Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevropsykologi

Nevropsykologisk eining gjennomfører nevropsykologiske utgreiingar av barn og vaksne.

Nevropsykologiske undersøkingar går ut på at vi gjennom å snakke saman og løyse ulike oppgåver undersøker korleis hjernen din arbeider.

Samtale

Første gong du kjem til oss snakkar vi om kvifor du er tilvist til oss og kva undersøkinga går ut på. Vi spør mange spørsmål om korleis du var då du var liten og korleis du har det nå.

Det er vanleg at både du og dine føresette er med når vi snakkar. Det kan også vere at vi ønskjer å snakke med andre som kjenner deg godt, som skulen, PPT eller BUP, men då spør vi dine føresette om lov til å gjere det først.

Rettar i psykisk helsevern for deg under 16 år

Testing

Dei aller fleste barn som kjem til oss tek også nokre testar. Då jobbar du saman med ein vaksen som forklarer deg kva du skal gjere.

Nokre barn synest at testane likner litt på ting som dei gjer på skolen. Testane seier noko om korleis du lærer, husker og konsentrerer deg, snakkar og forstår språk, kor godt hendene dine klarer å gjere ting og korleis du er saman med andre.

Oppgåvene kan vere munnlege, skriftlige eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan kanskje bli trøtt etterpå.

Tilbakemelding og oppfølging

Etter at undersøkinga er ferdig avtaler vi eit møte med dine føresette. På dette møtet snakkar vi om korleis du løyste oppgåvene og korleis vi kan bruke resultata for å hjelpe deg med ting som er vanskeleg.

Dei eldste barna er som regel sjølv med på dette møtet.

Nokre gonger har vi også møter saman med skolen din, PPT eller BUP. Vi snakkar då om du for eksempel treng meir hjelp på skulen eller om det er naudsynt med fleire undersøkingar.

Til slutt skriv vi eit brev til den som har tilvist deg og fastlegen din om kva vi har funne og kva vi har avtalt vidare.

Hugseliste for deg som skal til oss

  • Ta med ferdig utfylte skjema om du fekk tilsendt nokon på førehand
  • Møt utkvilt til testinga, unngå medisinendringar dagane før
  • Ta med briller eller høyreapparat om du bruker det
  • Ta med medisinliste
  • Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller pengar til å kjøpe mat i kantina, då testinga tek nokre timar
  • Husk å skru av mobilen under testinga

Unntak frå teieplikta

I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unntak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfelle der det er uro for barn sin omsorgssituasjon eller sikkerheit.

Slik finn du fram til oss

Vi held til på Haugesund sjukehus. Bruk inngangen frå Breidablikgata (Inngang A), nord for hovudinngangen til sjukehuset.

Vi hentar deg i resepsjonen når det er din tur, men meld deg gjerne i luka så veit vi at du er der.

Vår resepsjon har telefonnummer 52 73 27 00 og er open frå klokka 8.00-15.30.

Tilvising

Tilvising via BUP Haugesund eller BUP Stord. Spesifiser at de ønskjer ei nevropsykologisk utredning.

Nevropsykologisk utgreiing er ein omfattande vurdering der vi gjennom samtalar, observasjonar og testing finn ut av korleis hjernen fungerer når den arbeider.

Samtale

Første gong du kjem, har vi ein samtale om kvifor du er tilvist til oss og kva undersøkinga går ut på. Vi spør om din noverande og tidlegare funksjon på mange forskjellige områder, frå du blei fødd og fram til i dag.

Vi er interessert i dine styrker og svakheiter, og aktuelle problem. Nokon gonger har vi samtale med deg, andre gonger saman med deg og dine føresette.

Det kan også vere at vi ønskjer å snakke med andre som kjenner deg godt, som dei på skulen, PPT eller BUP, men då spør vi om samtykke frå deg eller dine føresette først.

Rettigheter i psykisk helsevern for deg mellom 16 og 18 år 

Nevropsykologisk test (Foto)
Testing

De aller fleste ungdommar tek også nokre testar. Testinga utførast av ein testteknikar eller ein nevropsykolog og fordelast som regel over to dagar.

Testane seier blant anna noko om korleis du lærer, hugsar og konsentrerer deg, snakkar og forstår språk, korleis du planlegg og organiserer, kor godt hendene dine klarer å gjere ting og korleis du er saman med andre.

Oppgåvene kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan kanskje bli trøtt etterpå. 

Tilbakemelding og oppfølging

Etter utgreiinga kallar vi inn deg til en tilbakemeldingssamtale der vi går gjennom resultata.

Nokre gonger har vi også møter saman med andre instansar.

Behov for vidare oppfølging blir drøfta, som skule/arbeidsplass, eller om du trenger tilvising til andre undersøkingar eller til behandling hos psykolog, fysioterapeut, logoped eller andre.

