Bjørn Egil Vikse - Forsking av internasjonal klasse

– Høgdepunktet som forskar er å finne ny informasjon som forskarar og legar i resten av verda kan bruke.

 

Det har Bjørn Egil Vikse verkeleg klart. Forskinga hans er publisert i det høgast rangerte tidsskriftet i verda, New England Journal of Medicine. Det har ført til at rundt 300 andre forskarar har brukt resultata vidare i si forsking. 

Gir viktige bidrag
Det er nyresjukdom Vikse forskar på. Han finn fram til faktorar heilt ned på proteinnivå som kan seie noko om kven av oss som har størst risiko for å utvikle alvorleg  nyresjukdom og vil ha best nytte av behandling.

– Forsking er ein internasjonal dugnad, der Helse Fonna har gitt viktige bidrag, seier Vikse.