Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Folgefonn DPS

Folgefonn distriktspsykiatriske senter (FDPS) er eit  lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år for kommunane Kvinnherad og Ullensvang.  Er du i akutt behov for psykiatrisk hjelp, ta kontakt med  fastlegen din eller legevakt der du bur. Er du allereie pasient ved Folgefonn DPS, bruk  kriseplanen din.

 
 


Vi held til i vakre og rolege omgivelsar på Valen, men har og poliklinikk ved Odda sjukehus.

Vi ønskjer å gi deg sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det.


  • Resepsjon Odda, måndag - fredag, 7.30-15.00: 53 65 10 50. Forløpskoordinator 904 76 816.
  • Resepsjon Valen, måndag - fredag, 7.30-15.00: 53 46 65 90. Forløpskoordinator 902 62 788.

Laurdag og sundag stengt.

Avbestilling av polikliniske timar må gjerast innan 24 timar før timeavtalen, elles påløp det eit gebyr på kr. 374,-

Kva er eit FACT-team?

Forkortinga står for Flexible assertive community treatment, og kan omsetjast til «Fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam i lokalmiljøet». Det er ein behandlingsmodell som er utvikla gjennom fleire år i Storbritannia, USA og Nederland.

FACT- teamet ved Folgefonn DPS har tett samarbeid med kommunane Kvinnherad og Ullensvang. Ved å samarbeide med fleire hjelpeapparat kan vi koordinere tenester som best mogleg kan hjelpe mot ein betre kvardag. 

Kven kan nytte seg av FACT-teamet?

Dei som er over 18 år med mistanke om alvorleg psykiske lidingar som ikkje klarar å nyttiggjere deg av ordinært poliklinisk eller kommunalt tilbod. 

Vi i FACT-teamet ved Folgefonn DPS har utarbeida ei lokal tilpassing for kven det er i samarbeid med kommunar i opptaksområdet:

  • Dei som treng behandling
  • Dei med ein tilstand som ikkje er av forbigåande art, men gjennomgripande og langvarig
  • Dei med alvorleg svikt i sosial funksjon
  • Dei som har behov av koordinerte tenester frå ulike instansar, som kommune, NAV, eller IPS

Tilvising

Pasienten sjølv, familie, den kommunale helse- og sosialtenesta eller andre, kan kontakte FACT-teamet både på anonymt grunnlag eller for å drøfte om nokon er aktuell for teamet.

Vi treng også tilvising frå lege.

Pårørande

Pårørande er ein viktig ressurs i behandling og i omsorga for sine nære. Som pårørande vil ein ofte ha behov for støtte og hjelp. Sjølv om helsepersonell har teieplikt, har pårørande likevel rett på informasjon. Alle pårørande har også rett til generell rettleiing.

Vi legg vekt på

  • Pasienten sitt perspektiv, ressursar og miljø
  • Å fremje meistring og sjølvstende
  • Behandling med medisinar ved behov
  • Symptomlindring
  • Rusbehandling
  • Familie- og nettverksstøtte
  • Støtte og rettleiing til å meistre daglege gjeremål
  • Arbeid, bustad, meiningsfull aktivitet og fritid
  • Samtaleterapi
  • Støttesamtale
  • Individuellplan og kriseplan
  • Samarbeid med fastlege og andre aktuelle aktørar
  • Oppfølging og behandling regulert etter pasienten sine ønskjer og behov

Opningstider er måndag til fredag, klokka 07.30-15.00.

Adresse

FACT-teamet ved Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 15, 5450 Valen

Telefon

  • Direktetelefon: 53 46 64 77
  • Sentralbord: 53 46 65 90


FACT teamet – ambulant behandling 

Folgefonn DPS har eige ambulant (oppsøkande) team; FACT teamet. Forkortinga står for Flexible Assertive Community Treatment og kan omsetjast til «fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam i lokalmiljøet» Dette er ein behandlingsmodell som er utvikla gjennom fleire år i Storbritannia, USA og Nederland. Vårt FACT-team har tett samarbeid med kommunane som er knytt opp til Folgefonn distriktspsykiatriske senter.

