Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Spesialisert behandling-bygget. (Foto)

Psykisk helsevern Haugesund

Spesialisert behandling innan psykisk helsevern held til ved Haugesund sjukehus. Seksjonen utgjer saman med Valen sjukehus det spesialiserte sjukehustilbodet innan psykisk helsevern for den vaksne befolkninga i vår region.

Pålogging pasientar - Checkware

Brukerveiledning Checkware

Video: Pasientpålogging med Bank-ID

Video: Pasientpålogging uten Bank-ID

Klinikk for psykisk helsevern har funksjonsfordelt det spesialiserte sjukehustilbodet innan psykisk helsevern for den vaksne befolkninga  til henhaldsvis  Seksjon for spesialisert behandling, Valen og Seksjon for spesialisert behandling, Haugesund. Dette betyr at begge seksjonane har  ulike tilbod som gjeld vaksne over 18 år og eldre i heile Helse-Fonna regionen. Unntaket er at begge seksjonane har kvar sin Akuttpost med lokalt opptaksområde (Valen for befolkninga i Sunnhordland/Kvinnherad/Hardanger og Haugesund for befolkninga på Haugalandet).


Psykiske lidingar rammer frå tid til annan nesten alle familiar.  Vi har som mål å kome tidleg til med eit heilhetleg individuelt tilpassa behandlingsforløp for deg og vi bruker oppdatert og forskningsbasert kunnskap i behandlingstilbodet.


Vi ønskjer å gi deg sjansen til å leva eit best mogleg liv, med deltaking, sjølvstende og evne til å meistre kvardagen. Saman med deg lagar vi ei individuell tilpassa behandlingsplan for å oppnå det.

Besøk kan avtalast med aktuell døgnpost.


Avbestilling av polikliniske timar må gjerast innan 24 timar før timeavtalen, elles påløp det gebyr på kr. 374.

Sjølv om Akuttposten er ein lukka post, ønsker vi at pasientane våre skal oppleve den som om den er ein open post. Hjelpa vår til deg skal ytast med respekt for din integritet og dine behov. Vi skal ta godt vare på deg i ein særleg sårbar periode.

Vi har 9 døgnplassar til akuttpsykiatri.

Opptaksområdet vårt er kommunane Haugesund, Utsira, Sveio, Karmøy, Bokn, Tysvær, Vindafjord, Sauda og Suldal. Vi samarbeidar tett med Haugaland og Karmøy DPS, samt andre instansar som er viktig for deg som pasient.


Akuttbehandlingstilbodet er for vaksne personar som har behov for øyeblikkeleg psykiatrisk hjelp på sentralsjukehusnivå ved ein lukka sengepost. Vi gir kortidsbehandling til personar med psykotske tilstander, alvorlege affektive lidingar, alvorlege personlighetsforstyrringar, akutt sjølvmordstruande pasientar, samt  for personar med samansatte tilstandsbilder.


I dei fleste tilfella vil pasienten bli tilvist frå fastlege, legevakt eller DPS og AAT til øyeblikkleg hjelp.


Akuttposten tilstreber mest mogleg frivillig behandling, men enkelte gonger er det behov for å bruka tvang. Alle pasientar som vert innlagt  på tvang eller vert utsett for tvangstiltak, får tilbod om å snakke med, og kan klage til Kontrollkommisjonen.


Opphaldet ved Akuttposten er normalt av kort varighet, men det varierar ut frå pasienten sin tilstand. I løpet av opphaldet vil behandlar saman med pasienten planlegge vidare forløp, som kan vere overføring til kommunehelsetenesta, DPS døgnpost, poliklinisk oppfølging eller overføring til langtidspost.


Mange foreldre/føresette som har ei psykisk liding eller eit rusproblem er bekymra for borna sine. Alle  vaksne pasientar  hos oss skal difor gjennomgå barnekartlegging og det gis tilbod om familiesamtale – om og med born. Vi har utpekte  barneansvarlege hos oss.


