Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon om behandling av personopplysningar i Helse Fonna HF

Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis vi samlar inn, bruker og beskyttar personopplysningane dine, inkludert helseopplysningane. Personopplysningar er alle opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson. Helseopplysningar er alle opplysningar som kan knytast til helsa di.

Pasientar, pårørande og tilsette har personvernrettar. Sjukehuset har ei lovfesta plikt til å verne om desse rettane. Denne personvernerklæringa gir overordna informasjon om korleis vi behandlar opplysningar om deg som pasient eller pårørande hos oss.

Artikkel 30 i personvernforordninga (forordning (EU) 2016/679) pålegg verksemder å føre oversikt over korleis dei behandlar personopplysningar, både om tilsette og pasientar. Databehandling som omfattar pasientar, er i hovudsak pasientbehandling, kvalitetssikring, forsking og undervisning.

Behandling av opplysningar om deg

Helseføretaket (sjukehuset) har mange ulike oppgåver. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Dermed behandlar vi person- og helseopplysningar om deg som pasient eller pårørande.

Sjukehuset har ei lovfesta plikt til å føre pasientjournal. Pasientjournallova og helsepersonellova med tilhøyrande forskrifter stiller krav til kva journalen skal innehalde, korleis journalen skal sikrast, kva høve ein har til å rette eller slette opplysningar, og kva rettar den registrerte har til innsyn i eigne opplysningar i samsvar med pasient- og brukarrettslova.

Pasientjournalen er elektronisk, og det blir oppretta éin journal per pasient. Her blir mellom anna informasjon om kven du er (namn og fødselsnummer), og kontaktinformasjon (til dømes adresse og telefonnummer) registrert. I tillegg registrerer sjukehuset informasjon om helsetilstanden din og dokumenterer helsehjelpa du har fått og fått tilbod om. Informasjonen kan bli samla inn i samband med samtalane dine med helsepersonell eller gjennom undersøkingar og behandling du går gjennom på sjukehuset. Han kan òg bli samla inn frå andre som har behandla deg, til dømes fastlegen din eller andre sjukehus. Sjukehuset kan hente inn relevante og nødvendige opplysningar frå andre helseinstitusjonar / anna helsepersonell med mindre du har motsett deg dette.

Den elektroniske pasientjournalen består av informasjon som er lagra i fleire system. Desse systema er utforma for å sikre forsvarleg behandling av helseopplysningar. Det finst til dømes eigne system for å handtere røntgen- og MR-bilete og resultat frå blodprøveanalysar. Vi har ei oversikt over kva slags system vi bruker til å behandle helseopplysningar.

Korleis bruker vi pasientopplysningane, korleis beskyttar vi dei, og kven deler vi dei med?

Sjukehuset bruker informasjonen vi har lagra om deg, til forskjellige formål:

  • Først og fremst blir informasjonen om deg brukt til å behandle tilstanden eller sjukdommen din.
  • Vi bruker òg opplysningar om deg til å administrere helsehjelpa du får. Dersom du treng transport i samband med helsehjelpa, formidlar vi til dømes personopplysningar til Pasientreiser HF.
  • Informasjon om deg kan òg bli brukt til å kvalitetssikre helsehjelpa du har fått, til dømes ved at sjukehuset kontrollerer at du har fått rett behandling.
  • Det kan dessutan vere aktuelt å bruke opplysningar om deg i samband med internkontroll og/eller kvalitetssikring av tenestetilbodet ved det aktuelle sjukehuset eller ved avdelinga du har fått behandling ved. I nokre tilfelle opprettar vi kvalitetsregister der informasjon om helsetilstanden din blir registrert.
  • Opplysningar om deg kan òg bli brukte i samband med saksbehandling, til dømes ved behandling av ein eventuell klage over helsehjelpa du har fått.
  • Informasjon om deg kan vidare brukast til forsking. Som hovudregel føreset det at du får informasjon om slik bruk, og at du samtykkjer. Unntak frå informasjonsplikta og samtykkekravet må vere heimla i regelverket og blir vurdert for kvart enkelt forskingsprosjekt. Du kan lese meir om rettane dine i forskingsprosjekt på helsenorge.no.

I [Helseføretak] er vi opptekne av at helseopplysningar skal handterast på ein trygg og sikker måte, slik at befolkninga har tillit til oss. Dei tilsette hos oss er underlagde streng teieplikt. Opplysningar om deg skal berre vere tilgjengelege for helsepersonell som har behov for desse i samband med at dei gir deg helsehjelp, og ved administrasjon eller kvalitetssikring av helsehjelpa.

