Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opptrening etter ankelbrot som er operert

Nokre ankelbrot må opererast for å få god stilling og tilheling. Det er viktig med riktig opptrening etterpå. Du vil få råd og rettleiing av fysioterapeut etter operasjonen.

Les om behandling av brot i ankelen

Du skal halde foten høgt den første tida, eller så lenge ankelen er hoven. Du kan normalisere trykket ved å ta foten utfor senga i korte stunder fleire gonger dagleg. Du skal ikkje belaste foten etter operasjonen. Du må derfor bruke krykker eller gåstativ dei første seks vekene etter operasjon, om ikkje anna er avtalt med lege.

Brot som blir operert, treng som regel ikkje gipsast. Viss du ikkje har gips, er det viktig å begynne å bevege ankelen så tidleg som mogleg. Det er særleg viktig å unngå stram akillessene, fordi den kan vere vanskeleg å tøye ut igjen seinare. Dette gjer du ved å bøye foten opp mot ankelen og rette foten ut igjen.

Brotet blir kontrollert etter avtale med lege. Viss alt er i orden på seksvekerskontrollen, får du som regel begynne å belaste foten eller auke belastninga. Bruk krykker som støtte til du har auka til full belastning.

Tips

  • Du skal ikkje belaste foten etter operasjonen, men prøv likevel å markere skritta dine så det ser ut som du går på foten.
  • Røyking gir auka fare for infeksjon. Du bør derfor slutte.
  • Ikkje gjer aktivitetar som utløyser smerte.
  • Viss bandasjen blir våt, bør han byttast.
  • Bruk gode sko som ikkje er tronge.
  • Skal du arbeide ståande, kan du støtte kneet på ein krakk.
  • Hevelse, mindre styrke og redusert bevegelse i ankelen er vanleg. Trening er derfor viktig.

Øvingar når du ikkje får belaste foten

Du bør gjere øvingane fleire gonger dagleg. Unngå å provosere fram smerte eller hevelse.

1. Bøy og strekk i ankelen. Ligg eller sitt når du gjer øvinga. Du skal gjenta øvinga fleire gonger.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

2. Bruk eit band eller liknande for å hjelpe til med å bøye opp i ankelen.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

3. Sitt på ein stol. Strekk ut i kneet og hald i ca 3 sekund før du bøyer kneet heilt tilbake.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

4. Ligg på ryggen. Bøy opp hofte og kne og strekk ut igjen.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

5. Sett foten på eit handkle. Skyv foten fram og tilbake, utan å løfte hælen.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

Når du har fått tillating til å belaste foten:

6. Gå opp og ned på tå og opp på hælen.

Bildet viser korleis øvinga blir gjort

Sist oppdatert 06.09.2024