Kontakt oss

Telefon Funksjonsleiar: 53 73 27 51.  Telefon  til Akuttposten: 52 73 27 50.


Besøk

Pasientbesøk bør avtalast på førehand.

Nokon kan grue seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Hjelpa vår til deg skal ytast med respekt for din integritet og dine behov. Vi skal ta godt vare på deg i ein særleg sårbar periode.

 

Avrusningsposten har eit døgntilbod med 5 ordinære avrusningsplassar og 2 akuttplassar som rettar seg mot både kvinnlege og mannlege pasientar som er i eit behandlingsopplegg innan tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). Posten har hile Helse-Fonna som opptaksområde.


Avrusningsbehandling er til pasientar over 18 år som treng tett medisinsk oppfølging. Målgruppa er pasientar som allereie står i eit behandlingsforløp og som høyrer inn under posten si målgruppe:


  • Avgifting/avrusning i forkant av institusjonsbehandling
  • Oppstart LAR
  • Medikamentell omstilling av LAR pasientar
  • Avgiftning/avrusning under behandling i LAR
  • Nedtrapping og avgiftning/avrusning av pasientar som er i eit poliklinisk behandlingsforløp innan TSB

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp, vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet skal vere avklart før du kjem til oss.  Lengda på opphaldet hos oss vil variera ut frå kva rusmidler du har brukt og i kva mengder, men vanlegvis 1-3 veker. Alle pasientar får sitt eige rom med TV.

 

Avrusning på institusjon inneber medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome igjennom avrusnings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengighet. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

 

Du får først time til forvernssamtale med lege og sjukepleiar. I denne samtalen går ein igjennom aktuell rusmiddelbruk og din motivasjon, slik at me kan planleggje best mogleg behandling for deg.   Du vil og her få informasjon om posten og om behandlinga, samt kva aktivitetar vi har hos oss. Her kan du og stille dei spørsmåla du måtte ha.


Ved innlegging bør du ha med deg

  • Kle til dagleg bruk

  • Sko og klede til tur og aktivitet

  • Toalettsaker

Under opphaldet oppmodar vi deg om å halde kontakt med familie og andre nærståande. Besøk blir avtalt med posten på førehand. 


Alderspsykiatrisk poliklinikk er tilbod til deg med psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. I poliklinikken møter du som ikkje treng innlegging, medan du som på døgnposten og ligg inne på sjukehuset.  

Les meir om avdelinga


Liason.jpg

Konsultasjon/ Liaison team er organisert under Seksjon spesialisert behandling Haugesund og  skjer inn mot somatiske avdelingar som har ansvar for utgreiing, behandling og /eller oppfølging av somatisk sjuke vaksne.


Betegnelsen « Konsultasjon/Liaison» kjem frå det latinske begrep konsulere som betyr å rådspørrje, og ligare som betyr å samanbinde. Med andre ord betyr dette at me tilbyr psykiatrisk/rus tilsyn av pasienter innlagd ved somatiske avdelingar ved Haugesund sjukehus.


Me tilbyr og støttesamtalar og kan i enkelte tilfelle følgje opp pasientar over kort tid, og etter utskriving. Undervisning og rettleiing av personell i somatikken vert tilbydd etter avtale. Teamet gir og akutte tilsyn og hjelp til å henvisa pasientar til oppfølgande instans utanfor sjukehuset.


Henvendingar om tilsyn går primært til Liaison teamet direkte. Målsetting er å sikre at henvendingar / tilvisningar frå somatiske avdelingar ved Haugesund sjukehus med ønsker om gjennomføring av psykiatrisk tilsyn, suicidalitetsvurdering og rustilsyn eller anna, blir tatt i mot, prioritert og handtert på ein fagleg forsvarleg måte.


Liaison kan omfatte

  • Konsultasjonsarbeid i form av direkte og /eller indirekte vurdering av pasient.
  • Intervensjon i forhold til helseskadeleg bruk av alkohol/rus.