Målgruppe

Målgruppa vender seg til menneske over 18 år med alvorlege psykiske vanskar og som i tillegg kan ha t.d. rusproblem, ikkje klarer å gjera seg nytte av eller følgja opp dei vanlege  behandlingstilboda, slit med eigenomsorg, har problem med familie og nettverk, problem med bu-situasjon, kriminalitet osv. Primært driv teamet med behandling av psykoselidingar, men graden av funksjonsnivå og behov for samansett og langvarig behandling er styrande for inntak, ikkje diagnosen i seg sjølv. 

  • Behandling er påkrevd
  • Tilstanden er ikkje av forbigåande art, men gjennomgripande og langvarig
  • Alvorleg svikt i sosial fungering
  • Det er naudsynt å samordna hjelp og oppfølging frå ulike instansar for å gjennomføre ein behandlingsplan

FACT teamet har spesielt fokus på

  • Pasienten sitt perspektiv, ressursar og miljø
  • Å fremja meistring og sjølvstende
  • Behandling med medisiner ved behov
  • Symptomlindring
  • Rusbehandling
  • Familie/nettverksstøtte
  • Støtte/vegleiing til å meistra daglege gjeremål
  • Arbeid, bustad, meiningsfull aktivitet og fritid
  • Samtaleterapi
  • Støttesamtalar
  • Individuell plan og kriseplan
  • Samarbeid med fastlege og andre aktuelle aktørar
  • Oppfølging og behandling regulert etter pasienten sine ynskje og behov 
 
Recovery perspektivet ligg som fundament i FACT teamet sin tilnærmingsmetode. Filosofien bak recovery er å leggje til rette for at alle kan leve tilfredsstillande liv. Ei grunnleggjande haldning i recovery, er derfor trua på at også dei med psykiske vanskar kan ha ein god og meiningsfull kvardag. Behandlar og brukar jobbar som likeverdige partnarar mot brukarens mål. Brukaren er ekspert på seg sjølv, og behandlar er ekspert på det faglege, og relasjonen vert basert på openheit og tillit. Målet er at brukaren får tilstrekkeleg med kunnskap, ferdigheiter, nettverk og støtte til å ta ansvar for eige liv. 


Tilsette i FACT teamet

Teamet er tverrfaglig samansett med overlege, psykolog, erfaringskonsulent, psykiatrisk sjukepleier, klinisk sosionom og ruskonsulent. 


Kontakt oss

Vi er tilgjengelige på telefon både for pasientar og samarbeidspartnarar mellom klokka 8.00 og 15.00 i vekedagane. Vi har ikkje bakvakt på kveld og i helger, men vi skal syte for at pasientane har ein sjølvhjelpsplan slik at dei kan oppleve trygghet i tidsrom der vi ikkje er tilgjengelege.

Alle instansar kan kontakte FACT-teamet for å konsultere på anonymt grunnlag eller for å drøfte om ein pasient eller brukar er aktuell for hjelp av oss.

  • Ekspedisjon: 53 46 65 90
  • Dir.nr. FACT teamet: 952 56 269


Poliklinikken kan tilby utgreiing og behandling til personar med allmennpsykiatriske lidingar. Dette kan vere angstlidingar, kriser der den kommunale helsetenesta ikkje har vore tilstrekkeleg, depresjonar, ADHD-problematikk, personlegdoms- og spiseforstyrringar, eller ein kombinasjon av desse.

Pasientar som vert vurderte til å ha «rett til nødvendig helsehjelp» i spesialisthelsetenesta, vert først kalla inn til vurdering. Etter vurderinga vert det avklart i lag med pasienten kva som vil vere den best eigna behandlinga. Medikamentfrie behandlingstilbod er ein integrert del av det totale behandlingstilbodet som Folgefonn DPS har.


Behandlingstilbod kan vere

  • Individuell korttids og langtidspsykoterapi; interpersonleg prega og kognitive terapiformer (samtaleterapi)
  • Gruppeterapi – bl.a. gruppeterapi  ved sosialfobi/ unnvikande personlegdomsforstyrring (i Odda)
  • Treningspoliklinikk
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Kriseintervensjon
  • Traumebehandling (EMDR)
  • Medikamentell behandling
  • Hesteassistert terapi og musikkterapi
  • Pårørandearbeid individuelt og i gruppe, inkludert barn (Barne- og familieprogrammet)
Målet vårt for deg som er pasient hos oss er å redusera symptom og lidingstrykk, og å betre din funksjon i kvardagen, slik at du kan klare deg utan hjelp frå oss på DPSet.

Kven møter du?

Vi har psykologspesialistar, psykologar, psykiatrar, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom, fysioterapeut og legar i spesialisering som er med på di behandling. Ein vil og ha tilgang på prestetjeneste ved behov. 

Vi greier ut og gir poliklinisk behandlingstilbod til deg som både har rusliding og psykiske lidingar, også kalla ROP-lidingar. Vi undersøkjer også behov for plass i rusbehandlingsinstitusjon og hjelper til med å søke plass. 
 
Vårt mål i behandlinga av deg med rusliding er å forkorte tida med behandling og hjelpe til at du blir rusfri. 

Målsettingane våre lagar vi individuelt til kvar pasient. For å sette realistiske mål ser vi blant anna på når ruslidinga di blei etablert, kor lenge det har vara, type rusmiddel, din alder, kjønn, og psykiske og fysiske helsetilstand. Men også samlivserfaringar, utdanning, arbeidserfaring og økonomiske situasjon er viktig for å sette mål for behandlinga. Vi følgjer og opp pasientar som er i LAR behandling (legemiddelassistert rehabilitering) i Kvinnherad og i Ullensvang.

Kven treff du hos oss?

Poliklinikken er tverrfagleg samansett med kompetane innan medisin, psykologi og sosialfag.

  • Behandlingsformer
  • Traumebehandling
  • Kognitiv behandling
  • Medisinsk behandling
  • Systemisk tilnærming
  • Pårørandearbeid
  • Motiverande intervju

Kven samarbeider vi med?

  • Kommunale instansar
  • NAV
  • Fastlege
  • Pårørande
  • Andre avdelingar i Helse-Fonna, blant anna Avrusningsposten ved Haugesund sjukehus
  • Rusinstitusjonar, både eksterne og lokale, som Ungdomseininga på Karmøy DPS, som tilbyr tverrfagleg spesialisert rusrehabiliteringsbehandling, langtid i inntil 1 år, med påfølgande tilbod om ettervernsoppfølging for unge-vaksne i alder 18-27 år.

Pårørande og samarbeid med andre

For deg som er pårørande eller arbeider i samarbeidande organ har vi generell informasjon, råd, rettleiing og undervising.


Døgnposten har 2 postar, Allmenn og Psykose, med til sammen tolv senger. Der to erbrukarstyrte senger og ei er kriseseng.

Målgruppa på Allmenn post er personar med  blant anna alvorlege angstlidingar, depresjonar, personleghetsforstyrringar,  suicidalproblematikk, rusmiddelavhengighet og alvorlege krisetilstander.

Målgruppa på Psykose post er personar med psykoseproblematikk.

Vi ønskjer å bistå deg til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det. 

Det er din behandlar og miljøkontakt som samarbeider med deg om ditt behandlingsopplegg.

Hjelpa vår til deg skal ytast med respekt for din integritet og dine behov. Hugs at hos oss har alle teieplikt.

Posten vil gje tilbod om

  • Kartlegging gjennom samtale, spørjeskjema og klinisk vurdering
  • Planlegging med kvar enkelt, individualsamtalar, pårørandesamtalar, medikamentell behandling ved behov, miljøterapi og aktivitet
  • Bidra til å styrke den enkelte sitt nettverk og ha eit nært samarbeid med 1. linjetenesta

Behandlinga vil kunne bidra til

  • Styrkje ens sjølvkjensle
  • Betre relasjonar til andre
  • Nytt og friare perspektiv på eige liv med fokus på eigne ressursar
Miljøterapi
Miljøet skapas av holdningar, handlingar, ytringar, tankar og følelsar. Miljøterapi er ein systematisk tilrettelegging av fysiske, psykiske og sosiale faktorer imiljøet for å oppnå personleg vekst hos den enkelte.

