For pasientar og blodgivarar
Blodprøvetaking
Grunna koronaviruset ber Helse Fonna om at blodprøvar blir teken ved fastlegekontoret så langt som mogleg, dette for å redusere smitterisiko for pasientar som sit og venter på blodprøvetaking. Dette medfører lang ventetid og økt smittefare for dei som venter.
Om dei som skal ta blodprøvar har luftvegssymptom må dei ta kontakt med sjukehuset.
Det vil bli avgrensa sitteplass i venteområdet for å kunne halde avstand mellom kvar person.
Velkommen til oss for blodprøvetaking. Vi gjer merksam på at det kan vere endring i opningstidene i sommarferie og ved høgtider. Vi ber om forståing for at nokre pasientar blir prioriterte for blodprøvetaking.
Haugesund
Opningstider: Måndag til fredag klokka 8.00-14.30. Torsdagar er det stengt frå klokka 10.45 til klokka 11.45.
Ver vennleg og trekk kølapp når du kjem.
Stord
Opningstider: Måndag til fredag klokka 8.00-14.30. Ver vennleg og trekk kølapp på venteplass for røntgen og laboratoriet.
Odda
Opningstider: Måndag til fredag klokka 9.00-14.00. Ring på ringeklokka når du kjem til oss.
Blodprøvetaking av barn
For barn kan det høyrast vondt og skummelt ut å ta blodprøve. Personell ved laboratoria vil gjere det dei kan for at prøvetakinga ikkje skal bli ei negativ oppleving. For at det ikkje skal vere vondt å ta prøve, kan de kjøpe bedøvingsplaster eller krem på apoteket på førehand, dette heiter EMLA. Det må settast på minst 1 time før og fjernast 10 minuttar før prøvetakinga. Barn får prioritert kø, men de bør vere førebudd på at det kan bli venting likevel.
Blodgivarar
Her er våre opningstider. Vil du melde deg som blodgivar, gå til www.giblod.no. Vil du vite meir om å vere blodgivar i Helse Fonna, sjå blodbanken sine sider.
Haugesund
Opningstider for blodgiving: Måndag til onsdag klokka 7.30-14.15, torsdag 7.30-16.30 og fredag 7.30-13.00. Du kan kontakte oss på telefon 52 73 22 81.
Stord
Opningstider for blodgiving: Måndag til fredag klokka 8.30-15.00. Du kan kontakte oss på telefon 53 49 10 90.
Odda
Opningstider for blodgiving: Måndag til fredag klokka 8.00-15.00. Du kan kontakte oss på telefon 91 24 59 96 eller 53 65 11 23.
Sauda
Kontakt oss på telefon 52 73 22 81.
For rekvirentar og helsepersonell
Laboratoriehandbok
I laboratoriehandboka finn du oversikt over alle analysene våre, nytt frå laboratoria og bestillingsskjema for prøvetakingsutstyr. Du kan også gi oss tilbakemeldingar. Gå til laboratoriehandboka.
Laboratoria sine rekvisisjonar
Førehandsvisning av rekvisisjonar (ikkje til utskrift):
Bestill rekvisisjonar via laboratoriehandboka.
Prøveresultat, elektronisk svar og svartider
Laboratoriet sender prøvesvaret til rekvirenten som informerer pasienten om resultatet. Prøvesvar blir gitt skriftleg og/eller elektronisk.
Rekvirenten kan få råd og rettleiing om val og rekvirering av analyser/undersøkingar og tolking av prøvesvar.
For våre svartider, sjå eiga rutine i eHandbok.
For svarrapportering ved ALM, sjå eiga rutine i eHandbok
Transportordningar til avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna
Laboratoria ved Haugesund, Odda, og Stord sjukehus har ei fast ordning med henting av prøvar frå legekontor i distriktet. Hentinga skjer måndag til fredag etter bestemte ruter og tidspunkt. Prøvane blir transporterte ståande i kassettar i eigna transportbagar. Dette sikrar temperaturstabil og trygg transport til laboratoriet. Vi transporterer også brev mellom legekontora og sjukehuset.
Sjå prosedyre: 5.4.2.2 Henteordning for PHT og mottak ved LMB
Transfusjon av blodprodukter i kommunehelsetenesta
Les rettleiar for Transfusjon av blodprodukter i primærhelsetenesta (PDF)
Prosedyrer
Transfusjon av blodprodukter i Helse Fonna og kommuneneID merking av pasienter i Helse Fonna Identifisering av pasientar ved blodprøvetakingOpplæringsplan for lege og sykepleier for transfusjon av blodprodukter i kommunene/utenfor sykehus Sjekkliste Legeoppgaver ved Blodtransfusjon i kommuneneSjekkliste Sykepleieroppgaver ved transfusjonSjekkliste Umiddelbart før transfusjon, under og etter transfusjonTransfusjonstilbud i kommunehelsetjenesten
Kurs for deg som helsepersonell er i Læringsportalen til Helse Vest
Læringsportalen
Sjå også
Veileder for transfusjonstjenesten i Norge (PDF, Helsedirektoratet.no)Sjekkliste TACO - transfusjonsassosiert volumoverbelastning (PDF, Helsedirektoratet.no)Klinisk transfusjonshåndbok (legeforeningen.no)
Les meir om blodbanken og Laboratorium for immunologi og transfusjonsmedisin
Noklus - Råd og rettleiing til helsepersonell som utfører laboratoriearbeid utanfor sjukehus
Noklus-kontoret ved Haugesund sjukehus gir råd og rettleiing til helsepersonell som utfører laboratoriearbeid utanfor sjukehusa i Helse Fonna.
Kontakt oss
Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus) er en ideell, landsdekkende organisasjon som samarbeider med de lokale helseforetakene. Noklus arbeider for å bedre kvaliteten ved den medisinske laboratorievirksomheten i Norge.
Våre fagområde
Immunologi og transfusjonsmedisin
Medisinsk biokjemi
Medisinsk mikrobiologi
Patologi