og ønsker innsyn i journal til pasient.  Om du sender skjema elektronisk treng du ikkje legge ved fullmakt. Kven som har fullmakt til journalen er registret i systemet.

Du kan og skrive ut skjema og sende det per post. Sender du skjema i posten må du hugse å legge ved fullmakt.  

Last ned skjema

Ferdig utfylt og signert skjema, saman med eventuell fullmakt, sender du til:

Helse Fonna HF
Postboks 2170
5504 Haugesund 

NB! Journalkopien vil bli sendt til den adressa du har registrert i Folkeregisteret. Eventuelt kan du hente kopien i resepsjonen ved den aktuelle institusjonen. Sidan skjema inneheld personopplysningar, kan du ikkje sende utfylt skjema som e-post.

Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Vi har ikkje lov å svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at den skal bli saksbehandla, vil den bli lagd inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.

Les meir om innsyn i pasientjournal på helsenorge.no
Barn sin journal
For pasientar under 16 år har både pasient og foreldre (eventuelt andre med foreldreansvaret) rett til å få innsyn. Barn under 12 år kan ikkje sjølv be om innsyn. For barn mellom 16 og 18 år har foreldre i utgangspunktet ikkje innsynsrett. Dei kan ha krav på innsyn i opplysningar som er nødvendige for å oppfylle foreldreansvaret, dersom barnet ikkje har samtykkekompetanse.

Innsyn i journal som pårørande
For pasientar over 18 år har pårørande berre rett til innsyn dersom pasienten samtykkjer til det.

Næraste pårørande har innsynsrett i journalen til avdød pasient så lenge det ikkje er grunnar som talar mot det. Til dømes i tilfelle der avdøde har gitt uttrykk for at han ikkje ønskjer at pårørande skal få innsyn.

Avslag på innsyn
I heilt spesielle tilfelle kan helsepersonell nekta pasienten innsyn i heile eller delar av journalen. Du kan klage på denne avgjersla til Fylkesmannen i Vestland.



Lovar og reglar

Innsynslogg for din pasientjournal

Via tilgangsloggen kan du sjå kven av dei sjukehustilsette som har gjort oppslag i pasientjournalen din. Du kan får nærare opplysingar eller melde om innsyn du meiner er gjort på feil grunnlag.

Du kan logge inn på helsenorge.no å fylle ut skjema for spørsmål om oppslag i pasientjournal eller utskrift av tilgangslogg. Skjema sendast elektronisk til sjukehuset. 

Du kan og skrive ut skjema og sende det per post til 

Helse Fonna HF
Postboks 2170
5504 Haugesund

Skjema for spørsmål om innsyn i pasientjournal - tilgangslogg

Feil, retting og sletting

Pasientjournalen din består av mange ulike typar dokument. Nokre av desse er skanna inn manuelt. Det betyr at vi aldri vil kunne sikra oss heilt mot at det skjer feil. Av personvernhensyn må du sjølv melde frå om at det er feil i din journal.

Dersom du oppdagar dokument som tilhøyrer andre i din journal, må du ta kontakt med sjukehuset på 52 73 20 00, slik at feilen kan rettast opp så raskt som mogleg. 

Meinar du at det noko av informasjonen i din pasientjournalen er feil kan du logge inn på helsenorge.no å fylle skjema for endring i pasientjournal. Skjema sendast elektronisk til sjukehuset. 

Du kan skrive ut skjema og sende det per post til 

Helse Fonna HF
postboks 2170
5504 Haugesund


Fann du det du leita etter?