− Denne avhandlinga stadfester vitskapleg det vi har mistenkt før: Mange som slit med rusproblem har utfordringar på det kognitive området, seier seniorforskar Jørgen G. Bramness ved Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmiddelbruk og psykisk lidelse (NKROP) til nettstedet rop.no.
Også forskar og fagleg rådgivar ved NKROP Knut Boe Kielland meiner funna er viktige. Særleg understreker han at Braatveit si forsking viser at omfanget er mykje større enn ein har trudd. Heile 30 prosent av pasientane i studien hadde eller var i grensa for psykisk utviklingshemming, men berre éin av dei var fanga opp av behandlingsinstitusjonen.
Psykologspesialist og forskar Kirsten Braatveit er glad for at funna hennar vil kunne føre til betre behandling for desse pasientane.
− Dei treng behandling og oppfølging som er tilpassa deira daglege fungering og kognitive nivå. Mange av dei vil ikkje vere i stand til å få utbytte av den vanlege behandlinga som blir gitt i dag, og kan trenge tett oppfølging i ettertid, seier ho.
Ved Haugaland A-senter har dei allereie tatt funna inn over seg, seier klinikksjef Geir Iversen i eit intervju med TV Haugaland:
– Eg trur dette er forsking som vil gi eit gjennombrot for ei mykje betre behandling enn vi har hatt til no.