Oransje briller gir betring til maniske pasientar

– Først såg vi betring hos den første pasienten, deretter hos den andre og tredje. Den kjensla var heilt fantastisk. Forskar og psykiater Tone Henriksen sin studie om behandling av bipolare pasientar med blåblokkerande briller har skapt internasjonal merksemd.

Tone Henriksen. (Foto)
Tone Henriksen. Foto: Grenda

Då Henriksen blei tildelt Helse Vest sin Innovasjonspris 2016 for forskinga si, brukte juryen ord som «enkelt», «genialt» og «kreativt». Kort fortalt fekk bipolare pasientar i manisk fase oransje briller som blokkar den blå fargen i lyset rundt oss. Dette bidrar til å regulere prosessar i hjernen som er kjenslevare for lys, og brillene ga rask og tydeleg betring hos pasientane.

– Vi såg at pasientar i manisk fase blei markant betre etter bare fem til sju dagar. Dette er pasientar som elles kan vere innlagt i sjukehus i fleire månadar utan særleg betring. Bruk av briller kan kraftig redusere medisinbruken, seier Henriksen.

Fleire bruksområde

Resultata frå studien har bana veg for metoden og er i ferd med å endre behandlinga ved bipolar liding både i Norge og andre deler av verda. Studien er både omtalt i vitskaplege artiklar internasjonalt, i to amerikanske fagbøker og har fått merksemd i populærvitskaplege kanalar som NRKs Schrödingers Katt og det amerikanske magasinet Newsweek.

Tone Henriksen fortel at det er gjort studier med bruk av oransje briller også for andre grupper.

– Virtuell mørketerapi blir no prøvd i behandling over heile landet, og også i andre delar av verda.  I tillegg er det ei rekkje andre bruksområde for brillene som er støtta av resultat frå forsking. Det føreligg no studier gjort med skiftarbeidarar, ungdom som bruker elektroniske media på kveld og natt, vaksne med ADHD, kvinner med fødselsdepresjon og med personar som har innsovningsvanskar.

–  Dette blir snart vanleg

Henriksen trur bruk av slike blåblokkerande briller snart vil bli vanleg.

– Mange vil ha nytte av å halde på ein regelmessig og sunn døgnrytme ved hjelp av brillene. Eg trur folk vil skjøne dette innan kort tid og at det dermed ikkje vil følgje noko stigma med å bruke slike briller på kvelden.

Henriksen understrekar at ein ikkje skal gjere eigne forsøk med slike briller utan å skaffe seg kunnskap om bruken først, og ingen bør på eiga hand endre medisineringa si som følgje av  bruk av briller.

– Det er forskjellige tilrådingar for bruk med forskjellige tilstandar. Det er viktig at det blir gjort rett, elles kan ein få for mykje forstyrringar av døgnrytmen.

Lys og mørke kan endre livet

Forutan vitskapleg omtale har Henriksen på kort tid fått to prisar for forskinga si: Helse Vest sin innovasjonspris og pris for beste artikkel frå Nasjonalt forum for akuttpsykiatri. Ho er glad for moglegheitene merksemda gir.

– Eg håpar det vil gjere det lettare for meg å auke kunnskapen om lys, søvn og døgnrytme. Dette er utruleg viktig for helsa til både friske og sjuke.

Henriksen si forsking handlar om behandling av sjukdom, men ho meiner forsking som gir kunnskap om lys og mørke vil kome alle til gode:

– Eg føler meg som ein slags lys- og døgnrytmemisjonær og trur mange kan få endra livet sitt om dei lærer om lys og mørke og korleis ein kan bruke det, seier Henriksen.

Fakta Tone Henriksen

Tone Henriksen er psykiater og forskar i Helse Fonna/Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen. Henriksen  er tildelt Helse Vest sin Innovasjonspris 2016 for sitt arbeid med oransje briller som behandling mot bipolar mani og prisen «Beste artikkel 2016» frå Nasjonalt forum for akuttpsykiatri.

Sjå film om Tone Henriksen si forsking: https://vimeo.com/170022873

Publikasjonar

Henriksen, Tone Elise Gjøtterud; Skrede, Silje; Fasmer, Ole Bernt; Schøyen, Helle Kristine; Leskauskaite, Ieva; Bjørke-Bertheussen, Janette; Assmus, Jörg; Hamre, Børge; Grønli, Janne; Lund, Anders.
Blue-blocking glasses as additive treatment for mania: A randomized placebo-controlled trial. Bipolar Disorders 2016 ;Volum 18.(3) s. 221-232. HAUKELAND HELSEFONNA SUS UiB

http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/bdi.12390/full

 

Henriksen, Tone Elise Gjøtterud; Skrede, Silje; Fasmer, Ole Bernt; Hamre, Børge; Grønli, Janne; Lund, Anders.
Blocking blue light during mania - markedly increased regularity of sleep and rapid improvement of symptoms: A case report. Bipolar Disorders 2014 ;Volum 16.(8) s. 894-898
HAUKELAND HELSEFONNA UiB