I 2021 stod eit nytt sjukehusbygg på 20 000 kvadrameter klart i Haugesund. Denne hausten vil også ombygging av areal i gamalt bygg bli ferdigstilt. Med dette er byggetrinn 1 ferdig. No er vi i gong med byggetrinn 2.

Dette er byggetrinn 2
Også dette byggetrinnet inneheld eit nytt bygg, samt ombygging av allereie eksisterande bygg.
Nybygget vil ha seks etasjar, der det skal vere sengepostar.
Ombygging vil skje i tre etasjar i eksisterande bygg, og gi plass til poliklinikkar.
Byggefase er i 2023, med innflytting i 2025. Etter ferdigstilt byggetrinn 2 vil store deler av Haugesund sjukehus vere nytt og klart for framtida.
Kva har skjedd til no?
Prosessen med gjennomgang av utstyr og teikningar er ferdigstilt til sommaren 2022. Ein forprosjektrapport er under utarbeiding, og skal til styra i Helse Fonna og Helse Vest i løpet av året.
Det første anbodet for byggetrinn 2 planleggast seinhausten 2022.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om ByggHaugesund2020
Prosjektdirektør Laila Nemeth
Prosjektorganisasjon
Laila Nemeth
Prosjektdirektør
Bernt N. Bjordal
Prosjektleiar
Geir Søndenå
Prosjektkoordinator utstyr
Kenneth Førland
Prosjektleder IKT
Åse Lund
HMS-rådgivar
Ole Nupen
Prosjektstyrer
Eirik Johan Jakobsen
Byggherreombud,automasjon og svakstrøm
Harald Lunde
Teknisk byggherreombud VVS