HELSENORGE

Håpar ny studie vil føre oss nærare ein kur mot demens

Kvart år får rundt 1500 nordmenn demenstypen DLB. I Helse Fonna sit eit forskarteam med spisskompetanse på sjukdomen. No skal dei i gang med ein studie som vil kunne bidra til utvikling av nye behandlingsmåtar.

– Demens med lewy-lekamar (DLB) er ein demenstype som gir parkinson-liknande symptom. I tillegg får personen ofte synsforstyrringar og hallusinasjonar. Vi reknar med at 10-15 prosent av dei som får demens har denne typen, seier forskar og overlege i psykiatri Arvid Rongve i Helse Fonna.

Alderspsykiatri - foto Eirik Dankel2-nett.jpg

VIKTIG FORSKING: Demens med lewy-lekamar er ein vanleg og alvorleg sjukdom. Forskar Arvid Rongve vil forstå sjukdomen betre og komme nærare betre behandlingsmetodar. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Alvorleg sjukdom som råkar mange

Han har forska på DLB i ei årrekke og var mellom anna med å starte opp ein stor demensstudie på Vestlandet i 2005. Informasjonen frå denne studien har vore viktig for mange av dei medisinske framskritta som er gjort på feltet dei seinare åra. Berre i Helse Fonna er det avlagt fire doktorgrader på grunnlag av denne studien. Desse har synt at sjukdomen er vanleg, at prognosen for mange er alvorleg og at mange av dei pårørande gjer ein svært stor innsats for dei som er råka.

Vi kan komme nærare å finne behandling som kan bremse, stoppe eller i beste fall førebygge demens

Arvid Rongve, overlege og forskar



 
Også i det nye prosjektet Rongve og forskarkollegene no går i gang med vil informasjon frå demensstudien på Vestlandet vere viktig. I tillegg blir andre norske og europeiske studier inkludert, slik at informasjon om heile 4000 personar med denne sjukdomen utgjer kunnskapsgrunnlaget. Men kva er det eigentleg dei vil finne ut?

– Enkelt sagt skal vi undersøke kva for genvariantar hos dei med sjukdomen som skil seg frå friske forsøkspersonar. Vi har allereie noko kunnskap om dette, men med så stort datagrunnlag som vi får i denne studien, forventar vi å finne fleire markørar for sjukdomen, seier Rongve.

– Dette vil auka forståinga av korleis sjukdomen oppstår i hjernen og dermed kunna sei noko om kvar ein kan prøva å stoppa sjukdomen frå å utvikla seg vidare.

Auka kunnskap og betre behandling

 
– Når vi betre forstår kva som gjer at nokon utviklar sjukdomen, kan vi også vere eitt skritt nærare å finne behandlingsmetodar for å bremse, stoppe eller i beste fall førebygge demens, seier Rongve.

Han leiar den nyoppstarta forskingsgruppa i eldremedisin i Helse Fonna og seier forskinga i føretaket har bidratt til å auke kunnskapen og merksemda om demens med lewy-lekamar i heile landet. No står også Europa for tur.

– Det er etablert ei samanslutning av fleire enn 40 europeiske forskingssenter med interesse for demens med lewylekamar. Dette gir auka kunnskap og betre behandling til ei stadig større pasientgruppe med ein alvorleg og dødeleg sjukdom, seier Rongve.