Aktuelle pasienter for Liaison-team

  • Pasientar med skadeleg/overforbruk av alkohol/ rus / medisiner som kan auke risikoen for alvorlege sjukdommer
  • Alvorleg og/eller kronisk somatisk sjukdom
  • Medfødt misdannelse eller fysisk funksjonshemming som krev hyppige innleggingar

Og ved mistanke om:

  • manglande mestringsoppleving
  • akutte krisereaksjonar
  • tilpasningsforstyrring
  • PTSD og emosjonelle forstyrringar
  • angst, fobi
  • depresjon
  • tvang 
  • alvorleg og/eller kronisk somatisk sjukdom

Vi fokuserer på samanhengen mellom kropp, følelsar, tankar og atferd.


Sjå også

Alkohol og helse

Nevropsykologisk eining gjennomfører nevropsykologiske utgreiingar av barn og vaksne.


Les meir om Nevropsykologi

Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemmede (PPU) er et spesialteam for utredning og behandling av psykiske lidelser hos voksne med utviklingshemming eller omfattende generelle lærevansker. PPU har også en funksjon for personer med autismespektrumlidelse. PPU har som primær arbeidsoppgave å gi en helhetlig utredning, og behandling, av psykiske lidelser ved disse diagnosegruppene. 


Poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemmede er et ambulerende team, det betyr at vi i tillegg til ordinær poliklinisk kontakt yter tjenester/behandling der pasienten bor. PPU sitt tilbud gjelder for hele Helse Fonna sitt opptaksområde.


Les meir om Psykisk helsevern for utviklingshemmede


Elektrokonvulsiv terapi (også kalt ECT) er ei etablert behandling som vert tilbydd ved alvorlege psykiske lidingar. Effekten er dokumentert for alvorlege depresjonar, men og for andre psykiske lidingar som mani og nokre former for schizofreni.


Ved alvorleg depresjon som kan vere prega av næringsvegring, sjølvmordsfare og vrangforestilling, kan ECT vere aktuelt. Dette gjelder og depresjonar ved høg alder. ECT vert og benytta ved alvorleg svangerskapsdepresjon/psykose.


Elektrokonvulsiv behandling vert brukt fordi den virkar raskt og er effektiv når behandling med legemidlar ikkje har vært tilstrekkeleg, eller der behandling med medikamenter ikkje er anbefalt (for eksempel på grunn av bivirkningar).


Vi gir denne behandlinga ved Seksjon for spesialisert behandling i Haugesund og ved Stord DPS.


Behandling med ECT

Før

Behandlinga krev nokre forberedingar og undersøkelser som kan gjerast poliklinisk, eller mens du er innlagd på sjukehuset.  Sjukehuset legg vekt på grundig informasjon om ECT som ein viktig del av forberedingane, gjerne saman med pårørande. Behandlinga er frivilleg og du må gje eit skriftleg samtykke til at behandlinga gjennomføres.  Du må faste før du skal til behandling. 


Under

Sjølve behandlinga varer i nokre minuttar, og skjer ved at me utløyser eit kontrollert epileptisk anfall ved hjelp av elektrisitet påført mot hovudet ditt. Behandlinga skjer i narkose og vert utført av lege og sjukepleiar under trygge forhold. Du blir fulgt av helsepersonell før, under og etter behandlinga, som vanlegvis skjer om morgonen.


Etter

Dei fleste pasientar ønskjer å sove eit par timar etter at dei har fått ECT-behandling. Dette vil du få utfyllande informasjon om undervegs.
Etter endt behandling, som ofte består av i alt 9-12 behandlingar, vert det planlagd vedlikeholdsbehandling og forebyggande tiltak for å hindre at du får tilbakefall av symptomer. Vedlikeholdsbehandlinga kan bestå av samtaleterapi, medikamentell behandling, og/eller vedlikeholdsbehandling med ECT.








Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Forløpskoordinator: 476 59 934

Postadresse

Postboks 2052, 5504 Haugesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad




En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund