Første modul i behandlingsprogrammet for panikkliding (pdf)Panikkanfall kan ein ha ved ei rekkje ulike psykiske tilstandar, ikkje berre ved panikkliding (til dømes som reaksjon på å oppdage ein edderkopp på handa for ein person som har edderkoppfobi).
Panikkliding vert kjenneteikna av at ein har plutselege og uventa panikkanfall i ulike situasjonar og ikkje berre i situasjonar der ein forventar å vere engsteleg.
Anfalla fører med seg betydeleg og vedvarande redsle for å få nye anfall, konsekvensane av anfalla (til dømes at ein skal miste kontrollen, få hjarteinfarkt, bli gal), eller ei betydeleg endring i kva ein kan gjere som følgje av anfalla (t.d. unngår stadar, forsikrar seg om at ein ikkje går aleine).
eMeistring si behandling for panikkliding bygger på boka «Ingen panik: Fri från panik- och ångestattacker i 10 steg med kognitiv beteendeterapi» av Per Carlbring og Åsa Hanell.
Slik foregår eMeistringsbehandlinga for panikkliding - trinn for trinn