HELSENORGE

Helseekspressen

Helse Fonna har eigen Helseekspress, ein ekspressbussen som er i trafikk måndag til fredag på strekninga frå Haugesund sjukehus til Bergen, og med retur same dag.Helsepersonellet om bord vil gi deg profesjonell bistand, om du skulle trenge det på turen, og dyktige sjåførar og spesialtilpassa buss sikrar deg ein behageleg transport.
Helseekspressen buss (Foto)

Rutetider

Haugesund - Haukeland
Oppmøtetid i Haugesund07.10
Haugesund Sjukehus07.20
Aksdal bussterminal07.40
Haukås08.00
Føyno08.25
Leirvik bussterminal08.37
Stord Sjukehus  08.50
Sandvikvåg*09.30
Halhjem10.15
Ankomst Haukeland11.10
Haukeland - Haugesund
Avgang Haukeland14.25
Halhjem*15.20
Sandvikvåg16.05
Stord sjukehuse
16.30
Leirvik bussterminal
16.40
Føyno
17.00
Haukås
17.20
Aksdal17.35
Ankomst Haugesund18.00

*Det er mogleg å sitte i bussen under fergeturen.

Kva finn du i Helseekspressen?

  • Tre båreplassar
  • 20 sitteplassar i fremre del av bussen og ein «luksusstol»
  • Heis
  • Handikaptoalett
  • Regulerbare seter
  • Medisinsk utstyr/medikament om bord
  • Hjertestartar
  • Utstyr for medisinsk overvaking 
  • Plass til rullestol
  • Kald og varm drikke
  • Trådlaust internett
  • Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ingen dumpar i vegen blir ubehagelege for pasientane

Når kan du nytte Helseekspressen? 

Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.

Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir brakt til busstoppa med drosje eller personbil.

Bestilling

Med rekvisisjon

Har du behov for tilrettelagt transport, ta kontakt med din behandlar for rekvirering.

Utan rekvisisjon

Har du ikkje har rekvisisjon kan bestiller du turen hos Pasientreiser, telefon 915 05 515. Innkallingsbrevet visast i bussen.

Det kan leggast inn seriebehandling for fleire reiser samtidig.

Tidsfrist for bestilling

Alle bestillingar til Haukeland skal bestillast seinast klokka 13.00 virkedagen før reise.

Skal du tur og retur same dag får du plass på Helseekspressen begge veier. Dette gjelder også deg som ikkje har rekvisisjon.

Om du blir innlagt eller ikkje er klar til returreise i tide

Blir du innlagt eller kjem for seint til avgangen frå Haukeland, gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport.

Med rekvisisjon

Om du har rekvisisjon og skal reise tur og retur same dag, men ikkje er klar når Helseekspressen kjører, må du gi beskjed om dette. Då gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport.

Må du sitte i rullestolen under transport, bestillast transport via AMK-sentralen.

Utan rekvisisjon

Har du ikkje rekvisisjon må du for eksempel Kystbussen heim om du er for sein til returavgangen.

Kan eg sitte på med Helseekspressen frå Haukeland utan rekvisisjon eller førehandsbestilling?

Har du ikkje rekvisisjon kan du ta kontakt med personalet i ventearealet ved Haukeland Sjukehus eller ringe Pasientreiser, telefon 915 05 515, for bestilling av transport med Helseekspressen.

Du vil då bli satt på venteliste og dersom det er ledig plass på bussen frå klokka 13.30, kan du få sitte på.

Ønskjer du å ha med pårørande, må dei ta Kystbussen.

Avbestilling

Om du ikkje skal reise likevel må du huske å avbestille transporten. Ring Pasientreiser, telefon 915 05 515.

Kva kostar det? 

Alle må betale eigedel. Personar med frikort og barn under 16 år slepp å betale eigendel.

 

Inni Helseekspressen (Foto)

Kvifor velje Helseekspressen? 

Samanlikna med alternative transportformer som til dømes drosje og ambulanse vil vi hevde at Helseekspressen er vel så trygg og triveleg.

Trygg transport 

Om til dømes ein pasient får brystsmerter på bussturen, kan ambulansepersonellet ta EKG av hjerte og overføre data direkte til hjerteovervakinga, som vurderer tilstanden. Med andre ord langt tryggare enn i ei drosje.

Fann du det du leita etter?