Behandlinga i eMeistring er modulbasert og varer opp til 14 veker. Kvar veke får du oppfølging frå ein behandlar via internett som rettleiar deg i behandlinga. Ein viktig del av behandlinga er å systematisk utsetje seg for situasjonar som fører til angst og å arbeide systematisk med korleis ein tolkar og forstår slike situasjonar.
eMestring-behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Du lurer sikkert på om det er mogeleg å bli kvitt panikklidelse berre ved å lese ein tekst. Programmet er prøvd ut i Noreg og Sverige med svært gode resultat. Og betringa varer over tid. Etter avslutta behandling har deltakarar blitt følgt opp i inntil to år, og dei gode resultata held seg fortsatt!
Ein av grunnane til at effekten varer så lenge, er at dette er eit program som er basert på læring og øvingar. Når vi har lært oss noko, blir det ein naturleg del av reaksjonane våre, og vi bærer lærdommen med oss og kan bruke den også etter at behandlinga er avslutta. Det er vårt håp at du også vil lære ny kunnskap og nye ferdigheter ved å delta i eMestring.no for panikkliding – kunnskap og ferdigheter som du vil ha nytte av resten av livet. Det finnes naturligvis ikkje nokon garanti for at du aldri vil få eit panikkanfall igjen, men på bakgrunn av dei gode resultata frå tidlegare undersøkingar, synes vi likevel at du bør gi programmet en sjanse.
For å oppnå resultat av behandlinga er det altså ikkje nok å berre lese teksten i modulane. Det er mengda tid og krefter du legg i arbeidet med programmet som har mest å seie for kor vellukka behandlinga blir. Det er viktig at du verkeleg investerer tid og krefter i øvingane, og at du øver jevnt og trutt. Jo meir tid du bruker på eMestring.no, desto større utbytte får du av programmet. Dette krev naturligvis at du er motivert.
Kva er panikkliding?
Panikkliding er ein tilstand der ein gjentekne gonger får panikkanfall som er kjenneteikna av fleire av dei følgjande symptoma; hjartebank, kjenna seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme / uroleg mage.
Sjå nokre av tilbakemeldingane vi har fått frå tidligare brukarar:
- «Eg er ikkje lenger så redd symptoma som kommer med angsten»
- «Eg forstår angsten, og er ikkje lenger så redd den»
- «Eg har blitt mindre redd for panikkangsten»
- «Eg har lært at dette er "normale" reaksjonar for menneske. At eg ikkje er aleine om å ha angstproblem»
- «Programmet beskriver følelsane eg har ved et panikkanfall, og forklarer korleis eg skal forholde meg til det»
- «Eg har fått tillit til teknikkar som hjelper meg å mestre angsten»
- «Eg tenker at eg skal klare å takle situasjonar som før syntes umulige»
- «Eg trivast i mitt eige selskap åleine heime. Drar stader eg ikkje ville gjort før»
- «Eg har lært å puste med magen! No køyrer eg bil!»