Labhandboka i Helse Fonna
Kva gjer vi?
Vi utfører diagnostikk av sjukdommar ved analyse av celle- og vevsprøvar. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk.
Patologi handlar om sjukelege forandringar i celler og vev, der vi studerer årsakar til sjukdommane, utviklingsmekanismer og påverking av struktur og funksjon.
Ved mange sjukdommar er det karakteristiske forandringar i vevet, og undersøking av vevs- og celleprøver er ofte avgjerande for å kunne stille ein diagnose.
Prøvesvar
Svara på prøvar går frå oss og direkte til den som har bestilt prøven, som fastlege eller sjukehuslege. Vi kan dessverre ikkje opplyse om prøvesvar direkte til pasient.
Opningstider og kontaktinformasjon
Du finn oss ved Haugesund sjukehus.
Åpningstider for levering av preparat og prøvar:
Måndag til fredag: 08.00-14.30
Laurdag og sundag: stengt
Kontaktinformasjon
Prøvetaking
Levering av preparat og prøvar
Preparat kan leverast frå kl. 08.00-14.30.
CITO-prøvar må leverast umiddelbart etter prøvetaking.
Prøvesvar
Svara på prøvar går frå oss og direkte til den som har bestilt prøven, som fastlege eller sjukehuslege. Vi kan dessverre ikkje opplyse om prøvesvar direkte til pasient.
Histologiske undersøkingar
Fiksering: Bruk kun 10 % bufret formalin (= 4 % formaldehyd).
Mengde: 10 % vev, 90 % formalin.
Bruk stor nok forsendelsesemballasje. Ved småbiopsiar: fyll glasset så ikkje preparatet ligg langs kanten og tørkar.
Preparat må leggast på formalin så fort som mogleg og innan 30 minutt.
Formalinfiksert materiale skal oppbevarast i romtemperatur.
Preparatbeholdar (ikkje lokket) skal merkast med namn, fødselsdato og eventuelt nummerering.
Ved avtale kan enkelte operasjonspreparat mottas ufiksert, og då 15 minutt etter at dei er tatt ut av pasienten.
Cytologiske undersøkingar
Prøveglasset/objektglass skal merkast med namn og fødselsnummer (11 siffer). Prøveglass som er umerka eller med ufullstendig ID, blir vurdert som ueigna. Prøvar som skal til cytologisk undersøking må leverast snarast mogleg til patologi, eventuelt settast i kjøleskap utanom opningstidene.
Rekvirering
Rekvirering av prøve skjer ved utfylling av histologi- eller cytologiremisse. Vårt laboratorium har i dag ikkje elektronisk rekvirering.
Interne rekvirentar skal nytte skjema for høvesvis cytologi og histologi i DIPS.
Utfylt remisse må minimum innehalde
Rekvirent
- Klinikk/legekontor/avdeling
- Namn på lege og HPR-nummer
Pasient
- Personnummer
- Namn
- Inneliggande eller poliklinisk
- Type materiale/fikseringsmåte
- Prøvetakingsdato og tidspunkt
- Eventuelt: Tydeleg merking av CITO/Pakkeforløp
Bestiling ved nedetid i DIPS
Patologi-undersøkingar kan bestillast på papirskjema. Skjemaet skal leverast saman med preparat til Patologisk seksjon i underetasjen ved Haugesund sjukehus. Beskrivelse blir automatisk lagt i DIPS når DIPS er aktiv igjen.
Skjema for bestilling av patologiundersøkelser ved nedetid
Sendeprøvar
Nokre analysar blir sendt til andre laboratorier (henvisningslaboratorier) for verifisering og utvida diagnostisering. Dette gjeld mellom anna molekylærpatologiske analysar, flowcytometri, spørsmål om lymfom, og prøvar der pasienten blir behandla ved Haukeland universitetssykehus.