Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kneprotese

Å få sett inn ei protese i kneet er ein stor operasjon, og det er heilt avgjerande at du yt god eigeninnsats med trening, både i forkant og etterkant av operasjon.

Operasjonen blir utført av spesialistar på kirurgisk avdeling, som har lang erfaring innan protesekirurgi. Både pleiepersonalet og fysioterapeutar er erfarne, og vil støtta deg gjennom heile prosessen.

Vår erfaring er at du blir spart for bekymringar og overraskingar dersom du på førehand veit kva som skal skje, og er godt forberedt.

Forside brosjyre. (Grafikk)
Les og ta m​​ed deg informasjonsheftet

​Vi har laga eit eige hefte som inneheld informasjon til deg som skal få ei kneprotese. Det beskriv heile forløpet frå forundersøking til etter utskriving. Vi ber om at du tek med deg dette heftet kvar gong du er i kontakt med oss, også ved innlegging.

Vi oppmodar deg om å lese dette hefte grundig, samstundes skal du også sjå video som bygger på informasjonen i dette hefte i forkant av at du kjem til samtale ved anestesipoliklinikken.

Les og last ned Pasientguide til deg som skal få kneprotese (PDF)

Sjå ​​vide​​o

I forkant av timen på anestesipoliklinikken skal du sjå to informasjons videoar. Den eine er laga for å gi deg eit innblikk i kva som ventar deg på sjukehuset. Her vil du sjå klipp frå ortopedisk poliklinikk, anestesipoliklinikken, kirurgisk sengepost, operasjonsavdelinga og intensiv avdeling.

I video to vil du få god informasjon av fysioterapeut om ulike øvingar og treningsprogram du bør gjere både før og etter operasjonen.

Du kan gjerne sjå desse videoane fleire gongar. Dersom du ikkje sjølv har tilgang til PC, er det fint om du kan få hjelp av dine pårørande.

 


 


Ta gjerne kontakt

Du er alltid velkommen til å kontakte oss, om du har spørsmål eller er i tvil om noko. Sjå baksida av hefte for kontaktinformasjon.

Vi ber om at du tek med deg dette heftet kvar gong du er i kontakt med oss, også ved innlegging.

Lykke til med førebuingane, og velkommen til oss.

Sist oppdatert 22.08.2023