Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Laboratorieverksemd. (Foto)

Laboratoriemedisin

Laboratoriemedisin i Helse Fonna har laboratorium ved sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord.

Kontakt oss

​Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna har laboratorier ved sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområder. I tillegg til analytisk verksemd tilbyr laboratoria rådgiving for bruk av analysar og tolking av analysesvar. 

Avdelinga skal sikre at pasientar i Helse Fonna og i primærhelsetenesta i vårt nedslagsfelt får god medisinsk service innan diagnostikk og behandling. Vi gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvane rekvirentane treng i førebyggande helsearbeid, diagnostisering og behandling av pasientar.

For pasientar og blodgivarar

Grunna koronaviruset ber Helse Fonna om at blodprøvar blir tekne ved fastlegekontoret så langt som mogleg. Dette for å redusere ventetid og smitterisiko for pasientar som sit og ventar på blodprøvetaking. Det er avgrensa sitteplass i venteområdet for å kunne oppretthalde anbefalt avstand.

Velkommen til oss for blodprøvetaking. Vi gjer merksam på at det kan vere endring i opningstidene i sommarferie og ved høgtider. Vi ber om forståing for at nokre pasientar blir prioriterte for blodprøvetaking.

Hauge​​sund

Opningstider: Måndag til fredag klokka 8.00-14.30 (stengd mellom kl 10:45 og 11:45).​

​Ver vennleg og trekk kølapp når du kjem.

​​Stord

Opningstider: Måndag til fredag klokka 8.00-14.30. Ver vennleg og trekk kølapp på venteplass for røntgen og laboratoriet.

Od​​da

Opningstider: Måndag til fredag klokka 9.00-14.00. Ring på ringeklokka når du kjem til oss.

Blodprøveta​king av barn

For barn kan det høyrast vondt og skummelt ut å ta blodprøve. Personell ved laboratoria vil gjere det dei kan for at prøvetakinga ikkje skal bli ei negativ oppleving. 

For at det ikkje skal vere vondt å ta prøve, kan de kjøpe bedøvingsplaster eller krem på apoteket på førehand, dette heiter EMLA. Det må settast på minst 1 time før og fjernast 10 minuttar før prøvetakinga. 

Barn får prioritert kø, men de bør vere førebudd på at det kan bli venting likevel.​

Vil du melde deg som blodgivar, gå til www.giblod.no. Vil du vite meir om å vere blodgivar i Helse Fonna, sjå blodbanken sine sider

Vi oppfordrar blodgivarar om å laste ned appen «Blodbanken»

Haugesund​​

Opningstider for blodgiving: Måndag til onsdag klokka 7.30-14.15, torsdag 7.30-16.30 og fredag 7.30-13.00. Du kan kontakte oss på telefon 52 73 22 81.

St​​ord

Opningstider for blodgiving: Måndag til fredag klokka 8.30-15.00. Du kan kontakte oss på telefon 53 49 10 90.

O​​dda

Opningstider for blodgiving: Måndag til fredag klokka 8.00-15.00. Du kan kontakte oss på telefon 91 24 59 96 eller 53 65 11 23.

Sau​da

Kontakt oss på telefon 52 73 22 81.​

For rekvirentar og helsepersonell

I laboratoriehandboka finn du oversikt over analysene våre, nytt frå laboratoria og bestillingsskjema for prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar. Via labhandboka kan du abonnere på Lab-info og gi oss tilbakemeldingar. 

Gå til laboratoriehandboka

Laboratoria sender prøvesvar til rekvirent som informerer pasienten om resultata. Prøvesvar sendes elektronisk eller på papir.

Rekvirenten kan få råd og rettleiing om val og rekvirering av analyser/undersøkingar og tolking av prøvesvar.

Laboratoria ved Haugesund, Odda, og Stord sjukehus har ei fast ordning med henting av prøvar frå legekontor i distriktet. Hentinga skjer måndag til fredag etter bestemte ruter og tidspunkt. 

Prøvane blir transporterte ståande i kassettar i eigna transportbagar. Dette sikrar temperaturstabil og trygg transport til laboratoriet. Vi transporterer også brev mellom legekontora og sjukehuset.

Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus) er en ideell, landsdekkende organisasjon som samarbeider med de lokale helseforetakene. Noklus arbeider for å bedre kvaliteten ved den medisinske laboratorievirksomheten i Norge. 

Noklus-kontoret ved Haugesund sjukehus gir råd og rettleiing til helsepersonell som utfører laboratoriearbeid utanfor sjukehusa i Helse Fonna. 

Kontakt oss

Logo Norsk akkreditering 316 (Grafikk)
Fra og med 27. januar 2023 er Avdeling for laboratoriemedisin akkreditert etter NS-EN ISO 15189 «Medisinske laboratorier Krav til kvalitet og kompetanse»

på følgende laboratorier og fagområder:

 Medisinsk biokjemi Haugesund:

M04: Klinisk farmakologi

M12: Medisinsk biokjemi

M30: Prøvetaking

 

Laboratoriet Stord:

M04: Klinisk farmakologi

M12: Medisinsk biokjemi

M30: Prøvetaking

 

Immunologi og transfusjonsmedisin:

M01 Immunologi og transfusjonsmedisin; Immunologi Haugesund

M0110 Immunologi og transfusjonsmedisin; Blodtyping og antistoff bestemmelse – Haugesund, Odda og Stord

M0120 Immunologi og transfusjonsmedisin; Intervju og tapping av blodgivere – Haugesund, Odda, Stord og Sauda

M0130 Immunologi og transfusjonsmedisin; Produksjon av blod og blodkomponenter – Haugesund, Odda og Stord

M0140 Immunologi og transfusjonsmedisin; Oppbevaring, utlevering og transport av blod og blodkomponenter – Haugesund, Odda, Stord og Sauda

Akkreditering innebærer at avdelingen må ha et system for å overvåke og dokumentere at avdelingens produkt og tjenester oppfyller definerte krav til kvalitet og kompetanse. ISO 15189 er tilpasset medisinske laboratorier og omfatter hele prøveprosessen fra rekvirering, prøvetaking, prøvehåndtering, analysering og svarrapportering. Avdelingen har registreringsnummer TEST 316.


​Akkrediteringsomfanget​

Akkrediteringsomfang Test 316

Accreditation scope Test 316

Våre fagområde

Sist oppdatert 23.04.2024