Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Bekymring for barn i alder 0-3 år

Små barn kan ha vanskar eller utviklingsforstyrringar som gjer at dei har behov for hjelp. Nokre teikn på psykiske vanskar i alder 0-3 år kan vere at barnet blir veldig stille og tilbaketrekt, gir lite kontakt eller respons, har innsovningsvanskar eller spisevanskar, er veldig uroleg, gret mykje og er vanskeleg å trøyste, eller at barnet snakkar lite og strever med å gjere seg forstått.

Det er vanskeleg å vite kva som er alvorlege symptom hos små barn. Det er også lett å tenke at vanskane vil gå over etter kvart som tida går og barnet veks. Slik er det nødvendigvis ikkje. Sjølv om barnet har tilsynelatande små symptom, kan barnet vere i risiko for skjeivutvikling og psykiske vanskar. Små barn vil vere spesielt sårbare for belastningar i familien, som for eksempel fysisk eller psykisk sjukdom eller rusmisbruk hos foreldre. Det er derfor viktig med låg terskel for bekymring.

Tilvising og vurdering

Viss du er forelder og er bekymra for eit barn i aldersgruppa 0-3 år, kan det vere lurt å søke hjelp og råd hos helsestasjon, pedagog i barnehagen eller fastlege. Du kan også kontakte kommunepsykolog, PPT eller barnevernstenesta i kommunen. Dei kan gi råd og rettleiing og kan hjelpe deg å vurdere kva som er god hjelp for barnet ditt. 

Dersom du er gravid eller er forelder til eit barn under 3 månadar og du sjølv eller din partner har eller har hatt utfordringar i knytta til psykisk helse eller rusmiddel, kan du ta direkte kontakt med Familieambualtoriet i Helse Fonna for råd og rettleiing.

Om barnet skal tilvistast til BUP for utgreiing og behandling, er det fastlegen, psykolog i kommunen og barnevernstenesta som kan tilvise. Det er tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata.

Samhandlingsforløp ved bekymring for barn 0-3 år i Helse Fonna

Utgreiing

Utgreiing av barn 0-3 år skjer ved sped- og småbarnsteama i BUP. I første samtale lagar vi ein plan for utgreiinga saman med føresette og eventuelt barnevernstenesta dersom barnet bur i fosterheim. Utgreiinga inkluderer blant anna samtalar med føresette, observasjon av barnet i barnehage og på BUP, samspillsobservasjon, utfylling av spørreskjema, legeundersøking og andre aktuelle undersøkingar. Etter at utgreiinga er gjennomført, oppsummerer vi funn og vurderer om det er grunnlag for ein diagnose og behov for behandling i BUP, eller om barnet og familien skal ha eit tilbod i kommunen.

Behandling

Behandling for små barn i BUP vil alltid involvere føresette og nokre behandlingstilbod blir også kun gitt til føresette.

Moglege behandlingstilbod kan vere:

  • Opplæring og rettleiing til føresette om det barnet strevar med
  • Samspelsrettleiing
  • Behandling av traumer
  • Barnepsykoterapi
  • Rettleiing til kommunale tenester som barnet og familien har kontakt med.

Oppfølging

Ved avslutning i BUP oppsummerer vi kontakten med føresette og kommunale instansar. BUP sender ei skriftlig tilbakemelding (epikrise) til fastlegen og den som har sendt tilvisinga til BUP. Her står om det er behov for oppfølging i kommunen og kva eit slikt tilbod bør innehalde. 

Små barn er i stadig utvikling. Sjølv om behandlinga i BUP blir avslutta, kan det vere aktuelt med ny tilvising på eit seinare tidspunkt. Vanskane kan endre seg eller bli tydelegare når barnet blir eldre. I oppsummering frå BUP står kva som kan vere grunn til ny tilvising til BUP.

Kontakt

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    BUP Stord

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10

    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.

    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.