Til sommaren skal arbeidet med tilrettelegging av den nye sjukehustomta vere godt i gang, arbeidet med byggegrop startar på ved årskiftet.
Sjølve bygginga av ny sjukehusfløy startar om eit drygt år. Byggefasen er rekna å vere frå 2018 til 2021.
Det skal byggast ut 18000 kvadratmeter med nytt sjukehusbygg og 6000 kvadratmeter skal byggast om i dagens sjukehus.
I det nye sjukehusbygget skal det etablerast mellom anna nytt akuttmottak, nye operasjonsstover, fødeeining, intensiv og nytt laboratorium.
Det er allereie teikna inn flotte takhagar og betra uteareal.
Entreprenørane som i dag møtte til seminar fekk høyre om klare krav om kvalitet, ei absolutt kostnadsramme for prosjektet og at leverandørane må ha HMS «i ryggraden».
Sjå presentasjonen frå entreprenørseminaret (PDF 12,3 MB)
Les meir om ByggHaugesund2020