Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heidi Bringsvor - Undring blei til forsking

– Eg har alltid jobba «på golvet», seier Heidi Bringsvor. Som  intensivsjukepleiar har ho sett mange sjuke KOLS-pasientar.

 

 – Eg begynte å tenke at vi kanskje kunne gjere noko tidlegare, for å hindre at dei blei så sjuke at dei trong intensivbehandling, fortel ho.

Betre helse og livskvalitet
Undringa til intensivsjukepleiaren blei til studiet til forskaren. Enkelt fortalt handlar studien om pasientane kan oppleve betring dersom dei lærer seg å handtere sjukdomen best mogleg sjølv. I prosjektet får pasientar med KOLS tilbod om gruppesamtalar, og studien skal vise om dette gir betre livskvalitet og mindre alvorlege symptom.

Prosjektet går på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta – akkurat som pasientane.

– Det er viktig at vi i sjukehus og kommunane kan dele erfaringar og lære av kvarandre. Det gir betre behandling til pasientane, seier Bringsvor.

Sist oppdatert 26.10.2016