Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lysro på Valen – eit rom det sannsynlegvis ikkje finst make til

No er det offisielt opna, det kombinerte rommet for lysterapi og ro ved akuttposten på Valen sjukehus. Lysbehandling har effekt for pasientar med depresjon eller maniske tilstandar. Med dette rommet er Helse Fonna heilt i forkant i bruk av lysterapi.

Eirik Dankel
Publisert 25.02.2021
Sist oppdatert 01.03.2024
Opning av Lysro-rommet (Foto)

Ein måndag midt i februar er alt klart for opning.  

– Eg er spent på korleis dette vil fungere. Det blir spennande å følgje med framover, seier Henriksen.

Forsking og stort engasjement

Forsking og erfaringar frå andre sjukehus er grunnlaget for utforminga av rommet og terapiformene. Studiar viser at å bruke lysterapi i tillegg til medisinering og vanleg samtaleterapi, kan ha ei auke i effekt på opptil 40 prosent.

– Det er kjempebra at vi har fått dette i stand, seier Kenneth Eikeset når han slår på lyset under opninga.

– Eg vil gi ros til Tone og engasjementet hennar, fortsett han, og viser med det til overlege Tone Henriksen som har drive fram eit innovasjonsprosjekt som har fått støtte frå Helse Vest.  

– Vi veit at lysbehandling har vore kjent lenge og har ein effekt for pasientar med depresjon eller maniske tilstandar. Med dette rommet er vi heilt i forkant i bruk av lysterapi.

Overlege Tone Henriksen (Foto)

Overlege Tone Henriksen ved Valen sjukehus.

Ikkje så mange rom som dette

Den neste timen blir rommet fleire gonger fylt opp av kollegaer. Dei får ei kort innføring i bruk av rommet og tankane bak, korleis dei ulike behandlingsprogramma fungerer og ideen om å bruke det som kombinert rom for lysterapi og roleg rom.

– Det er ikkje så mange andre rom som dette, som eg veit om, seier Henriksen.

– Av dei eg veit, er romma gjerne ulikt utforma. Hos oss er lyset plassert på veggen etter korleis auga våre fungerer, at lyset kjem skrått ned på oss. På veggen har vi eit bildetapet av ei strand. Det veit vi kan virke roande for mange.

Ho går bort til eit panel på veggen der kan alt styrast. Eit vanleg program har ei innleiing på fem minutt der lyset gradvis blir sterkare, for så ha aktiv behandling i 50 minutt, med ei nedtrapping dei siste fem minutta. Og alt dette kan sjølvsagt justerast individuelt.

Rommet skal blant anna nyttast til våkenterapi for pasientar med bipolar depresjon. Det vil seie ljosbehandling kvar andre natt i ein periode over seks dagar. Men for dei fleste er det morgonterapi  som vil vere aktuelt.

Lysro er også eiot roleg rom (Foto)

Også eit roleg rom

Det nye rommet på akuttposten er også eit roleg rom, slik som dei har ved sikkerheits- og rehabiliteringsposten.

I eit roleg rom kan pasienten velje ulike stimuli som ho synst passar, i form av lyd, lukt eller kva med ein tung kuledyne som breier om deg? Også her er ljos viktig.

– I taket har vi spesielle ljos når dette blir brukt som roleg rom. Dei kan skifte farge og gir stemning, forklarar Henriksen og viser fram ulike ljoskombinasjonar, alle med eigne namn og som kan etterlikne ulike tider på døgnet. 

– Ikkje alle fargane i ljoset i  det rolege rommet er like godt vitskapelig grunna som ljosterapi, men dei gjev ein valfridom for pasientane som også er viktig.

Sjå video frå det rolege rommet ved sikkerheits- og rehabiliteringsposten:

 

  

Fleire bilder frå Lysro:


Lysro - 2019_13.jpg

Frå opninga av Lysro. (Foto)

Lysro - 2019_7.jpg

Ulike kombinasjonar av ljos gir ulik stemning for det rolege rommet.