Tone Henriksen er psykiater og overlege ved Valen sjukehus. Pasientane ho fortel om har bipolar liding, og var innlagt på Valen sjukehus i ein manisk fase. Som ein del av forksinga si, ga ho dei briller med oransje glas. Hypotesen var at oransje briller som blokkar den blå fargen i lyset kunne bidra til å regulere prosessar i hjernen som er kjenslevare for lys. Det stemte.
Rask betring og mindre medisinbruk
– Det er andre som har tenkt på dette før, men styrken vår i Helse Fonna er at vi har klart å gjennomføre det, seier Henriksen.
– Ved å gå med briller 14 timar i døgnet, har vi sett at pasientar i manisk fase blir markant betre etter bare 5-7 dagar. Dette er pasientar som elles kan vere innlagt i sjukehus i fleire månadar utan særleg betring. Bruk av briller kan kraftig redusere medisinbruken.
Det har vore stor internasjonal merksemd kring funna i denne studien.
– Mange følgjer med og ventar på publikasjonen, som no er akseptert i fagtidsskriftet Bipolar disorders.
Les artikkelen "Blue-blocking glasses as additive treatment for mania: a randomized placebo-controlled trial"