Media

Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med ulike fagfolk eller leiinga ved sjukehuset så langt råd er.

kommunikasjon@helse-fonna.no​

Kontakt oss

Kommunikasjonssjef

Margareth H. Langebro

Telefon: 404 03 650

Kommunikasjonsrådgivar

Stina Steingildra

​​Telefon: 93 84 54 98

Kommunikasjonsrådgivar

Eirik Dankel

Telefon: 916 17 767

Vi er ikkje tilgjengeleg på telefon mellom 22.00 og 8.00.

Pressemelding ved ulykke

Aktuelle pressemeldingar

Helse Fonna gir ut pressemeldingar i etterkant av ulukker og hendingar som kan ha interesse for media. Meldingane er standardiserte og gir dei opplysningane vi kan gå ut med.

Fordi helsepersonell må prioritere diagnostisering og behandling av pasientar kan det ta litt tid før pressemelding blir lagt ut. Vi ber om forståing for dette. Pressemeldingane blir oppretta så raskt som mogleg.

Retningslinjer for media på sjukehusområdet

Helse Fonna ønskjer å ha eit godt samarbeid med media når dei skal ha kontakt med pasientane våre. Vi vil leggje forholda til rette så godt som mogleg når pasientar er i møte med media.

Det er viktig at dette skjer på ein måte som fungerer godt for alle partar. Vi ønskjer at media skal vere til minst mogleg sjenanse for andre pasientar og for arbeidet på sjukehuset.

Vi ber media om

  • Kontakt kommunikasjonseininga for å gjere avtale
  • Avdelingsleiinga skal alltid vere varsla før journalistane kjem til ei avdeling på sjukehuset
  • Journalistane skal ta kontakt med dei tilsette på avdelinga med ein gong dei kjem
  • Fotografar skal ikkje fotografere/gjere opptak i korridorar utan først å ha avklart dette med avdelinga
  • Sikre pasientar, pårørande og tilsette sitt personvern

Offentleg postjournal

Les offentleg postjournal frå Helse Fonna

3-3-meldingar-uønska hendingar


Helse Fonna melder frå om uønskte hendingar til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten (Kunnskapssenteret). Meldingane har fått namnet 3-3-meldingar.

Offentleggjering av desse meldingane er ein del av Helse Fonna sitt kvalitetsarbeid. Vi tar uønskte hendingar på alvor. Vi går gjennom saka, analyserer hendinga og set i verk tiltak for å hindre at liknande hendingar skjer igjen.

Publis​ering av 3-3​​ meldingar
Vi offentleggjer saker som er melde etter § 3-3 i Lov om spesialisthelsetjenesten, så sant det ligg føre slike saker. Saker der det er vanskeleg å anonymisere pasienten, blir ikkje offentleggjort. Heller ikkje meldingar om sjølvmord eller sjølvmordsforsøk blir publiserte. 

3-3-meldingar blir ikkje umiddelbart publiserte. Hendingane skal først meldast til Kunnskapssenterert, og går gjennom ei grundig behandling i Helse Fonna. Sakene blir lagt ut under dato for publisering, ikkje for kva tid dei skjedde.

Dette er m​​eldep​likta
Det er § 3-3 i Lov om spesialisthelsetjenesten, som skildrar meldeplikta. Lova seier at Helse Fonna som helseføretak skal melde hendingar som har ført til «betydelig personskade på pasient som følge av ytelse av helsetjeneste eller ved at en pasient skader en annen. Det skal også meldes fra om hendelser som kunne ha ført til betydelig personskade» (§ 3-3. Meldeplikt til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten).

Oktober 2016
Allergisk pasient fekk penicillin.
Det var dokumentert i journalen at pasienten var allergisk mot penicillin. Pasient fekk likevel behandling med penicillin (antibiotika).  Saka er brukt i internt forbetringsarbeid. Personell er blitt minna på kor viktig det er å sjekke kritisk informasjon. Kvalitetsutvalet har behandla saka. Kvalitetsutvalet understreker at det er viktig at reaksjon på medikament, både type reaksjon og kor alvorleg reaksjonen er, blir dokumentert på ein tydeleg måte i journal. ​​​

April 2016
Pasient fekk trykksår.
Årsak:
Pasienten var lite mobil. Pasienten var vurdert med tanke på risiko for trykksår, men utvikling av hudstatus var ikkje fulgt godt nok opp.
Tiltak: Pasienten fekk bandasje på såret og trykkavlastande tiltak. Korleis  ivareta oppfølging av pasientar som har auka risiko for trykksår blir tema på neste kursdag.

Mars 2016
Pasient fekk penicillin trass allergi mot denne medisinen.
Årsak: Opplysningar i legemiddelkurva blei ikkje sjekka godt nok. Feilen blei oppdaga og medikamentet tatt bort.
Tiltak: Det er lege som har ansvar for å sjekke opplysningar om kva pasienten ikkje tåler, før ein gir eit medikament. Leiinga på eininga repeterer rutinar for føreskriving av medikamentet og gjer særleg merksam på risikoen ved å kopiere mellom medikamentlister.

Pasient fekk teikn på nyresvikt etter CT-undersøking med kontrast.
Årsak: Pasienten brukte eit medikament som gir auka risiko for nyresvikt. Feilen blei oppdaga ved at blodprøve etter undersøking viste teikn på redusert nyrefunksjon. Sjukepleiar kontakta lege og det pasienten fekk behandling med væske intravenøst.
Tiltak: Det er lege som skal sjå til at medikament som gir auka risiko for nyresvikt blir tatt bort i samband med CT-undersøkingar med kontrastvæske. Avdelinga gjer prosedyre for kontrastundersøking av pasientar med redusert nyrefunksjon kjent slik at både lege og sjukepleiar kan sørgje for god oppfølging av pasienten.

Februar 2016
Forseinka oppstart av antibiotikabehandling
Pasient med blodforgiftning (sepsis) fekk forseinka oppstart av antibiotikabehandling.
Årsak: Det blei først gjort i stand feil type antibiotika. Sjukepleiar som skulle kontrollere antibiotika (type og dose) var ikkje tilgjengeleg på grunn av travel avdeling. Feilen blei oppdaga før behandlinga blei starta ved at sjukepleiar som skulle gi antibiotika kontrollerte medikamentet opp mot det som var ordinert.
Tiltak: Rutinar for å kalle inn ekstrapersonell ved travel avdeling blir gjort betre kjent. Det blir også gjort klart at ansvar for å kalle inn ekstrapersonell er hos vaktleiar.

Forseinka operasjon
Pasient med handleddsbrot fekk forseinka operasjon.  
Årsak: Det blei først vurdert at pasienten fekk tilstrekkeleg behandling med gips. Ved gjennomgang neste dag blei feilstillinga vurdert så stor at operasjon var naudsynt. Pasienten blei operert med god korreksjon av feilstilling
Tiltak: Ortopedisk avdeling går gjennom sjukehistoria for legane og det blir strekt under for leger som går i vakt at legar i utdanningsstillingar må ha låg terskel for å rådføre seg med spesialist.