Akuttforløp psykisk helsehjelp

Ved nødssituasjon der liv eller helse er i akutt fare, ring politi eller AMK. Det må framkomme tydeleg kva nødssituasjonen dreier seg om.



Transport

Ansvar

Kommune og spesialisthelsetenesta har ansvar for å skaffe transport.

Dersom tenesta sjølv ikkje har køyretøy tilgjengeleg, er bruk av kollektivtransport og drosje alternativ. Dette gjeld også ved tilbakeføring til institusjon.

Ansvarleg for rekvirering av transport avklarast hos aktuell institusjon. Den enkelte verksemd har ansvar for eigen instruks for trygg transport.



Politi og ambulanse

Bruk av politi og ambulanse til transport skal berre skje i tilfelle der naudsynskrava er oppfylt.

Ambulanse

Ring telefon 52 71 91 06, eller ved akutte tilfelle 113.

Pasienttransport skal som hovudregel rettast til akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), med mindre det føreligg en nødssituasjon som krev akutt bistand frå politiet.

Ambulansetenesta kan ikkje erstatte anna helsepersonell med spesialkompetanse på psykisk helse

Ambulansepersonellet kan ikkje bruke makt eller tvang utover plikta til å yte augeblikkeleg hjelp

Når bruk av ambulanse er aktuelt

  • Akutt somatisk helsehjelp og overvaking av vitale funksjonar, som ved alvorleg sjølvskading, intoks/overdose, sjølvmordsforsøk og brann-/røykskader

  • Liggande transport (på båre)

  • Transport i samband med helsehjelp der andre transportmogligheiter ikkje finst eller helsetilstand

Politi

Ring 02800, eller 112 ved nød og akutt behov.

Bruk av politi og ambulanse til transport skal berre skje i tilfelle der naudsynskrava er oppfylt.

Når kan du kontakte politi

  • Behov for fysisk maktutøving utanfor institusjon

  • Når ein person sannsynlegvis vil påføre seg sjølv eller andre skade og helsepersonell ikkje kan hindre dette

  • Det er nødvendig å få tilgang til hus, rom eller anna lokale

Når du ikkje skal kontakte politi

  • Politiet skal ikkje brukast som transportteneste, og bistand skal ikkje vere grunna i ressursmangel i helsetenesta

  • Oppsporing av pasientar som ikkje møter til avtalt tid eller rømmer frå institusjon, med mindre personen er til fare for seg sjølv eller andre. Helsetenesta må som hovudregel sjølv forsøke å få kontakt med pasienten.

Unngå at situasjonen utviklar seg

Helsetenesta skal så langt som mogleg søke å unngå at situasjonen utviklar seg slik at fysisk maktutøving og bistand frå politiet blir nødvendig. For eksempel ved at helsepersonell kommer tidlig til og bruker tid på å få til eit samarbeid med pasienten.

Følgjepersonell ved polititransport

Når politiet transporterer pasientar, skal helsepersonell som hovudregel følgje transporten. Avgjersle om følgjepersonell blir teke av AMK, politi og helsetenesta i fellesskap.


Rutiner ved transport av psykisk sjuke


Pasientar som er under behandling i Klinikk for psykisk helsevern

Pasientar ved døgneining

Personar som allereie er innlagt ved døgneiningar i Klinikk for psykisk helsevern, inkludert døgnpostar ved BUP og DPS, skal på dagtid vurderast fortrinnsvis av lege eller psykolog der dei er innlagt.

På kveld og natt gjerast vurdering av aktuelt vaktsystem. Personalet i eininga der pasienten er innlagt tek kontakt med vaktsystemet.

Polikliniske pasientar

Polikliniske pasientar skal på dagtid vurderast av lege eller psykolog der dei får behandling.

På kveld og natt kontakt kommunal legevakt.

Pasientar med paragraf om tvang

Pasientar med paragraf om tvang utan døgnopphald vurderast av AAT eller bakvakt heile døgnet.

Ved rømming

Om pasientar innlagt på tvang i døgnpost rømmer, er fagleg ansvarleg behandlar, bakvakt eller spesialist varslingsansvarleg.

  • Eininga skal straks varsle vaktsystemet

  • Eininga skal også varsle kommunen dersom pasienten har kommunal oppfølging

  • Om nødvendig kontakt også AMK og politi

Les meir om tvang

Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven), Kapittel 3. Etablering og opphør av tvungent psykisk helsevern.

Personar som ikkje er under behandling i Klinikk for psykisk helsevern

Personer som ikkje er under behandling i Klinikk for psykisk helsevern eller mottar oppfølging og vurdering i heimen, tas med til fastlege eller legevakt.

Tvungen legeundersøking

Ved behov for vedtak om tvungen legeundersøking for pasient som motsett seg undersøking av lege, kontakt kommuneoverlegen i pasienten sin bustadkommune.

Akutt ambulant team

Ambulant akutt team (AAT) kan kontaktast av fastlege eller legevakt.

Utgifter

Materielle skader

Dersom det oppstår materielle skader i samband med at politiet yter bistand til kommune- eller spesialisthelsetenesta, blir utgiftene dekka av kommune- eller spesialisthelsetenesta.

Dette reknast som utgifter ved gjennomføring av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Politiet sine utgifter

Politiet sine utgifter til reise, opphalds- og arbeidsgodtgjering ved bistand til transport i forbindelse med psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling dekkast av dei regionale helseføretaka.

Dersom det er kommunehelsetenesta som initierer tvungent psykisk vern og ber om politibistand, er det kommunehelsetenesta som dekkjer utgiftene.

Teieplikt og informasjon som kan delast

Helsepersonell har ei strengare lovbestemt teieplikt enn politiet har. I samhandlingssituasjonar må likevel informasjon deles for auka tryggleik for pasient og personell.

Følgjande informasjon skal normalt bli gitt

  • Namn og fødselsdato for pasient

  • Bakgrunn for bruk av bistand - aktuell tilstand og nå-situasjon

  • Relevant informasjon om tidlegare åtferd og andre risikofaktorar, særleg valdeleg og truande åtferd tidligare og no, og eventuelle våpen

  • Stad for henting og avlevering

  • Planlagt transportmåte og følgjepersonell frå helsetenesta

  • Opplysingar om eventuelle barn og unge i familien ved henting

  • Opplysingar om pasient og situasjon som er nødvendig for å gjennomføre oppdrag forsvarleg og minst mogleg inngripande for pasient