Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsefremmande interiør på agendane i styremøtet

Den 12. januar er det klart for spadestikk for nytt sjukehusbygg i Haugesund. I dag fekk styret i Helse Fonna både nyttig og fargerik informasjon om interiørstrategi og estetikk. Begge deler skal fremje helse og livskvalitet i det 18000 kvadratmeter store nybygget.

Margareth H. Langebro
Publisert 19.12.2017
Sist oppdatert 01.03.2024
 


I det nye sjukehusbygget vil det bli lagt inn dynamisk, også kalla terapeutisk lys, i akuttmottak, fødeeininga, intensiv og eining for rusbehandling. Målet er å bruke lys som kan fremme god helse i pasientbehandlinga. Psykiater ved Valen sjukehus, Tone Elise Gjøtterud Henriksen, har forska på bruk av lys i behandlinga av pasientar. Dette er eitt av grunnlaga for bruk av dynamisk lys i det nye sjukehusbygget.

- Dette er både spennande og viktig. Styret i Helse Fonna har blitt kjent med Henriksen si forsking frå ein tidleg fase, det er flott å merke seg at desse prinsippa blir lagt til grunn i nytt sjukehusbygg, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

I dag har Tone Elise Gjøtterud Henriksen ein kronikk i Aftenposten om korleis blått lys frå skjermbruk kan gi søvnproblem. Les saka hos Aftenposten: «Søvnproblem kan være et lysproblem».

Første spadestikk

Styreleiar Kjell Arvid Svendsen inviterer både medarbeidarar, pasientar og gjester til kake den 12. januar for å markere første spadestikk for utbygginga av Haugesund sjukehus. Dagen blir ein merkedag for Helse Fonna etter lang tid med planlegging. Til saman har fleire hundre medarbeidarar deltatt både i utforming og innhald i det nye sjukehusbygget. Både felles akuttmottak og observasjonspost, laboratorier, operasjonsstover, fødeeininga og intensiv skal flyttast inn i nytt bygg. Entreprenøren startar rigging for anleggsarbeidet den 8. januar. I perioden april til november vil bli hovudperioden for skyting og transportering av masse til og frå sjukehustomta.

Interiørkonseptet

For at både medarbeidarane, pasientane og pårørande skal trivast i det nye sjukehust skal interiøret vere basert på bruk av fargar og materiale med referanse til naturen. Målet er å skape varne, trivsel og rolege omgjevnadar. Det nye bygget skal ha mykje dagslys og medarbeidarane skal oppleve at både bygg og interiør er funksjonelt. Det er tatt miljøbevisste val av interiør, Helse Fonna er sertifisert som Grønt sjukehus etter ISO-standarden. Det er den overordna interiørstrategien som no er lagt, denne vil danna grunnlaget for vidare arbeid saman med totalentreprenør som kjem på banen i 2018.


     Les meir: Sjå temasidene om sjukehusutbygginga på våre nettsider

Økonomi

Helse Fonna hadde i november månad eit overskot i forhold til budsjett på vel 13 millionar kroner. Det har vore høgare aktivitet på både poliklinikk og sengepostar enn det som låg i plan. Helse Fonna skulle i 2017 ha eit overskot på 40 millionar kroner, den prognosen er justert ned til 20 millionar kroner. Det er i 2017 utført store investeringar i bygg og medisinsk teknisk utstyr i Helse Fonna. Det er levert og sett i drift fire nye ambulansar og det er kjøpt inn medisinsk teknisk utstyr for 18,5 millionar kroner.

Ventetid

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar i Helse Fonna var i november 58 dagar, det er to dagar lågare enn det som er det kravet. For psykisk helsevern var ventetid 34 dagar for vaksne og 36 dagar innan psykisk helsevern for barn og unge. Innan rusbehandlinga var gjennomsnittleg ventetid 23 dagar. Av inneliggjande pasientar i sjukehus måtte i gjennomsnitt 2,7 prosent ha seng på korridor i november. Kravet er at det ikkje skal vere korridorpasientar.

- Styret følgjer tett saka med korridorpasientar og ber om at det blir sett i verk tiltak for å redusere talet, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.


Han er ikkje nøgd før målkravet er innfridd. Det er ei belastning for pasientar å blir liggjande på korridoren.

Sjukefråveret i Helse Fonna var i november på 6,8 prosent.