Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opptrening etter ankelbrot som er gipsa

​Les om behandling av brot i ankelen

Retningslinjer når du har gips

Når du har fått gips, er det viktig at du held foten høgt for å redusere hevelse. Du kan halde fram med å legge foten høgt så lenge du har hevelse. Ikkje la foten henge ned for lenge om gongen i starten.

Du må følgje med på om tærne blir mindre bevegelege, meir hovne, misfarga eller kalde. Det kan vere teikn på at gipsen er for stram. Ta kontakt med din fastlege eller ortopedisk poliklinikk viss du er i tvil.

Du skal ikkje belaste gipsen (foten). Bruk krykker eller anna eigna ganghjelpemiddel.

Gipsen blir vanlegvis fjerna etter ca. 6 veker. Legen vil gi deg nærare beskjed om kor mykje du kan trakke på foten etter at gipsen er fjerna.

Etter at gipsen er fjerna

Det er vanleg å oppleve nedsett bevegelegheit og redusert styrke i ankelen. Bruk krykkene som avlastning til du klarar å belaste med full tyngde på foten. Gå korte, men fleire turar i starten. Hugs riktig fotavvikling og spark frå med tærne. Balanse og stabilitet blir også viktig å trene opp for å oppnå god funksjon i ankelleddet igjen.

Tips

  • Skal du arbeide ståande, kan du eventuelt støtte kneet på krakk eller stol.
  •  Overhold smertegrensa.
  • Unngå at gipsen blir våt. Dekk til om nødvendig.
  • Ver obs ved bruk av krykker når det er glatt ute; bruk pigg.
  • Når du kan ha på sko igjen, bruk gode sko som ikkje er for trange.
  •  Du kan eventuelt få tilvising til fysioterapeut som kan hjelpe deg med å trene opp funksjon i ankelen.

Øvingar når du har gips

Du bør gjere øvingane fleire gonger dagleg. Unngå å provosere fram smerter eller hevelse.

1. Bøy og strekk tærne.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

2. Bøy opp så langt du klarar i hofte og kne. Strekk ut igjen.

 

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

3. Sitt på ein stol. Strekk ut i kneet og bøy heilt tilbake.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

Øvingar når du har fjerna gipsen

4. Bøy og strekk i ankelen. Beveg også i sirklar. Viss du er hoven og har dårleg bevegelse, er det viktig å gjere denne øvinga ofte.

 

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

5. Skyv foten fram og tilbake på eit handkle, utan å løfte hælen når du drar foten tilbake.

 

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

6. Stå oppreist. Støtt deg eventuelt mot ein vegg med hendene. Gå opp på tå og tilbake på hælane.

 

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

Sist oppdatert 06.09.2024