Laboratorium for medisinsk mikrobiologi

Laboratorium for medisinsk mikrobiologi yter mikrobiologisk service til Haugesund-, Odda- og Stord sjukehus, samt til Revmatismesjukehuset i Haugesund.

 

Medisinsk mirobiologi, prøve. (Foto)
 
Les meir om Laboratorium for medisinsk mikrobiologi

Laboratorium for medisinsk mikrobiologi

Opningstider og kontaktinformasjon

  • Måndag-fredag: 7.30-15.00
  • Laurdag: 7.30-15.00
  • Søndag: Stengt

Telefon

  • Funksjonsleiar Trine Cecilie Stumo, telefon: 52 73 22 20
  • Seksjonsoverlege Liv Jorun Sønsteby, telefon 52 73 22 27

Den mikrobiologiske laboratorieverksemda skjer på dagtid og omfattar

  • Direkte mikroskopi av prøvematerialet
  • Identifikasjon og resistensbestemming av relevante bakteriefunn
  • Dyrking og identifikasjon av gjærsopp
  • Antigenpåvising/hurtigtestar
  • Vurdering og kommentarar til dyrkingsfunn og resistensbestemming
  • Rådgiving om antibiotikabruk, indikasjon for undersøkingar, prøvetaking og prøvetransport
  • Undervising og rettleiing av helsepersonell

Analyser og undersøkingar som ikkje kan utføras i Helse Fonna blir sendt vidare til anna offentleg godkjent laboratorium.

ØH-analysar

Analysar som er definert som ØH-analysar og som rekvirerast utanom ordinær opningstid eller på heilagdag der laboratoriet ikkje er bemanna, utførast av vaktpersonell ved Laboratorium for medisinsk biokjemi.

 

ØH-analysar utført på vakt

  • Blodkultur som alarmerer positiv og spinalvæske blir sådd ut i Haugesund heile døgnet
  • Ved Laboratoria på Stord og i Odda vil positiv blodkultur og spinalvæske til dyrking bli sendt så rask som mogleg til Haugesund for vidare behandling
  • Hurtigtestar for Malaria antigen, Legionella antigen og Pneumokokk antigen
  • Gramfarging av direktepreparat utføres berre ved spesielt alvorlege problemstillingar og i samråd med mikrobiologi

Prøvetaking og prøvetakingsutstyr

Rekvirent skal ivareta den preanalytiske kvaliteten på prøvene etter gjeldande retningslinjer og informasjon gitt i Labhandboka og via DIPS ved rekvirering.

Informasjon om val av transportmedium og riktig prøvetaking er gitt under kvar enkelt analyse i Lab Helse Fonna

Ved behov for rådgiving i samband med prøvetaking eller tolking av prøvesvar, kan mikrobiolog og andre fagpersonar nås ved å kontakte laboratoriet per telefon i opningstida. Sjå kontaktinformasjon.

 

Som hovudregel avvisas prøver som ikkje er korrekt merka for å forhindre identitetsforveksling og sikre korrekt prøvebehandling.

Laboratoriet vil også kunne avvise prøvar som kjem laboratoriet etter at eventuell haldbarheit som skildra i Lab Helse Fonna er overskride.

Penslar, sterile glas og uringlas til bakteriologisk dyrking lagerførast ved sentrallageret.

 

Virustransportmedium til PCR undersøkingar, Feces-glas tilsett Cary-Blair transportmedium til dyrking og prøvetakingsett for Chlamydia trachomatis til PCR-undesøkingar hos kvinner kan i Haugesund hentas ved laboratorium for medisinsk mikrobiologi. Dette utstyret kan også bestillast direkte via Analyseoversikten ved Haukeland universitetssjukehus.

Rekvirering

Analyser som utførast ved Laboratorium for medisinsk mikrobiologi bestiller du frå laboratoriemodulen i DIPS.

Dette gjeld både ved poliklinisk kontakt og ved inneliggjande pasientar.

 

Prøve/ene som leverast laboratoriet skal vere merka med DIPS-etikett. DIPS-etiketten er å rekea som ein rekvisisjon og utan den vil ikkje laboratoriet kunne knytte mottatt prøve opp mot ein bestilling.

 

Rekvireringsrutinar er skildra i fjølge prosedyre 711 Rekvirering av mikrobiologiske analyser.

 

Rekvirent vil få ein «mottakskvittering» i DIPS når prøven er motteke og registrert i fagsystemet på laboratoriet.

Hugs tydelege opplysingar

Laboratoriet er avhengig av korrekte og tydelege opplysingar om pasient, rekvirent, prøve og problemstilling for å kunne analysere prøva og tolke resultatet.

Men også korrekte opplysingar og val av riktig prøvemateriale er viktige element.

 

Manglande eller mangelfulle kliniske opplysingar kan medføre direkte feilaktig eller forsinka handtering i laboratoriet, eller at prøva ikkje blir analysert. Som hovudregel vil laboratoriet avvise prøver som ikkje er korrekt merka, for å forhindre identitetsforveksling og sikre korrekt prøvebehandling.

 

Ved laboratoriet kan bestillinga bli endra på medisinsk fagleg grunnlag basert på tilsendt prøvemateriale og kliniske opplysingar eller resultat oppnådd ved primærundersøking.

 

Det er mogleg å reservere seg mot supplerande undersøkingar ved å gi tydeleg beskjed i rekvisisjon/bestilling.

 

Rekvirering av prøver tatt av tilsette skal ikkje gjerast elektronisk i DIPS, men rekvirerast manuelt på rekvisisjonsskjema i papir ihht retningslinjer beskrevet i HMS håndboka 7.1 Smittevern.

Rekvisisjon Laboratorium for Medisinsk Mikrobiologi (PDF 23KB)

Kontakt

Haugesund sjukehus
Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

MEIR INFO OM ANDRE RESERVERTE PLASSAR (ØH-plassar, beh.hj.middel osb)

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.