Opningstider og pasientinformasjon

For deg som skal til oss på laboratoria.

Haugesund​

Måndag til fredag klokka 8.00-14.30 (stengd mellom kl 10:45 og 11:45).
​Ver vennleg og trekk kølapp når du kjem.​

​Odda

9.00-14.00.

​Stord

8.00-14.30.

Ei blodprøve er ei undersøking av blodet for å kartlegge normale og sjuklige forhold i kroppen. Blodprøva kan også påvise legemiddel eller giftstoff.

Å ta blodprøve er å tappe ei lita mengde blod for å undersøke eventuelle endringar i innhaldet til blodet.

Ved dei fleste sjukdommar vil blodet, som strøymer gjennom alle organ og vev i kroppen, vise ei rekke endringar. Dette gjeld talet på blodceller, utsjånad og/eller konsentrasjonen av ulike biokjemiske stoff. Med analyse kan vi få ein «spegel» av kva som skjer inne i kroppen.

På laboratoria er det eigen poliklinikk for å ta blodprøve, fortrinnsvis for pasientar ved poliklinikkar på sjukehuset.

Pasientar frå primærhelsetenesta skal ta blodprøve hos fastlegen sin.

Har du barn under 10 år eller prøver som treng spesialbehandling, kan du ta blodprøva på sjukehuset.

Når du kjem for å ta blodprøve må du ha med rekvisisjon til prøvetaking. Vi har ingen timebestilling, men vanleg køordning med kølappar der du kan følgje med på ein skjerm når det er din tur.

Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis nokre få minutt. Blodprøva blir som regel tatt i sittande stilling, og dersom det er mogleg, bør du ha vore i ro minst 15 minutt på førehand. På denne måten unngår ein at konsentrasjonen av stormolekylære bindingar varierer som følgje av variasjonen i blodvolum.

Det kan i periodar med mange pasientar vere noko ventetid.

Prøv​​esvar

Det er legen som informerer om prøvesvar. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

Vi er med og sikrar god diagnostikk og behandling, og gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvene rekvirentane treng til førebyggande helsearbeid, for å diagnostisere og behandle pasientar

Tilbakemeldingar om feil frå oss blir behandla i avviks- og klagesystemet til Helse Fonna.

Førebuing til poliklinisk p​røvetaking

  • Blodprøva tek vi vanlegvis i armen. Ermet på kleda bør difor vere lette å rulle opp
  • Du bør unngå hard fysisk aktivitet i dagane før prøvetakinga
  • Dersom du ikkje har fått beskjed om å faste, kan du spise ein enkel frukost
  • Har du faste medisinar, kan du ta desse som vanleg om du ikkje har fått andre instruksjonar
  • Sitt gjerne avslappa 10-15 minutt før prøvetaking
  • Før visse undersøkingar er det nokon fleire regler for prøvetaking, som for eksempel belastning. Legen vil gi beskjed om dette

Om barnet er godt førebudd, går blodprøvetakinga ofte lettare. Små barn bør vere vakne, mette og ha tørr bleie for enklare å handtere smerten.  

Prøvetaking på barn kan skje på forskjellige måtar, enten ved stikk i armen eller som eit stikk i fingeren eller hælen. Vi vil vite kva måte som er best for barnet ditt.

Hugs at blodprøve av barn kan ta litt tid.

Snakk gjerne med barnet sin lege eller laboratoriepersonale hos oss om bedøving av huda på armen før prøvetaking. Det finns smertestillande krem eller plaster som kan smørast på huda. Denne får du kjøpt på apoteket og bør påførast 1-2 timar før prøvetaking.

Vi treng ofte blod i behandlinga av pasientar. Blod kan ikkje lagast kunstig, så vi er avhengige av dei man ge blodgivarane som gir blod til oss. Slik blir du blodgivar.

Er du allereie ​blodgivar og treng å komme i kontakt med oss?

  • Haugesund sjukehus, telefon 52 73 22 81
  • Tappestasjon i Sauda, telefon 52 73 22 81
  • Stord sjukehus, telefon 53 49 10 90
  • Odda sjukehus, telefon 53 65 11 23

For å sikre teieplikta ønskjer vi at all skriftleg dialog knytta til sensitiv informasjon skjer via eDialog.

Sjå korleis

Sjå kontaktinformasjon til funksjonsleiarar og avdelingsoverlegar under kvart fagområde.

Avdelingsleiar er  Rita D. Tyse, e-post: rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no

​ 


Henning skal ta blodprøve

For barn kan det virke litt skummelt å ta blodprøve. Bli med og sjå kva som skjer.
Les boka
Barn som skal ta blodprøve. (Foto)
Sist oppdatert 24.04.2023