Før du kjem på besøk må du gjere deg kjent med gjeldande regler:
- Er du smitta av covid-19? Då ber vi om at du ikkje kjem på besøk.
- Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
- Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene
- Du må vere frisk for å kome på besøk
Unntaket er besøk til alvorleg sjuke og fødande. Vi ber då om at du kontaktar den aktuelle avdelinga på førehand for avtale.
Besøk ved føde/barsel
Haugesund sjukehus
Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk.
- Barnefar/partner: 9-13 og 16-21
- Barnets søsken og besteforeldre: 17-18
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Kviletid for mor og barn: 13.00-16.00. Vi tar ikkje i mot besøk i kviletida.
Stord sjukehus
Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk.
- Måndag til sundag: 16.30-17.30
- Pappa-/partnervisitt: 18.00.-20.00
Kviletid for mor og barn: 13.00-15.00. Vi tek ikkje i mot besøk i kviletida.
Av omsyn til mor og barn er det maks fire besøkande om gongen.
Blomar
Det er lov med blomar til pasientar ved føden og dei kirurgiske sengepostane, men ikkje ved medisinske sengepostar.
Ordinær besøkstid er mellom klokka 17.00 og 18.30 alle dagar.
Vi vil legge til rette for besøk/følgje til pasientar i størst mogeleg grad.
Smittepresset i samfunnet rundt oss aukar i vintersesongen, men vi har høg vaksinasjonsgrad og gode grunnleggande smittevernrutinar i sjukehusa. Det er derfor mindre behov for eigne, forsterka smitteverntiltak. Dette er i tråd med FHI sine oppdaterte råd til spesialisthelsetenesta og regjeringa sin langsiktige strategi for normalisering av korleis vi forheld oss til og handterer covid-19:
Langsiktig koronastrategi for å normalisere kvardagen - regjeringen.no