HELSENORGE

Brukarmedverknad i psykisk helsevern

Våre brukarråd samarbeidar med pasientar og pårørande for å sikre at deira erfaringskunnskap tas med i utgreing- og behandlingstilboda våre. Vi ønskjer å skape eit godt samarbeid mellom brukarar og tenesteapparat basert på likeverd mellom fagkompetanse og brukarerfaring.

​​​Haugland ​​DPS

Haugaland DPS har eit eige brukarråd saman med BUP Haugesund og Avdeling for psykisk helsevern ved Haugesund sjukehus. Leiar og nestleiar i Brukarrådet deltek på møte med leiinga inntil fire gonger i året.

Haugaland DPS har erfaringsmedarbeidarar knytt til tre FACT-team og ein ved ACT-teamet. Vidare har avdeling for psykisk helsevern ved Haugesund sjukehus to erfaringsmedarbeidarar ved Akuttpost og ved Avgiftningsposten. BUP Haugesund etablerer FACT Ung-team med ein erfaringsmedarbeidar.


Stord ​D​PS

Stord DPS har eit eige brukarråd saman med BUP Stord. Leiar og nestleiar i brukarrådet deltek på møte med leiinga ved DPSet inntil fire gonger i året.

Ved Stord DPS er erfaringsmedarbeidar tilsett i FACT-team, samt ved poliklinkk.

​​

Folg​​ef​onn DPS

Folgefonn DPS har eige Brukarråd. Leiar og nestleiar i Brukarrådet deltek på møte med leiinga ved DPSet ein gong i månaden.

FACT-poliklinikken har ein erfaringsmedarbeidar.

​​


Fann du det du leita etter?