Sjukehuset har oppretta system og rutinar for å sikre at opplysningane dine berre blir gjorde tilgjengelege for helsepersonell som har eit tenestleg behov for å ha tilgang til dei. «Tenestleg behov» vil seie at opplysningane må vere relevante og nødvendige for å yte, administrere eller kvalitetssikre helsehjelp til pasienten. Alle oppslag og endringar i journalen skal loggførast, og du kan be om å få innsyn i din eigen journal og i journalloggen. Sjå punktet «Informasjonssikring» dersom du vil ha meir informasjon om dette.

Pasientjournalsamarbeid

I Helse Vest er det inngått avtale om eit felles behandlingsretta helseregister (pasientjournal). Samarbeidet er hovudsakleg inngått mellom elleve helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta: Helse Fonna HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS, Betanien sykehus, Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus AS, NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus AS, Solli Distriktspsykiatriske Senter, Voss Distriktspsykiatriske Senter – NKS Bjørkeli og Jæren distriktspsykiatriske senter har inngått avtale om felles behandlingsretta helseregister (pasientjournal) som omfattar fleire delar av pasientjournalen.

For pasientar som blir behandla ved til dømes Helse Fonna HF eller Helse Bergen HF, vil ein stor del av person- og helseopplysningane vere lagra og bli behandla i eit felles behandlingsretta helseregister. Enkelte nærmare definerte faggrupper har tilgang til alle helseopplysningane til pasienten uavhengig av kvar helseinformasjonen om pasienten er nedskriven. Det vil seie at ein pasientbehandlande lege ved Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF kan slå opp i dei helseopplysningane som er dokumenterte i pasientjournalen i til dømes Helse Førde HF.

I tillegg til det ovanfornemnde er det inngått eit meir avgrensa samarbeid med enkelte kommunar og nokre andre institusjonar i spesialisthelsetenesta som omfattar den delen av pasientjournalen som inneheld opplysningar om

  • pasientpersonalia
  • kven som er pasienten sine pårørande
  • kven som er fastlegen til pasienten
  • kva for medisinar pasienten bruker
  • kritisk informasjon
  • kva for allergiar pasienten har
  • kontaktpersonar i ulike delar av helsetenesta
  • enkelte diagnosar som er stilte utanfor sjukehus

Det inneber at pasientar som blir behandla ved ein av desse helseinstitusjonane, deler dei nemnde opplysningane med dei andre helseinstitusjonane i samarbeidet. Desse helseopplysningane vil vere tilgjengelege for helsepersonell som har behov for opplysningane i samband med at dei er med på å yte, administrere eller kvalitetssikre helsehjelpa.

Utlevering av personopplysningar

Helsepersonell har teieplikt og kan ikkje formidle helseopplysningar om deg til andre dersom du ikkje har gitt samtykke til det eller det er bestemt i lov, som til dømes når det er nødvendig for å sikre forsvarleg helsehjelp eller på annan måte sikre liv og helse.

Døme på tilfelle der det kan vere unntak frå teieplikta:

  • Nærmaste pårørande. Dei nærmaste pårørande har rett til informasjon for å kunne ta avgjerder på vegner av ein slektning som ikkje sjølv er i stand til å ta avgjerda. Dei nærmaste pårørande kan òg få informasjon «dersom forholdene tilsier det», jamfør pasient- og brukarrettslova § 3-3.
  • Føresette eller verje. Dei føresette har rett til informasjon om barn mellom 12 og 16 år, med mindre barnet ikkje ønskjer dette av grunnar som bør respekterast, jamfør pasient- og brukarrettslova § 3-4. Dersom barnet er under 12 år, har dei føresette ein vilkårslaus rett til informasjon. 
  • Fare for liv og helse: Når det kan vere fare for pasienten sitt eller andre sitt liv, kan helsepersonell få ei plikt til å varsle nødetatar, jamfør helsepersonellova § 31.
  • Nav: Nav har rett til å innhente opplysningar til kontrollformål i samband med behandling av ei sak, jamfør folketrygdlova § 21-4.
  • Forsking: Utlevering krev i utgangspunktet samtykke, men kan òg gjerast utan samtykke dersom forskingsprosjektet har fått unntak frå teieplikta. Hovudregelen er likevel at pasienten skal få informasjon om dette.

