Frå 1. januar 2019 vil alle som blir tilvist til spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern og får rett til nødvendig helsehjelp, bli omfatta av eit pakkeforløp.
Å vere ein del av eit pakkeforløp vil seie at du som pasient får eit utgreiings- og behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Pakkeforløp inneber at du som pasient skal få vite kva som skal skje, når det skal skje og kven som har ansvaret.
Innføringa av pakkeforløp skal styrke det heilskaplege behandlingsforløpet. Formålet med pakkeforløp er: Større forutsigbarheit og tryggheit for pasienten
Likeverdig behandling uavhengig av kor ein bur
Unngå unødvendig ventetid
Større brukarmedverknad og brukartilfredsheit
Betre ivaretaking av somatisk helse og levevanar
Betre samhandling og overgangar
Meir systematiske evalueringar
Alle som blir tilviste spesialisthelsetenesta innan Tverrfagleg spesialisert rusbehandling og psykisk helse og får rett til nødvendig helsehjelp, blir omfatta av pakkeforløp.
Forløpskoordinator skal vere tilgjengeleg for pasient og pårørande og involverte instansar, til pasienten har fått eigen behandlar. Forløpskoordinator har overordna ansvar for at:
Forløpstider blir følgde
Forløpet blir koordinert
Målepunkt blir koda
Nei.
Ja. Dei første rapporta skal komme etter første halvår 2019.
Pakkeforløp i dei tilstandsspesifikke pakkeforløpa starte 15. februar 2019.
Pakkeforløpet startar i eige føretak den dato tilvisinga blir mottatt. Ein skal også registrere inn dato for "Start pakkeforløp første helseføretak" og namn på dette.