Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bjørn Gunnar Nedrebø - Å føre medisinen eitt hakk vidare

- Forsking og basis for forsking er trur eg er naudsynt for å forstå medisin i si heilheit.

 

Bjørn Gunnar Nedrebø er overlege ved Haugesund sjukehus og arbeidar blant anna med diabetespasientar. For å få forskingsdata for denne pasientgruppa driv han med datasamling til Noklus Diabetes, som er eit Nasjonalt pasientregister.

- Vi har laga eit reiskap som  fortel oss korleis det går med pasientane våre og kva for behandling som hjelper den enkelte. Med dette har vi då full oversikt over denne pasientgruppa i Noreg og kan med det også bidra til internasjonal forsking. 

Diabetes angår fleire deler a v kroppen
- Med bakgrunn i våre data kan ulike medikament utprøvast. For kanskje er det betre å ta tak i fettstoffskiftet enn bukspyttkjertelen i nokre tilfelle, medan det for andre pasientar er andre medikament som vil vere best egna. 

Eit godt resultat tek tid
- Det tek tid å få resultat, men det er veldig viktig for å vite korleis vi skal behandle pasientane våre og korleis vi kan bruke ressursane på beste måte. Og bak alle resultat som blir publisert ligg det masse arbeid, og difor er gleda stor når vi er i hamn med nye resultat.

 - Eg håper jo at vi er med å føre medisinen eit lite hakk vidare med kvart produkt vi klarer å lage ut i frå forskinga vår.

Sist oppdatert 26.10.2016