Forsking tiltrekk seg gode fagfolk

Styret i Helse Fonna fekk i dag eit innblikk i forskarverda i føretaket. Aldri før har det blitt publisert så mange artiklar og på eit så høgt nivå som det siste året. I tillegg har fleire disputert for doktorgrad. Satsing på forsking gjer Helse Fonna til ein attraktiv arbeidsplass.

 

 – Det er ei imponerande utvikling innan forsking, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Han fekk i dag høyre at det i fjor blei publisert 50 vitskapelege artiklar, hittil i år er talet godt over 30. I tillegg har to sjukepleiarar motteke si doktorgrad.

All forskinga er til beste for pasient og blir oftast gjort av helsepersonell som deler arbeidet sitt mellom behandling av pasientar i klinikk og forsking. 

Utvikling av oransje brille for å dempe uro hjå pasientar med psykisk sjukdom er eit av suksessområda, forsking i verdsklasse innan både nyresvikt og demens er andre område. Diagnosar som diabetes og kols er også viktige vitskapelege tema for forskarane i Helse Fonna.

–Det er særs gledeleg at forskinga blir kjend og dette tiltrekk seg gode behandlarar. Det er viktig for pasientane med utviklande forsking og god rekruttering av flinke fagfolk, seier  Svendsen.

Sjå video

 

Bjørn Egil Vikse: Forsking av internasjonal klasse
Tone Henriksen: Bipolare blir betre med briller
Eva Biringer: Ny kunnskap og betre behandling
Bjørn Gunnar Nedrebø: Å føre medisinen eitt hakk vidare
Heidi Bringsvor: Undring blei til forsking
Arvid Rongve - Med leiande kompetanse på demens

Sjukefråver

Styret fekk ei dag ei grundig utgreiing om sjukefråveret i Helse Fonna,  utvikling og tiltak. I august 2016 var det samla sjukefråværet i Helse Fonna 5,8 prosent og sjukemeldt fråvær 4,9 prosent. Å arbeide for ein helsefremmande arbeidsplass og lågt sjukefråvær er ein vesentleg strategi føretaket har for å vere ein framtidsretta kompetanseorganisasjon. Målet i Helse Vest er å redusere sjukemeldt fråver til under 4,5 prosent. På stadig fleire einingar i Helse Fonna kryp fråveret nedover.

– Det er viktig å halde sjukefråveret på eit lågt nivå, både for den enkelte medarbeidar og for føretaket, seier styreleiaren. Styret sa seg nøgd med informasjonen dei fekk om det arbeidet som blir gjort både for å førebygge og handtere sjukefråver. I 2016 er det meldt om to fråversskadar som følgje av uønska hending. Det har det siste årete vore eit særleg fokus på førebygging av vald og truslar mot medarbeidarar.  Dette arbeidet vil halde fram.

Pasientskadeerstatning

Det er ei auke i talet på erstatningskrav frå pasientar som meiner dei er påført skade i helsetenesta. Det er Norsk Pasientskadeerstatning som handterer erstatningskrav retta mot sjukehusa i Noreg. Behandlarar i Helse Fonna skal informere pasientane om at det er mogleg å klage inn saka dersom dei meiner dei er påført unødig skade.  Frå 2011 til 2015 fekk 43 prosent av pasientane medhald i sin klage. I fjor var det totalt klaga inn 90 saker frå pasientar i Helse Fonna. Ortopedi, svulstar og kreftsjukdomar står for halvparten av sakene. Det blei i 2015 betalt ut nær 34 millionar kroner i erstatning. Beløpa er rekna ut i frå tap av mellom anna tapt arbeidsforteneste og medisinsk invaliditet. Det kan gå fleire år mellom innmeldt sak og erstatningsutbetaling.

Sjukehusplan Stord

Stord sjukehus skal halde fram som akuttsjukehus innan både kirurgi og indremedisin og fødeavdelinga skal oppretthaldast. Dette er nokre av tilrådingane som styret i Helse Fonna sender til Helse Vest for vidare handsaming. Det har vore gjennomført eit større prosjekt på Stord sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan . Resultatet av arbeidet er sendt ut på høyring og saka blei i dag behandla i styret.  Vidare blir det lagt vekt på å utvikle ein felles kultur mellom dei tre somatiske sjukehusa i føretaket og styrke samarbeidet med kommunane. Det skal vere stadleg leiing på Stord og det blir vurdert  å desentralisere fleire poliklinikkar til Stord. Det er kome høyringssvar til rapporten frå ni instansar som i hovudsak sluttar seg til tilrådingane i prosjektrapporten.

Styret presiserte at det er viktig med eit godt samarbeid mellom sjukehusa for å sikre gode og fullverdige  tenester til pasientane. Styreleiaren er særs glad for tiltak som gjeld felles kulturbygging, hospitering av fagfolk mellom sjukehusa og det framtidige fokuset på å styrke forsking og kvalitetsutvikling på tvers av sjukehusa i Helse Fonna.