Hovudregelen er at du får dekt rimelegaste reisemåte til og frå næraste behandlingsstad. Krav om å få dekt utgifter må du sende inn seinast seks månader etter reisa.
Se einge nettsider der du kan laste ned reiserekningsskjema og lese korleis du fyller ut og sender inn
Reiserekningsskjema får du også der du har vore til behandling.
Ring pasientreiser, 915 05 515
Helseekspressen - for deg som skal til Haukeland
Rekvisisjon på taxi
Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke rutegåande transport, kan du ha rett på rekvisisjon til taxi. Behandlaren din kan utstede rekvisisjon for deg.
Manglar det rutegåande transporttilbod på strekninga, kan du ha rett på å få dekt dyrare transport viss reisa di er over 10 km. Det er Pasientreiser som utsteder disse rekvisisjonane.