Laboratorium for medisinsk biokjemi

Arbeid ved laboratoriet i Odda. (Foto)
 
Les meir om Laboratorium for medisinsk biokjemi

Laboratorium for medisinsk biokjemi

Opningstider

  • Haugesund: Kl. 8.00-14.30 (torsdagar har vi stengd kl. 10.45-11.45)
  • Odda: Kl. 9.00-14.00
  • Stord: Kl. 8.00-14.30

Blodprøve

Å ta blodprøve er å tappe ei lita mengde blod for å undersøke eventuelle endringar i innhaldet til blodet. Ei blodprøve er ei undersøking av blodet for å kartlegge normale og sjuklige forhold i kroppen. Blodprøva kan også påvise legemiddel eller giftstoff.

Ved dei fleste sjukdommar vil blodet vise ei rekke endringar. Dette kan vere talet på blodceller, utsjånad og/eller konsentrasjonen av ulike biokjemiske stoff.

Pasientar frå primærhelsetenesta skal ta blodprøve hos fastlegen sin. Har du barn under 10 år eller prøver som treng spesialbehandling, kan du ta blodprøva på sjukehuset. Når du kjem for å ta blodprøve må du ha med rekvisisjon til prøvetaking. Vi har ikkje timebestilling, men vanleg køordning med kølappar der du kan følgje med på ein skjerm når det er din tur.

Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Blodprøva blir som regel tatt i sittande stilling, og dersom det er mogleg, bør du ha vore i ro minst 15 minutt på førehand for at blodprøven skal bli mest mogleg korrekt. Det kan i periodar med mange pasientar vere noko ventetid.

Prøvesvar

Det er legen din som informerer deg om prøvesvaret. Vi på laboratoriet formidlar som hovudregel ikkje prøvesvar direkte til deg. Vi er med og sikrar god diagnostikk og behandling, og gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvene rekvirentane treng til førebyggande helsearbeid, for å diagnostisere og behandle pasientar.

Førebuing til poliklinisk prøvetaking

  • Blodprøven tar vi vanlegvis i armen. Ermet på kleda dine bør derfor vere lette å rulle opp
  • Du bør unngå hard fysisk aktivitet i dagane før prøvetakinga
  • Dersom du ikkje har fått beskjed om å faste, kan du spise ein enkel frukost
  • Har du faste medisinar, kan du ta desse som vanleg om du ikkje har fått andre instruksjonar
  • Sitt gjerne avslappa 10-15 minutt før prøvetaking
  • Før visse undersøkingar er det fleire regler for prøvetaking, som for eksempel belastning. Legen vil gi deg beskjed om dette

Barn

Om barnet er godt førebudd, går blodprøvetakinga ofte lettare. Små barn bør vere vakne, mette og ha tørr bleie for enklare å handtere smerten.  

Prøvetaking på barn kan skje på forskjellige måtar, enten ved stikk i armen eller som eit stikk i fingeren eller hælen. Vi vil vite kva måte som er best for barnet ditt. Hugs at blodprøve av barn kan ta litt tid. Snakk gjerne med barnet sin lege eller laboratoriepersonale hos oss om bedøving av huda på armen før prøvetaking. På apoteket kan du kjøpe smertestillande krem eller plaster som kan smørast på huda. Denne må påførast 1-2 timar før prøvetaking for best effekt.

Henteordning

Laboratoria ved Haugesund, Odda, og Stord Sjukehus har ei fast ordning med henting av prøvar frå legekontor i distriktet. Hentinga skjer etter bestemte ruter og tidspunkt måndag til fredag. Prøvane blir transporterte ståande i kassettar i eigna transportbagar. Dette sikrar temperaturstabil og trygg transport til laboratoriet. Vi transporterer også brev mellom legekontora og sjukehuset.

Rekvirent? Sjå laboratoriehandboka vår

I labhandboka finn du oversikt over alle analysane våre, nyheiter frå laboratoria og bestillingsskjema for prøvetakingsutstyr.

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Haugesund sjukehus

Stord sjukehus

Odda sjukehus

Telefon
52 73 20 00
måndag - fredag 08.00-14.30
Haugesund sjukehus
Besøksadresse
(Kart)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

Det er reserverte plassar blodgivarar, dialyse, behandlingshjelpemidler og enkelte øyeblikkeleg hjelp-plassar. Ta kontakt med aktuell avdeling for meir informasjon om dette.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.