Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Viktig informasjon om besøk

Grunna stort press og høg smitterisiko ber vi om du nøye vurderer i kva grad besøk til pasientar på våre sjukehus er nødvendig.

Publisert 04.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Denne veka innførte Helse Fonna grøn beredskap, etter fleire veker med stort press på sjukehusdrifta.

Mange pasientar, mykje smitte og høgt sjukefråvær blant medarbeidarar skapar store utfordringar.

At smitterisikoen er høg gjer at vi ønskjer mest mogeleg avgrensa besøk. Difor ber vi alle som har tenkt seg på besøk om å vurdere i kva grad besøk er nødvendig. Vi ber også om at ein i staden for å komme ein heil flokk, heller kjem éin per familie.

Det er og viktig at ein held seg til visittidene ved dei enkelte sjukehusa.

Les meir om besøk og besøkstider her: Besøkstider - Helse Fonna (nhn.no)

Og så er det viktig å minne alle om at ein er nøye med smittevern. Først og fremst handhygiene, og at ein held seg heime om ein er sjuk. Men det er også fleire ting ein bør tenkje på.

Les meir her: Smittevernråd - FHI