Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilrådinga til styret om utvikling av Odda sjukehus er klar

Tirsdag 7. mars skal styret i Helse Fonna behandle saka om korleis Odda sjukehus skal utviklast i lys av Nasjonal helse- og sjukehusplan. Tilrådinga frå administrerande direktør til styret blei publisert i dag.

Publisert 28.02.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Saka til styret er omfattande og gjeld heile tenestetilbodet ved sjukehuset.  

– Odda sjukehus skal gi eit breitt og godt tilbod innan dei sjukehustenestene folk i Indre Hardanger har stort behov for. Det er viktig at eldre, kronikarar, pasientar med psykiske lidingar eller rusproblem får eit tilbod nær der dei bur, seier administrerande direktør Olav Klausen. Han meiner tilrådinga til styret vil innebere ei styrking av sjukehuset og føre til meir aktivitet. 

Det har vore mest merksemd om det akuttkirurgiske tilbodet etter at prosjektgruppa leverte sin rapport om Odda sjukehus i lys av Nasjonal helse- og sjukehusplan tidleg i januar. Gruppa var einige om tilrådingane innan områda sjukehus i nettverk, poliklinisk verksemd, dagkirurgi, samarbeid med kommunar, bemanning, rekruttering og kompetanse, stadleg leiing og teknologi og digital kommunikasjon, men delt i synet på om det akuttkirurgiske tilbodet ved sjukehuset skal vidareførast eller avviklast. 

– Dette er ei sak der meiningane er mange og sterke. Det har vore eit stort engasjement som har gjort inntrykk, og det er viktig for meg å seie at eg har høyrt på argument for og i mot. Men frå ein fagleg ståstad er det for framtida utfordrande å sikre eit berekraftig akuttkirurgisk tilbod ved Odda sjukehus 

Tilrådinga inneber at Odda sjukehus ha akuttfunksjon i indremedisin, anestesilege i døgnvakt, planlagt dagkirurgi og skadepoliklinikk. 

Klausen er førebudd på reaksjonar i veka fram til styremøtet 7. mars.

– Eg vil ikkje debattere saka i media før styremøtet, men viser til styresaka med vedlegg som er lagt ut på nettsidene våre.

 

Du kan følgje styremøtet på nett