HELSENORGE
Fotomontasje med ulike personer. (Foto)

eMeistring

eMeistring tilbyr internettbehandling med rettleiing til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

​eMeistring tilbyr internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

Kontakt oss

eMeistring held til ved Haugaland DPS.
Telefon: 52 73 90 00 
Adresse: Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund

Send oss ein e-post

Ikkje send personopplysingar eller sensitiv informasjon i e-post. Ikkje bruk e-post for å melde deg på, sjå lenke for søknadsskjema under.

Logg inn på helsenorge.no for å sende inn søknadsskjema for tilbod i eMeistring

Kva er eMeistring?

eMeistring er rettleia internettbehandling som inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar. Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst du skal lese, og oppgåver du skal gjere. Behandlinga varer inntil 14 veker. 

Med internettbehandling vil du sleppe reiseveg til behandlinga, og du får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for deg. Les meir om behandlingsprogramma våre på desse sidene. Her finn du også første modul i kvart av behandlingsprogramma. 


Fann du det du leita etter?