Trivs som sjukepleiar i Bemanningssenteret

Ho var skeptisk til jobben i Bemanningssenteret og trudde ho ville angre på å takke ja. No ville ikkje Elise Hereid Rasmussen hatt det annleis.

– Eg trivs veldig godt i jobben. No har eg fast heiltidsstilling, jobbar på kjente avdelingar og har tett og god dialog med leiaren min i Bemanningssenteret. Eg får gi innspel til turnusen min og føler eg kan påverke arbeidet mitt i stor grad.

Det er langt frå det ho såg føre seg før ho starta.

– Eg syns faktisk det virka skummelt. Eg grudde meg og var redd for at det ikkje skulle gå særleg bra.

Fleksibel og trygg

Ho smiler medan ho fortel om starten som sjukepleiar i Bemanningssenteret. Det er tydeleg at det ikkje er noko frykt igjen. Elise har no jobba i Bemanningssenteret sidan november i fjor, og er glad ho tok sjansen.

– Eg jobbar etter det som blir kalla ny ordning i Bemanningssenteret. Det vil seie at eg har hovuddelen av stillinga mi ved éi avdeling, her på hemato/endo. Dei siste 25 prosent av stillinga tar eg vakter ved avdelingar eg er kjent på: Medisinsk poliklinikk og nevro/slag. 

Det er Beate Sirnes Lyngstad i Bemanningssenteret som er leiaren hennar, og saman lagar dei turnusen.

– Det er ein kjempefordel at Beate har så lang erfaring frå sengepost. Ho kjenner godt korleis arbeidskvardagen fungerer og det er lett å ha eit godt samarbeid om jobben min, seier Elise.

Ho trur jobb i Bemanningssenteret passar best for deg som er fleksibel og trivs med å bli kjent med nye kolleger.

Elise Bemanningssenter - nett_2.jpg 

Kjekt å lære nye ting

– Eg var redd eg skulle føle eg ikkje høyrte til nokon stad, men slik er det ikkje blitt. Eg har gitt tydeleg ønske om å ikkje ha for mange avdelingar å rotere mellom i dei 25 prosenta, og det har eg blitt høyrt på. Vi prøver også å samle opp litt vakter, slik at eg kan vere samanhengane på ein av dei andre avdelingane over nokre dagar. Det gir kontinuitet og tryggleik for meg.

Ho har tidlegare jobba på hemato/endo i fleire år. Møtet med andre avdelingar var nytt og spennande.

– Det har vore ein stor fordel å komme inn i andre avdelingar og sjå korleis dei jobbar. Eg får lære nye prosedyrar og eg får mykje betre forståing for deira arbeidskvardag. Før kunne eg kanskje bli irritert viss vi på hemato/endo fekk nei frå medisinsk poliklinikk når vi ba om hjelp til med ein blodtransfusjon. No har eg både forståing for at dei faktisk har det veldig travelt og eg har lært meg transfusjonar sjølv. Det er veldig kjekt å kunne lære vidare ting eg har fått erfaring med frå dei andre avdelingane, seier ho.