Du kan lese meir om teieplikta til helsepersonell på helsenorge.no.

Helsepersonell er gjennom lov og forskrift pålagt å utlevere informasjon til sentrale helseregister. Det gjeld mellom anna desse registera:

  • Medisinsk fødselsregister
  • Meldingssystem for smittsame sjukdommar, inkludert tuberkulose (MSIS)
  • Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK)
  • Norsk overvakingssystem for antibiotikabruk og helsetenesteassosierte infeksjonar (i spesialisthelsetenesta – NOIS)
  • Register over svangerskapsavbrot (abortregisteret) – avidentifiserte opplysningar
  • Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar (NORM)
  • Norsk pasientregister (NPR)
  • Reseptformidlaren (sentral database i eResept)
  • Nasjonalt register over hjarte- og karlidingar
  • Kreftregisteret
  • Dødsårsaksregisteret

Helsearkivregisteret (helseregister med personidentifiserbar pasientdokumentasjon om døde pasientar)

Nærmare informasjon om sentrale helseregister finn du på nettsidene til Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet:

Dine personvernrettar

Du har ei rekkje generelle personvernrettar som gjeld når ei verksemd samlar inn, lagrar eller på annan måte bruker personopplysningane dine:

  • Informasjon. Ytterlegare informasjon om korleis vi behandlar opplysningar om deg
  • Innsyn. Innsyn i, og eventuelt kopi av, opplysningar vi har om deg
  • Korrigering. Rette og supplere opplysningar om deg
  • Sletting. Be om sletting av opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag for å oppbevare
  • Avgrensing. Be om at vi avgrensar bruken av opplysningane dine
  • Innvending. Motsetje deg bruk av opplysningane dine

Du kan òg motsetje deg å vere gjenstand for individuelle avgjerder av rettsleg karakter som er heilt automatiserte. Dette er enno ikkje vanleg i helsevesenet, men eit døme frå ein annan sektor er automatisert vurdering av lånesøknad.

Hugs at desse rettane kan vere avgrensa som følgje av lova. Du kan gjere bruk av rettane dine ved å ta kontakt med sjukehuset. Vi vil svare så snart som mogleg og seinast innan éin månad.

Dersom du meiner at vi behandlar personopplysningar urettmessig, håper vi at du først tek kontakt med oss, slik at vi kan vurdere innvendingane dine og oppklare eventuelle misforståingar. Dersom du ikkje er nøgd med svaret og framleis meiner at vi behandlar personopplysningar urettmessig, har du rett til å klage. Ved mistanke om brot på teieplikta kan du klage til Fylkesmannen. Ved mistanke om andre brot på personvernet kan du klage til Datatilsynet.

Rettane dine knytte til pasientjournal

Rettane dine som pasient er i tillegg regulerte i særlovgivinga for helsesektoren.

Du har rett til å få innsyn i journalen din, og dersom du ønskjer det, kan du òg få forklart ord og uttrykk som er vanskelege å forstå. Du har vidare rett til å få vite kven som har hatt tilgang til pasientjournalen din, og kven som har fått utlevert opplysningar frå han.

Vi tilbyr digitalt innsyn i delar av pasientjournalen din og kven som har nytta tilgang til denne via innlogging på helsenorge.no.

  • Du har rett til å sperre heile eller delar av journalen din for utlevering til samarbeidande personell. Det gjeld òg innanfor samarbeid mellom verksemder om felles pasientjournal.
  • Du har òg rett til å reservere deg mot at helseopplysningane dine blir behandla.
  • Du har rett til å reservere deg mot at opplysningane dine blir lagra i eit kvalitetsregister, og mot kvalitetsstudiar med opplysningane dine. Det er gjort unntak i lov for reservasjonsrett i enkelte nasjonale helseregister.
  • Du har rett til å reservere deg mot forsking på biologisk materiale (blodprøvar, vevsprøvar, serum, DNA etc.) som blir samla inn når du får helsehjelp.

Dersom sjukehuset avviser krav du har fremja som gjeld pasientjournalen, kan du klage på avgjerda til Fylkesmannen i det aktuelle fylket. Klagen skal i så fall sendast via sjukehuset.

Retting og sletting av opplysningar i pasientjournal

Dersom du meiner at journalen inneheld feil eller mangelfulle opplysningar, kan du be sjukehuset rette eller slette opplysningane: https://helsenorge.no/rettigheter/pasientjournal.

