Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Haugaland DPS, Kopervik

Haugaland distriktspsykiatriske senter (DPS), Kopervik er eit moderne lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år.

Haugaland DPS, Kopervik

Pålogging pasientar - Checkware

Brukerveiledning Checkware

Video: Pasientpålogging med Bank-ID

Video: Pasientpålogging uten Bank-ID

Akutt psykisk helsehjelp – korleis kan du be om hjelp og kva skjer?

Pårørendesenteret.no

Pårørendesenteret.no er ein landsdekkande nettstad for deg som er pårørande. Her kan du finne kunnskap, tips og råd, og lese om andre pårørande sine erfaringar. Du kan også ta kontakt med pårørandelinja. Dei gir individuell sosialfaglig veiledning via chat, mail eller telefon.

Vi har døgntilbod med tverrfagleg spesialisert rusbehandling til unge pasientar i alder 18-27 år.

Vi veit at endringsarbeid tar tid, difor har vi eit langtidsperspektiv på behandlinga, i inntil eitt år. Etterpå gir vi deg som er pasient hos oss tilbod om deltaking i ulike aktivitetar også etter utskriving.

Kva skjer når du får behandling?

Den første tida i behandling jobbar vi saman om trygging, stabilisering og det å leve rusfritt. Etter kvart vil du gå over i en meir aktiv utforskingsfase om aktiviteter ute i samfunnet, som arbeid, ditt eige nettverk og fritid.

Utover i behandlinga bor du i eigen bolig og er i gang med arbeidspraksis eller utdanning, og vekslar mellom eigne aktiviteter og deltaking i vårt program.

For å få dette til samarbeider vi med NAV og heimkommunen din.

Mål for behandlinga

  • Eit rusfritt liv
  • Bedra fysisk og psykisk helse
  • Auka sosial kompetanse
  • Eit trygt nettverk
  • Generell meistring av kvardagen

Det viktig for oss å gi deg struktur, det vil seie normal døgnrytme, faste måltider og ein fast vekeplan. Planen inneheld samtalegrupper, møter av forskjellig grad og gjennomføring av praktiske oppgåver.

Vi har daglig variert fysisk aktivitet, med tilgang til treningssenter, symjehall og idrettshall.

Kven arbeider her?

Hos oss møter du barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar, psykolog og psykiater. Kven du møter avheng av dine mål og behov. 

Saman blir det vanskelege lettare.

Tilvising

Behandlarar i poliklinikkar for psykisk helsevern og rus, og fastlegar kan tilvise til oss.

Som tilvisar kan du først ta direkte telefonkontakt med oss slik at vi kan avklare eventuell ventetid og gi deg meir informasjon om behandlinga. Vi vil også rettleie deg vidare i tilvisingsprosessen. 

Dersom du er mellom 18-27 år, rusavhengig og ønskjer hjelp kan du spørje din fastlege eller behandlar i spesialisthelsetenesta om å hjelpe deg å komme i kontakt med oss.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Vel å leve-telefonen 907 61 525, velgåleve.no

Postadresse

Haugaland DPS, Kopervik PB 224, 4291 Kopervik

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik



Haugaland DPS, Kopervik

Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik

Praktisk informasjon

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast.
Parkering er gratis. 

      eMeistring

      eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.
      Les meir
      Collage. (Foto)

      Akuttforløp psykisk helsehjelp

      Rutinar og transport av psykisk sjuke.
      Et nærbilde av en kjøkkenbenk

      Hjelp deg sjølv i ventetida

      Her finn du informasjon om vanlige psykiske vansker, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
      Helse Bergen gir gode råd i ventetida
      Hjelp deg sjølv