Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Bloggiving. (Foto)

Immunologi og transfusjonsmedisin

Labhandboka i Helse Fonna

Immunologi er utgreiing av autoimmune sjukdommar. Laboratoriet er ved Haugesund sjukehus.

Transfusjonsmedisin, betre kjent som blodbanken, har ansvar for å oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blod og blodprodukt til pasientar i og utanfor sjukehuset.

Vi har også ansvar for fagleg forsvarleg val av blodprodukt til alle pasientgrupper.

Blodprodukta vi produserer blir brukt i heile Helse Fonna og transfusjonsmedisin finn du i Haugesund, Stord og Odda. I tillegg har vi en tappestasjon for blodgivarar i Sauda.

Sidan vi ofte treng blod i behandlinga av pasientar, er vi avhengige av dei som donerer blod til oss. Dersom du lurer på om du kan bli blodgivar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss,  sjå blodbanken.helse-fonna.no eller www.giblod.no.


Blod kan ikkje lagast kunstig. Vi treng mange blodgivarar for å kunne gi livsviktig behandling i samband med sjukdom, ulukker, kompliserte fødslar og skader.


Gi blod, det vil alltid være behov for nye blodgivarar.


Blodet frå blodgivarane blir klargjort og delt i ulike blodprodukt: Røde blodceller, blodplater og plasma. Blod frå en givar kan dermed hjelpe tre pasientar.  

Blodet kan lagrast i 35 dagar etter at det er gitt, derfor treng vi jamt påfyll for at blodbanken skal oppretthalde eit tilstrekkeleg lager av blodprodukt. 

Funksjonsleiar Anita Larsen, telefon 52 73 22 19

Avdelingsoverlege Tatjana Sundic, telefon 41863730

 

Immunologi

Telefon 52 73 22 92

 

Transfusjonsmedisin

Haugesund sjukehus

  • For rekvirentar, telefon 52 73 22 80
  • For blodgivarar, telefon 52 73 22 81
  • Tappestasjon i Sauda, telefon 52 73 22 81

Stord sjukehus

  • For blodgivarar og rekvirentar, telefon 53 49 10 90

Odda sjukehus

  • For blodgivarar og rekvirentar, telefon 53 65 11 23