Når utgreiinga er ferdig sendast ein nevropsykologisk testrapport (epikrise) til tilvisar og fastlege, og eventuelt til andre instansar om det er avtalt.

Hugseliste for deg som skal til oss

  • Fekk du tilsendt skjema på førehand, fyll dei ut og ta med deg
  • Møt utkvilt til testinga, unngå medisinendringar eller rusmiddel dagane før
  • Ta med briller eller høyreapparat om du bruker det
  • Ta med medisinliste
  • Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller penger til å kjøpe mat i  kantina, då testinga tek nokre timar
  • Hugs å skru av mobilen under testinga

Tidsbruk

 Vanleg utgreiing

  • Første samtale: 1-2 timar
  • Testing: Vanlegvis mellom 6-10 timar fordelt over to dagar
  • Tilbakemeldingssamtale: 1-2 timar

Førarkortvurdering

  • Samtale og testing: 4 timar
  • Tilbakemeldingssamtale: 1 time

Unntak frå teieplikta

I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unntak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfelle der det er uro for barn sin omsorgssituasjon eller sikkerheit, samt der helsekrav til førerkort ikkje er oppfylt.

Slik finn du fram til oss

Vi held til på Haugesund sjukehus. Bruk inngangen frå Breidablikgata (Inngang A), nord for hovudinngangen til sjukehuset.

Vi hentar deg i resepsjonen når det er din tur, men meld deg gjerne i luka så veit vi at du er der.

Vår resepsjon har telefonnummer 52 73 27 00 og er open frå klokka 8.00-15.30.

Tilvising

Tilvising via BUP Haugesund eller BUP Stord. Spesifiser at de ønskjer ei nevropsykologisk utredning.

Nevropsykologisk utgreiing er ei omfattande vurdering der vi gjennom samtalar, observasjon og testing kartlegg ulike ferdigheiter og hjernefunksjonar.

Samtale

Første gong du kjem har vi ein samtale om kvifor du er tilvist og kva undersøkinga går ut på. Vi innhenter informasjon om din noverande og tidlegare funksjon, mellom anna gjennom ein utviklingshistorie frå barneår til i dag. Vi er interessert i dine styrker og svakheiter, og aktuelle problem.

Nokre gonger henter vi også informasjon frå pårørande eller andre instansar, men ikkje utan at du har gitt samtykke til det.

Nevropsykologisk test (Foto)
Testing

Som regel blir det gjennomført testing. Testinga blir utført av testteknikar eller psykolog og blir vanlegvis fordelt over to dagar.

Testane kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske, og seier noko om evnenivå, hukommelse, merksemd og konsentrasjon, språk, visuell funksjon, planlegging og organiseringsevne, motorisk og sensoriske ferdigheiter, og adferdsmessig, sosial og emosjonell fungering.

Ingen av testane gjer vondt, men du kan bli trøytt etterpå.

Tilbakemelding og oppfølging

Etter at utgreiinga er ferdig kallar vi deg inn til ein tilbakemeldingssamtale der vi går gjennom resultata.

Nokre gonger har vi også møter saman med andre instansar. Det vil bli drøfta om du treng vidare oppfølging på skole eller arbeidsplass, eller om du treng tilvising til andre undersøkingar eller til behandling hos for eksempel psykolog, fysioterapeut, logoped eller andre.

I etterkant sender vi ein nevropsykologisk testrapport (epikrise) til tilvisar og fastlege, eventuelt til andre instansar om det er avtalt.

Hugseliste for deg som skal til oss

  • Ta med ferdig utfylte skjema om du fekk tilsendt dette på førehand
  • Møt utkvilt til testinga, unngå medisinendringar eller rusmiddel dagane før
  • Ta med briller eller høyreapparat om du brukar det
  • Ta med medisinliste
  • Det kan vere lurt å ha med matpakke og drikke, eller penger til å kjøpe mat i kantina, då testinga tar nokre timar
  • Hugs å skru av mobilen under testinga.

Tidsbruk

Vanleg utgreiing

  • Første samtale: 1-2 timar
  • Testing: Vanlegvis 6-10 timar fordelt over to dagar
  • Tilbakemeldingssamtale: 1-2 timar

Førarkortvurdering

  • Samtale og testing: 4 timar
  • Tilbakemeldingssamtale: 1 time

Unnatak frå teieplikta

I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unnatak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfelle der det er uro for barn sin omsorgssituasjon eller sikkerheit, samt der helsekrav til førarkort ikkje er oppfylt.

Slik finn du fram til oss

Vi held til på Haugesund sjukehus. Bruk inngangen frå Breidablikgata (Inngang A), nord for hovudinngangen til sjukehuset.

Vi hentar deg i resepsjonen når det er din tur, men meld deg gjerne i luka så veit vi at du er der.

Vår resepsjon har telefonnummer 52 73 27 00 og er open frå klokka 8.00-15.30.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Forløpskoordinator: 476 59 934

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen.
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund