To nye medarbeidarar har fått påvist Covid-19

Det er no fem smitta medarbeidarar på Haugesund sjukehus og éin på Stord sjukehus.

Fredag kveld kom det melding om at ein medarbeidar på Stord sjukehus har fått påvist Covid-19. Dette medfører at sju medarbeidarar og fem pasientar er i karantene og blir testa.

- To av pasientane ligg framleis inne, medan tre var utskrivne og har blitt varsla, opplyser klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim. Drifta ved sjukehuset går som normalt.

I Haugesund har enda ein medarbeidar testa positivt på Covid-19, men dette får ingen konsekvensar for drifta, og ingen fleire må i karantene. Dermed er totalt fem medarbeidarar ved Haugesund sjukehus smitta, og 12 pasientar og 15 medarbeidarar er i karantene.

Det er for tida éin pasient innlagd med smitte i Helse Fonna. Vedkomande kom inn fredag kveld og ligg på Haugesund sjukehus. Totalt er 45 medarbeidarar i koronarelatert fråvære.

- Som meldt tidlegare i veka, så oppmodar vi pårørande om minst mogeleg besøk i den situasjonen vi no er i, seier adm. dir Olav Klausen i Helse Fonna.


Fann du det du leita etter?