I pasient- og brukarrettslova § 5-2 og helsepersonellova § 42 til § 44 finn du meir informasjon om vilkåra for retting og sletting av opplysningar i pasientjournal.

Offentleglova

Hovudregelen etter offentleglova er at saksdokumenta til forvaltingsorgan er offentleg tilgjengelege. Vi handterer mykje dokumentasjon som inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt, til dømes pasientinformasjon knytt til pasientbehandling. Opplysningar som er underlagde teieplikt, er ikkje offentleg tilgjengelege.

Kor lenge lagrar vi opplysningane?

Vi lagrar personopplysningar så lenge dei er nødvendige og relevante for å oppfylle formålet som dei er innhenta for. Vi slettar eller anonymiserer opplysningane når vi ikkje lenger har noko legitimt behov for å bruke dei.

Bruk av leverandørar

Vi nyttar fleire leverandørar som behandlar personopplysningar på vegner av oss for å støtte behandlingsforløpet. Vi er gjennom lovverket pålagde å føre oversikt over leverandørar som behandlar data for oss. I Helse Vest er Helse Vest IKT AS hovuddriftsleverandøren (databehandlar). Ein eigen avtale mellom [helseføretaket] og Helse Vest IKT AS regulerer kva slags informasjon dei har tilgang til, og korleis denne informasjonen skal behandlast.

Informasjonssikring

Vi er opptekne av å behandle personopplysningane dine på ein måte som varetek lovfesta krav til konfidensialitet, tilgjengelegheit, integritet og robustheit.

Sjukehusa i Helse Vest samarbeider om å utforme rutinar og prosessar som skal sørgje for at personopplysningane dine ikkje er tilgjengelege for andre enn dei som skal ha tilgang til dei.

Mellom anna har sjukehuset strenge krav til tilgangsstyring til informasjon, logging av kven som har tilgang til informasjon, og etterfølgjande kontroll med at tilgangar ikkje er misbrukte.

Personvernombod

Sjukehuset har eit eige personvernombod.

Hovudoppgåva til personvernombodet er å informere den behandlingsansvarlege eller databehandlaren og dei tilsette som utfører behandlinga av personopplysningar, og gi dei råd om pliktene verksemda har etter personvernlovgivinga. Sjå nettsidene til Datatilsynet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller kommentarar, eller dersom du ønskjer å gjere bruk av rettane dine.

Sentrale lover

  • Personopplysningslova med personvernforordninga skal gi vern til fysiske personar i samband med behandling av personopplysningar.

    Pasient- og brukarrettslova skal bidra til å sikre befolkninga lik tilgang på tenester av god kvalitet ved å gi pasientar og brukarar rettar overfor helse- og omsorgstenesta.
  • Pasientjournallova skal sikre at behandlinga av helseopplysningar skjer på ein måte som gir pasientar og brukarar helsehjelp av god kvalitet ved at relevante og nødvendige opplysningar på ein rask og effektiv måte blir tilgjengelege for helsepersonell, samtidig som vernet mot at opplysningar blir gitt til uvedkommande, blir vareteke. Lova sikrar både personvernet, pasienttryggleiken og retten til informasjon og medverknad for pasientar og brukarar.
  • Helseregisterlova skal leggje til rette for innsamling og anna behandling av helseopplysningar for å fremje helse, førebyggje sjukdom og skade og gi betre helse- og omsorgstenester. Lova skal sikre at behandlinga skjer på ein etisk forsvarleg måte, varetek personvernet til den enkelte og blir brukt til beste for individet og samfunnet.           
  • Helsepersonellova skal bidra til tryggleik for pasientar, kvalitet i helse- og omsorgstenesta og tillit til helsepersonell og til helse- og omsorgstenesta.
  • Helseforskingslova skal fremje god og etisk forsvarleg medisinsk og helsefagleg forsking.
  • Forvaltingslova inneheld reglar for korleis sjukehuset skal behandle saker.
  • Offentleglova skal leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig. Slik bidreg lova til å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå allmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.
  • Arkivlova skal tryggje arkiv som har stor kulturell eller forskingsmessig verdi eller inneheld rettsleg eller viktig forvaltingsdokumentasjon, slik at dei blir tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida.

Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no.

Sist oppdatert 19.07.2021