Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medikamentfri behandling

Alle distriktspsykiatriske senter (DPS) i Helse Fonna området tilbyr ei rekkje ulike behandlingar for psykoselidingar, også for dei som ikkje ønskjer antipsykotika. Og du har rett til å velje.

Noregs første samvalgsverktøy for psykose er no publisert på helsenorge.no. Nettsida gjev oversikt over behandlingsmoglegheiter, slik at pasientar kan gjere informerte valg om si eiga behandling.

Ikkje berre medisinar

I 2015 ba helseminister Bent Høie samtlege helseregionar om å oppretta medikamentfrie tilbod for behandling av psykose.

  • Mange pasientar innan psykisk helsevern ønskjer ikkje behandling med medisinar. Det må me lytte til og ta på alvor, seier Høie.

Samvalgsverktøyet får frem at det finns både medikamentelle og ikkje-medikamentelle behandlingstiltak, og at pasientane har rett til å velje.

Verktøyet er utvikla av Helse Bergen og Samvalgssenteret ved UNN, og finansiert av Helse Vest og Helse Nord.

Samhandlingsverktøyet for psykose er ei nettside med kvalitetssikra og pasientretta informasjon om kva behandlingar som finns, kva dette inneber og kva fordeler og ulemper desse har.

  • Dette kan gjere det lettare for personar med psykose å diskutera behandlingsvalg med legen eller psykologen sin, slik at dei finn den løysinga som passar best for pasienten, seier prosjektleiar i Helse Bergen.

Samvalgsverktøyet er utvikla av fagfolk i tråd med nasjonale retningsliner og pakkeforløp for psykose. Informasjonen vert presentert både med tekst og gjennom korte videosnuttar med fagfolk og brukare. Brukartesting visar at pasientane opplev verktøyet lett forståeleg, nyttig og relevant, og at dei vil anbefale det til andre.

Brukarmedverknad i praksis

Samvalg er ein prosess kor behandlar og pasient saman kjem fram til ei behandling som er i tråd med pasienten sine verdiar og preferansar. For at pasientar skal kunne delta aktivt i valg av behandling, treng dei god og forståeleg informasjon  om kva moglegheiter som finns.

Samvalgsverktøyet for psykose kan brukast ved planlegging av nye behandlingsforløp, eller ved endringar av behandlingsplanen.

  • Me ser eit tydeleg behov for å systematisera  brukarmedverknad i psykosebehandling. Dette gjeld kva informasjon me gjev, men også at me må etterspørja  pasienten si oppleving av og ønsker for vidare behandling, seier prosjektleiaren.

Samvalgsverktøyet finn du på helsenorge.no

Eit medikamentfritt behandlingsforløp er eit recovery-basert tilbod for menneske med psykoselidingar, der målsetjinga er tilfriskning, primært gjennom ikkje-medikamentelle metodar. Behandlinga blir tilpassa den enkelte brukar, og inneheld ein kombinasjon av fleire kunnskapsbaserte metodar. Medikamentfrie forløp kan gjennomførast utan antipsykotika, samtidig med nedtrapping, eller etter avtale om å bruke antipsykotika ved behov, for eksempel i akutte fasar.

Filosofien bak recovery er å leggje til rette for at alle kan leve tilfredsstillande liv. Ei grunnleggjande haldning i recovery, er derfor trua på at også dei med psykiske vanskar kan ha ein god og meiningsfull kvardag. Behandlar og brukar jobbar som likeverdige partnarar mot brukarens mål. Brukaren er ekspert på seg sjølv, og behandlar er ekspert på det faglege, og relasjonen vert basert på openheit og tillit. Målet er at brukaren får tilstrekkeleg med kunnskap, ferdigheiter, nettverk og støtte til å ta ansvar for eige liv.

Verdigrunnlag Recovery

Les meir om recovery

For menneske som får ei psykoseliding, er det anbefalt å prøve ut eit antipsykotisk medikament. Nokre brukarar oppnår likevel ikkje ønskt effekt, eller dei kan oppleve at biverknadar står i vegen for eigeninnsatsen som trengst for å bli betre. Fleire brukarar fortel at dei har opplevd å ikkje få eit reelt behandlingsalternativ utan antipsykotika.

