Styremøte - Friskmelder ikkje Helse Fonna-økonomien

Styret i Helse Fonna hadde i dag styremøte på Stord. Tala viser betring i det økonomiske resultatet for september, men økonomien i helseføretaket kan ikkje friskmeldast. Meirforbruket i sommar på omlag 40 millionar kroner i sommar heng i, trass i at overforbruket er redusert.

Margareth H. Langebro
Publisert 26.10.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Styret fekk i dag ein grundig gjennomgang av den økonomiske situasjonen, spesielt med omsyn til avviket i sommar. Ei av utfordringane er reduserte inntekter innan pasientbehandling og for høge personalkostnadar. Trass i færre sjukehusinnleggingar enn i fjor er det brukt meir pengar på overtid og innleige.

Samstundes er det slik at langt fleire pasientar får behandling i poliklinikk og færre ligg inne i sjukehus og får døgnbehandling.

– Dette ei ønska utvikling fagleg sett, men inntektssystemet frå staten er førebels ikkje tilpassa endringa, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Han påpeikar at bemanninga må fylgje aktiviteten i sjukehus. Ved færre pasientar innlagt i sjukehusa må det visast igjen med reduserte utgifter til overtid og innleige.

Tala viser at nye, dyre og godkjente medisinar til mellom anna alvorleg kreftsjuke ikkje er kompensert av staten. Desse kostnadane må dekkast av pengar som allereie er fordelt til andre oppgåver i sjukehusa. Styret peikar på behovet for stram budsjettdisiplin i tida som kjem.

Færre korridorpasientar

Helse Fonna har det siste året eit sterkt fokus på å redusere talet på korridorpasientar. Kravet er at det ikkje skal vere pasientar som må ligge på korridor i sjukehus. Undersøkingar viser at korridorpasientar svekker pasienttryggleiken. I september var 2,1 prosent av dei som var innlagt i sjukehusa i Helse Fonna korridorpasientar. Helse Fonna skal framstå heilskapleg for pasientane og det er utarbeidd rutinar for å endre opptaksgrensa når det er fullt i eit sjukehus. Dette skjer i det daglege og sjukehusa i Odda, Stord og Haugesund fungere som sjukehus i nettverk der ledig kapasitet blir nytta.

For å redusere talet på korridorpasientar er det òg styrka vurderingskompetanse av lege i akuttmottaka, nye retningsliner i mottak og på sengepostar er utarbeidd og det er eit langt større samarbeid på tvers av klinikkar og avdelingar både i  og mellom sjukehusa.

– Det er både gledeleg og viktig at sjukehusa i føretaket samarbeider om ledig kapasitet slik at vi kan unngå korridorpasientar, seier Kjell Arvid Svendsen. Styret fylgjer situasjonen tett og er nøgd med utviklinga. Dei understrekar at det viktig at den positive utviklinga blir varig til beste for pasient.

Redusert ventetid for barn og unge

Det var i september 46 dagars ventetid innan psykisk helsevern for barne og ungdom. Det er noko over målkravet som er på 35 dagar, men det har likevel vore ei særs positiv utvikling med kraftig reduksjon i ventetida. Det er venta at den vil halde fram med å reduserast.

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla i sjukehus i alle sjukehusa i Helse Fonna var i september på 64 dagar, kravet er 60 dagar.

Det har i september vore høgare aktivitet på både poliklinikk og sengepost enn planlagt.

ByggHaugesund2020

Helse Fonna har fått innvilga lån til nytt sjukehusbygg i Haugesund via statsbudsjettet for 2018. Byggeprosjektet er kalla ByggHaugesund2020. I haust vil det bli inngått avtale om grunnarbeid og tilrettelegging av tomt på vestsida av dagens sjukehus.

I november blir det sendt ut anbodspapir for entreprenørar som vil konkurrere om totalentreprisen på bygget.

Styret i Helse Fonna fekk i dag informasjon om nye og moderne teknologiske løysingar i det nye sjukehuset. Blant anna vil eit fullautomatisert laboratorium føre til at blodprøvar som er tatt av pasientane vil bli sendt automatisk til laboratorieanalyse, blodprøven blir plukka frå band og sett i kjøleskap. Deretter kan robotar hente ut prøva for nye analysar etter kvart som legen treng fleire prøvesvar.

Vidare skal det i sjukehusa bli innført digital skilting, og innsjekk og betaling via automatar. Pasientvertar skal hjelpe dei som treng hjelp med innsjekking eller hjelp til å finne fram i sjukehuset.

Les meir om styret i Hels Fonna