Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Brot i ankel

Ankelen er eitt av dei vanlegaste stadene å få brotskade. Den vanlegaste skademekanismen er kraftig vridning av ankelen. Ved mistanke om brot i ankelen må du kontakte lege. Viss legen vurderer brot, vil du bli vist til røntgenundersøking.

Ankelleddet har tre bein, to i leggen og eitt i foten. I tillegg blir ankelen stabilisert av ei rekke viktige leddband, såkalla ligament. Det er derfor mange typar ankelbrot. Du kan ha eitt enkelt brot i ankelen, eller fleire. I tillegg til brotskade i bein, kan eitt eller fleire av ligamenta vere skadd.

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om brot, er det nødvendig med røntgen av ankelen så snart som mogleg. Viktig førstehjelp er å halde ankelen høgt, nedkjøling, lett kompresjon og ro. Ankelen bør stabiliserast så godt som mogleg. Eventuelle opne sår må dekkast med bandasje. Openberr feilstilling i ankelen bør rettast opp.

Utredning

Har du fått påvist brot i ankelen, vil legen først vurdere om det er eit brot som krev operasjon. Det kan vere nødvendig med undersøkingar som CT og MR for å vurdere dette.

Viss brotet ikkje krev operasjon, kan du reise heim etter undersøkinga. Viss du treng operasjon, er det ønskeleg å gjere det så snart som mogleg. Går det for lang tid kan ankelen hovne opp, slik at ein akutt operasjon ikkje er tilrådd. I slike tilfelle må du vente nokre dagar (vanlegvis 4-7 dagar) til hevelsen er gått ned. I nokre tilfelle kan du vente heime. Det er viktig at du ligg med ankelen høgt heile tida, slik at hevelsen går ned raskast mogleg.


Behandling

Viss brotet er stabilt, vil du kunne reise heim etter undersøking. Mange får då lov til å belaste ankelen fullt ut. Av og til kan det vere nødvendig med gips og krykker for avlasting.

Viss du treng operasjon, må du vanlegvis leggast inn på sjukehus. Enkelte brot kan opererast som dagkirurgi. Operasjonstype vil avhenge av kva type brot du har. Vanlegvis blir brotet sett saman med metallplater og skruar. Ved øydelagte ligament kan det bli nødvendig med ein eller fleire skruar for å erstatte det.


Oppfølging

Etter behandling for brot i ankelen vil du få oppfølging på poliklinikk. Vanlegvis 2 og 6 veker etter operasjon. Eventuelle sting blir fjerna etter 2 veker.

Insett metall treng vanlegvis ikkje å fjernast. Unnatak er enkelte skruar som erstattar leddband. Mange vel rutinemessig å fjerne desse etter 10 veker. Dette er i så fall eit lite inngrep i lokalbedøving som dagkirurgi.

Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​