Ergoterapi/fritidsleiar

Ergoterapiavdelinga har ymse former for aktivitetstilbod: treningskjøkken, sosial trening, forming, snikkarverkstad og ulike former for fysisk aktivitet. Utanfor sjukehuset er det eit godt turterreng. Det er ein eigen gymnastikksal med klatrevegg, tennisbane, og styrkerom. 

Prest

Samtaler med prest kan avtalast direkte eller via personale på posten. Det er kapellsamling første torsdag i månaden.

Generell informasjon

Ved innlegging bør du ha med deg:
  • Kle til dagleg bruk
  • Sko og klede til tur og aktivitet
  • Toalettsaker
Under opphaldet oppmodar vi om å halde kontakt med familie og andre, og ønskjer å legga til rette for permisjon. Dette avtales med posten på førehand. 
Kontakt med pårørande
Posten vil leggja til rette for at dei pårørande skal kjenna seg ivaretekne. Det kan vera aktuelt med samtalar mellom behandlingspersonalet og dei pårørande. Når ein vert kalla inn til samtale, får ein dekka reiseutgiftene. Besøkande er velkomne etter avtale med posten.

Barn som pårørande
Mange foreldre/ føresette som har ei psykisk liding eller eit rusproblem er bekymra for borna sine. Dei kan synast det er vanskeleg å gje gode forklaringar om livssituasjonen. Mange born går med tankar og bekymringar for foreldra sine. Likevel let dei vere å stille spørsmål, og kan kjenne seg einsame. Klinikk for psykisk helsevern ynskjer at barna skal oppleva att dei vert sett og tekne vare på, og at pasientar med born skal oppleva at dei får hjelp til betre meistring av foreldrerolla.

Alle innskrivne pasientar skal difor gjennomgå barnekartlegging og det gis tilbod om familiesamtale – om og med born.

Kontakt oss

Kontortelefon Allmenn: 53 46 64 81
Trådlaus pasienttelefon: 53 46 64 95

Kontortelefon Psykose: 53 46 64 75                   
Trådlaus pasienttelefon: 53 46 64 94



Vi er på Valen og i Odda, og gir eit allmennpsykiatrisk tilbod til befolkninga over 18 år i opptaksområdet Kvinnherad, Odda, Jondal, Ullensvang og Eidfjord.

Opphaldets varigheit er avhengig av problemstilling og hjelpebehov.

Ofte skjer ei innlegging etter ein periode som kan ha vore utfordrande for pasienten. Du som står pasienten nær kan òg ha hatt det vanskeleg medan dette har foregått. No som pasienten er innlagt hos oss ynskjer vi å formidle at vi skal gjere det vi kan for å ivareta pasienten på ein god måte. Somme tider kan det væra aktuelt med samtalar mellom behandlingspersonalet og deg som pårørande.

Vær merksam på at det ikkje er alle som ynskjer at vi skal snakke med deira pårørande medan dei er i behandling, men vi ynskjer samstundes og legga til rette for at du som pårørande skal kunna føla deg ivareteken. Ta kontakt for ytterlegare informasjon om korleis vi kan bistå.

Familie og vener er velkomne på besøk, men dette bør avtalast på førehand. Det er eigne besøksrom og ei familiestove ein kan nytte til dette. Besøk bør i all hovudsak leggast til etter klokka 15.00.

På sjukehusområdet på Valen held Folgefonn DPS til i to av bygningane som ligg  nærast hovudvegen. 
Kart Valen sjukehus.png

Kart Valen sjukehus.png


Kart over sjukehusområdet

  1. 1. etg: Eining for sikkerhet. Underetg: Eining for sikkerhet og rehabilitering
  2. FDPS poliklinikk
  3. 2. etg: Behandlerkontor og resepsjon. 1. etg: Akuttposten. Underetg: Eining for psykosebehandling
  4. Leiing og administrasjon
  5. Folgefonn DPS
  6. Internservice
  7. Hovedkjøkken
  8. Nor Tekstil vaskeri
  9. Verkstad
  10. Velferdsbygg/kapell
  11. Gartneri
  12. Søsterheimen





Kontakt

Valen

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Fonna, Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 13, 5451 Valen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikk og døgnavdeling på Valen: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Poliklinikken i Odda: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

Folgefonn DPS

Sjukehusvegen 8, 5750 Odda

Sjukehusvegen 15, 5451 Valen