Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontinuerleg forbetring i Helse Fonna

Styret i Helse Fonna fekk i dag presentert forbetringsarbeid innan psykisk helsevern. Ved oppfølging av avvik går det føre seg ei kontinuerleg forbetring i helseføretaket.

Margareth H. Langebro
Publisert 04.04.2018
Sist oppdatert 01.03.2024
Styret i Helse Fonna. (Foto)

Frå venstre på bildet: Olav Klausen (administrerande direktør), Helge Espelid (tilsettevalt styremedlem), Tove Martha Callaghan (tilsettevalt styremedlem), Aina Budal (tilsettevalt styremedlem), Olav Akselsen, Kjell Arvid Svendsen (styreleiar), Solfrid Borge, Gunnar Birkeland, Laila Stensletten, Brian Bjordal (nestleiar), Pål Osjord Midbøe (tilsettevalt styremedlem), Kristin Skorpen og Hilde Christiansen.

Kvar månad melder dei som arbeidar i sjukehusa inn avvik om uønska hendingar. Medarbeidarane i sjukehusa blir oppmoda til å melde frå om feil eller uønska hendingar. Talet på avvik aukar. Dette er både nyttig og viktig grunnlag for forbetring.

– Avviksmeldingar er ei gåvepakke til forbetring, seier seksjonsleiar Heine Hagenberg i seksjon for spesialisert behandling i klinikk for psykisk helsevern. Han presenterte i dag korleis seksjonen arbeidar med forbetring. Dei arbeidar systematisk med å finne årsaka til avviket, setje i verk tiltak, redusere risiko og fylgje opp sakene. I fjor vann seksjonen Kvalitetsprisen i Helse Fonna for prosjekt om redusert bruk av tvang.

– Styret er nøgd med det systematiske arbeidet med avvikshandtering som gir grunnlag for forbetring, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna. Han er også nøgd med at medarbeidarane melde stadig meir feil og uønska hendingar. Denne openheita er viktig for å forbetre sjukehustilboda til beste for pasientane.

HMS

Det blei i februar meldt om 173 saker som gjeld helse, miljø og tryggleik eller tilsetteskader. Dette er ei stor auke frå fjoråret og viser at meldekulturen er betra. Avviksmeldingane blir nytta viktig som grunnlag for forbetring. Talet på saker som gjeld vald og truslar er aukande og var i februar på 76. Innan psykisk helsevern har det vore fleire tilfelle med utagerande pasientar som truar personale og det har vore meldt avvik på grunn av manglande tilgang til skjermingsrom.

Ventetid

Ventetida ved Stord sjukehus har gått ned det siste halve året og ligg stabilt lågt. I februar var ventetida i snitt på 45,8 dagar. Dette er lågare enn ved dei andre sjukhusa i føretaket og er godt under kravet som er sett. I medisinsk klinikk i Haugesund var ventetida for behandla pasientar i februar på 61,5 dagar. Odda sjukehus er ein del av medisinsk klinikk, her var ventetida i februar noko lengre. Innan BUP er ventetida innan det nasjonale målkravet for både Stord og Haugesund. Det blir arbeid med konkrete tiltak for å redusere ventetida ved BUP Haugesund. Innan kirurgiske fag i Haugesund er ventetida for behandla pasientar rett i overkant av 60 dagar.

ByggHaugesund2020

Arbeidet med nytt sjukehusbygg i Haugesund går etter planen. Byggegropa vest for dagens sjukehusbygg viser kor det 18000 kvadratmeter store nybygget skal plasserast. Bygget skal innehalde både nytt akuttmottak, føde, obs-post, operasjonsstover, intensiv og nytt fullautomatisert laboratorie. Gravearbeida skal vere ferdig til desember og planen er byggestart tidleg 2019. I denne månaden vil det gå føre seg sprenging på tomta.