eDialog – eit sikkert og godt alternativ til e-post

No kan du sende digital post til Helse Fonna på ein sikker måte.

Helse Vest har teke i bruk tenesta eDialog, så no kan både verksemder og privatpersonar sende oss brev og dokument via ein sikker kanal.

Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog.

Vi oppmodar både privatpersoner og verksemder til å nytte eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og trygg måte.

Slik brukar du eDialog:

  • Logg inn via eDialog 
  • For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss

 

Slik fyller du ut skjemaet:

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med raud stjerne.
  • Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
  • Kommentar: Her gir du ein meir utfyllande beskriving av sendinga di.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
  • Klikk på «Send forsendelse» - sendinga blir kryptert og sendt direkte til saks-/arkivsystemet vårt. 
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

 

Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format:

For Word-dokument vel du «Lagre som» og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter «Eksporter til PDF».


No får du digital post frå oss

Helse Vest har tatt i bruk eFormidling og sender no post digitalt til privatpersoner og bedrifter.

Privatpersonar vil få post fra oss i den digitale postkassa dei har valt (Digipost eller e-Boks). Det blir sendt ut varsel, anten via SMS, epost eller i «appen» når post blir sendt ut digitalt. Dei som ikkje har ein digital postkasse, mottar breva som før, via vanleg postgang.

Verksemder mottar post frå oss digitalt i Altinn, der alle verksemder har ein «innboks». Når post kjem via Atlinn, blir det sendt eit varsel, anten via SMS eller epost, til dei varslingspunkta verksemda sjølv har meldt inn.

 

Kvifor digital post?

Fordelane ved å få posten digitalt er mange:

  • Rask ekspedisjonstid – mottaker får posten med ein gong
  • Mottaker har tilgang til posten overalt
  • Det er sikrare (sendinga er kryptert)
  • Det sparar miljøet ved mindre bruk av papir og mindre transport

Framleis spørsmål om digital post? Les her: http://eid.difi.no/nb/digital-postkasse-sporsmal-og-svar