Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientskule på Stord sjukehus blir digital

Å ha eigne undervisningsdagar for pasientar som skal operere totalprotese i hofte og kne viste seg å vera både tidkrevjande og lite nyttig for pasientane. No har avdelinga laga digital pasientskule.

Magne Kydland
Publisert 28.09.2021
Sist oppdatert 01.03.2024
Medarbeidarar Kirurgi Stord sjukehus. (Foto)
Kvalitetsforbetring: Seksjonsleiar Marianne Hollund Espeland (t.v.), sjukepleiar Isabella Stokka Landmark og overlege Bodo Gûnther er nøgde med resultatet, og trur filmane vil gjere det mykje lettare for pasientane å få med seg all viktig informasjon.

Over halvparten av pasientane har i ettertid meldt tilbake at dei ikkje hugsar all informasjonen som vart gitt denne dagen, og at det var ein lang og slitsam dag.

Fram til no har nemleg pasientane møtt fysisk opp på Stord sjukehus på pasientskule, i forkant av operativt inngrep ved kirurgisk sengepost.  Dette har vore utfordrande på mange måtar. Dagen var bygd opp slik at pasientane først skal inn til anestesipoliklinikken for vurdering, éin og éin.

Første pasient har som oftast time tidleg på dagen, og må i etterkant vente til alle er ferdige på anestesipoliklinikken, ca klokka 12, før undervisninga startar. Det er betyr mykje venting, då både fysioterapeut, lege, anestesilege og andre til tider har det travelt og kjem for seint.

Det har og vist seg ved innlegging at pasientane ikkje har fått med seg viktig informasjon denne dagen.

- Vi har laga fire filmar, to for dei som skal operere kne, og to for hofte, og filmane er på sju-åtte minutt, fortel sjukepleiar Isabella Stokka Landmark.

Pasienten får i desse to filmane eit innblikk i kva som skal skje medan dei er på sjukehuset, alt frå førebuingar til sjølve operasjonen og tida etterpå. Det er lagt vekt på god informasjon frå fysioterapeut om trening og øvingar som skal gjerast både på sjukehuset og i tida før og etter operasjon.

Pasientskule hofte- og kneprotese

Kirurgi Stord sjukehus har utarbeida eige informasjonsmateriell til pasienter som skal få hofte- eller kneprotese. Pasientskulen gir eit innblikk i kva som skal skje medan dei er på sjukehuset, alt frå førebuingar til sjølve operasjonen og tida etterpå.

Sjå materiellet om kneprotese

Sjå materiellet om hofteprotese

Sparar tid

– Vi sette oss ned og diskuterte korleis vi kunne forbetre denne prosessen, og då kom ideen om film opp. Vi søkte Helse Vest om midlar til å effektivisere ein prosess som ikkje fungerte optimalt, og fekk midlar. Resultatet er fire filmar, som no er ferdige produserte og klare til bruk, fortel Stokka Landmark, som har leia kvalitetsforbetringsprosessen i lag med ei gruppe på seks medarbeidarar.

I tillegg til filmane, så er brosjyren «Informasjon til pasientar som skal operere totalprotese i hofte eller kne» revidert, og behandlingstekstane er gjennomgått og oppdatert.

– Først og fremst er målet at pasientane skal få best mogleg informasjon. Det har tidlegare vore svært slitsame og lange dagar med informasjon og undervisning. No kan pasientane sitje heime, saman med pårørande, og få informasjon ein kan sjå om igjen fleire gonger. Samtidig er det ressurssparande for helseføretaket og formidle informasjonen på denne måten, forklarar Stokka Landmark.

Opprettar brukarutval

Filmane ligg ute på avdelingssida, på fellesmappa til bruk for andre, og pasientane vil få lenkje til videoane i innkallingsbrevet frå sjukehuset.  Det vil bli oppretta eit brukarutval, som skal evaluere nytten av filmane.

– Pasientar som allereie har gjennomgått opplæringa slik det er no, og som er opererte skal få sjå videoen og koma med tilbakemeldingar om kor nyttig informasjonen er og kva som eventuelt er sakna i høve til fysisk informasjon. Pasientane som får informasjonen via video skal fylle ut eit evalueringsskjema. Her vil me fokusere på tilgjenge på videoen, tekniske utfordringar, nytte av informasjon og liknande, fortel Landmark.