Det medikamentfrie behandlingstilbodet skal synleggjere at det finst alternativ, og gje struktur og kvalitetssikring for best mogleg behandling. Reell brukarmedverknad kan fremje eigarskap til behandlinga, styrkje samarbeidet med helsetenesta, og leggje til rette for betre liv.

Det medikamentfrie behandlingstilbodet gjeld for deg som vil redusere eller avslutte bruk av antispykotika. I tillegg må behandlar i spesialisthelsetenesta vurdere det som forsvarleg. Dette inneber blant anna at du ikkje er i fare for deg sjølv eller andre, og at du forstår kva konsekvensar valet inneber. Medikamentfri behandling skal vere frivillig, og du må gjere ein aktiv eigeninnsats i behandlinga.

Behandlingstiltaka er tilgjengelege for alle med ei psykoseliding, medan dei brukar medikament eller ikkje. Også menneske under tvungent psykisk helsevern har rett til å bli høyrt, og å medverke i eigen behandling.

Vi tilbyr psykososial behandling som er anbefalt i nasjonal retningslinje for psykose. Behandlingsplanen vert laga av deg og behandlaren din, og de jobbar saman mot felles målsettingar. Ulike behandlingsformer kan vere ein del av behandlinga, mellom anna:

  • Kognitiv åtferdsterapi er ein samtalemetode der vi undersøker samanhengen mellom tankar, kjensler, kroppslege reaksjonar og åtferd. Samtalebehandling kan vere svært nyttig for mange som opplever psykosar. Det vil kunne gje ei betre sjølvforståing og vere ein del av ein tilfriskningsprosess. Kognitiv terapi kan mellom anna redusere ubehag knytt til høyrselshallusinasjonar, og redusere angst og depresjon.
  • Illness Management and Recovery (IMR) er eit gruppeprogram der du jobbar mot eigne målsettjingar, og lærer å meistre vanlege utfordringar ved psykisk sjukdom. Arbeid i grupper legg til rette for sosial trening og læring av andre sine erfaringar.
  • Individuell jobbstøtte (IPS) er ein metode der jobbspesialistar hjelper menneske med psykiske helseproblem med å skaffe og halde vanleg, lønna arbeid. Metoden byggar på ideen om at alle kan jobbe dersom ein finn rett type jobb og arbeidsmiljø.
  • Familiesamarbeid fremmar god kommunikasjon, og bidreg til at dine pårørande får ei betre forståing for situasjonen og vanskane dine, slik at dei betre kan støtte deg i behandlinga.
  • Fysisk aktivitet og sunne levevanar bidreg til god fysisk og psykisk helse. Fysisk aktivitet kan også vere ein måte for å handtere symptom frå psykoselidinga, og det kan gje betre humør, motivasjon, interesse, og livskvalitet, og redusere depresjon, angst og psykosesymptom.

Høyr med behandlaren din. Det vil ofte vere best å vente til du er i ein stabil situasjon, og å starte i samråd med ein behandlar som følgjer deg over lenger tid. Då er det lettare å leggje ein felles plan for korleis du kan meistre symptom og utfordringar, og du har meir overskot til å jobbe aktivt med eiga tilfriskning. Eit godt grunnlag frå denne fasen, kan redusere behovet for medikament ved seinare innleggingar.

Hugs at nedtrapping av antipsykotika alltid skal skje i samråd med behandlar. Om ein sluttar å ta medisinar brått og utan støtte, kan det gi uheldige og alvorlege verknadar.

Dersom du er til behandling ved Haugaland DPS, Folgefonn DPS eller Stord DPS skal du diskutere eit medisinfritt tilbod med behandlaren din.

Om du ikkje allereie har kontakt, kan du be fastlegen din tilvise deg til næraste DPS. Alle DPS i Helse Fonna området tilbyr medikamentfrie behandlingsløp. For personar utanfor opptaksområdet, er det mogleg å søke gjennom fritt sjukehusval, men sidan behandlingsløpa i hovudsak er polikliniske bør du bu i nærleiken.

Sist oppdatert 07.06.2021